Infrastruktur og veg

Organisasjonskart, litt om kva avdelinga og seksjonane gjer og kontaktinfo for leiarane.

Organisasjonskart over avdelinga infrastruktur og veg

Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremjar regional utvikling. For å nå dette skal vi:

  • Gjennomføre vedtekne fylkesvegprosjekt frå planlegging og utgreiing, til bygging av veg.
  • Drifte vegnettet slik at vegen er open og trygg å ferdast på, t.d. når det kjem snø eller om det går ras.
  • Halde vegen i stand med utbetringar som dekkelegging, skifting av rekkverk og anna vedlikehald.
  • Ha ein beredskap som trygger folk og veg når det skjer uønskte hendingar på fylkesvegnettet.
  • Tilrå og samordne tiltak for å fremje trafikktrygging i fylket, både med fysiske trafikktryggingstiltak og aktivitetar, og å hjelpe kommunane med dette.
  • Utarbeide overordna planar for fylkesveg, og gje innspel til nasjonale transportplanar.
  • Redusere klimagassutsleppa i omstillinga mot eit lågutsleppssamfunn og tilpasse infrastrukturen til eit endra klima med meir nedbør.

I dette arbeidet utnyttar vi  kompetansen i avdelinga til å søke effektive og berekraftige løysingar til beste for samfunnet rundt oss.

Avdelinga er leia av direktør Dina Lefdal. 

Oversikt og kontaktinfo til dei tilsette i avdelinga.

Avdelinga har tre seksjonar i tillegg til stab:

Seksjonsleiar: Eivind Yttri - tlf: 90830854

Seksjonen har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, planleggje og å følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar.

Seksjonen har eit beredskapsansvar med vaktordning, der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller å rydde og opne vegar som er stengde grunna uvêr, skred eller flaum.

Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vedlikehald er oppgåvene mellom anna tinging og oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald og tunneloppgradering.

Det er eit mål å syte for best mogleg og trygg framkomst på fylkesvegane. For å nå dette er det viktig med eit godt samspel mellom vedlikehald, drift og beredskap.

Seksjonsleiar: John Martin Jacobsen  tlf: 97142274

Eit overordna mål for seksjonen er å jobbe for eit trafikksikkert fylkesvegnett. Seksjonen vegforvaltning har eit breitt ansvarsområde innan forvaltning av fylkesvegane i Vestland fylke.

Søknadar om avkøyrsler, dispensasjonar frå byggjegrenser og  grave- og framføringsløyver er blant forvaltingsoppgåvene på fylkesvegnettet vi har ansvar for. Seksjonen har også ansvar for vegfaglege vurderingar av arealplanar, samt analysar og grunnlag for politiske prioriteringar av midlar og utbyggingsprosjekt på fylkesveg.

Koordinering av arbeidet med Regional transportplan (RTP), faglege bidrag til nasjonale planar som Nasjonal transportplan (NTP) og utgreiing av bompenge-pakkar ligg og til oss.

Vi har eit særskilt ansvar for trafikksikringsfaglege vurderingar og skal følgje opp uro-meldingar frå publikum. Vi førebur saker, koordinerer og følgjer opp trafikktryggingsutvalet i Vestland.

Hos Geodata finn du kartforvaltning og ansvaret for geografiske informasjonssystem (GIS), samt utvikling, kvalitetssikring, tilgjengeleggjering og vedlikehald av fylkesvegdata i Nasjonal vegdatabank (NVDB).

Seksjonsleiar: Gunhild Beate Vangsnes tlf: 95088609.

Seksjonen har ansvar for å planlegge og bygge investeringsprosjekt, blant anna ny veg, gang og sykkelveger, tunnelar og bruer. 

Oppgåvene er å utarbeide reguleringsplanar, byggeplanar, utføre grunnerverv, geologiske og geotekniske undersøkingar og vere byggherre i gjennomføringsfasen. Målet er å levere i samsvar med politiske føringar og gitte rammer.

Samtidig jobbar vi med å ta i bruk ny teknologi, nye kontrakts- og samarbeidsformer. Dette er i tråd med Vestland fylkeskommune sin visjonen om å vere nytenkande og berekraftig.

 

Stabsleiar: Einar Kvam  tlf: 97536996

Staben si hovudoppgåve er strategi og styring av infrastruktur og veg. I dette ligg og budsjettstyring og økonomioppfølging. Staben har unik tverrfagleg kompetanse, og er med allereie i oppstart eller planlegging av prosjekt. Staben leverer teneste på offentlege innkjøp og jus, økonomi, HR, HMS, fellestenester og kommunikasjon til avdelinga i alle ledd.