Organisasjon og økonomi

Avdelinga skal levere gode fellestenester innan HR, økonomi, innkjøp, eigedom, politisk sekretariat, juridiske tenester og kommunikasjon.

organisasjonskart

Avdelinga har fem seksjonar som dekker ulike fagområde. Du kan lese meir om dei ved å opne felta under. 

Avdelingsdirektør er Ingrid Holm Svendsen.

Juridisk har ansvar for å følgje opp fylkeskommunen sin eigarskap i ulike typar selskap, inkludert utarbeiding av ei årleg eigarskapsmelding.

Seksjonen førebur også saker om val til eksterne organ, m.a. selskap, råd og stiftingar.

I tillegg yter seksjonen juridisk støtte til alle einingane i fylkeskommunen i ulike typar saker og held oversikt over rettstvistar fylkeskommunen til ei kvar tid er involvert i.

Sekretariatet for varslingsutvalet ligg til seksjonen.

Politisk sekretariat har ansvar for førebuing, gjennomføring og oppfølging av møte i folkevalde organ. Sekretariatet har også ansvar for å førebu og ivareta fylkeskommunen sine oppgåver ved gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval.

Bertil Søfteland er leiar for seksjonen.

Seksjonen økonomi arbeider med budsjett og rekneskap. Dei har ansvar for å behandle økonomisaker til politiske organ.

Rekneskapsføring og utarbeiding av fylkeskommunen sin rekneskap er ei sentral arbeidsoppgåve.

Rapportering av den økonomiske situasjonen gjennom året ligg også til
seksjonen sitt ansvarsområde. Andre arbeidsoppgåver er likviditetsstyring og finansiering av investeringar gjennom låneopptak. Seksjonen står også for forvaltinga av fylkeskommunen si konsesjonskraft.

Nils Vetlesand er leiar for seksjonen.

HR-seksjonen er ein strategisk partnar for den administrative leiinga i fylkeskommunen, og bidreg til å utvikle engasjerte medarbeidarar og ein framtidsretta kunnskapsorganisasjon.

HR skal syte for at Vestland fylkeskommune er ein profesjonell og attraktiv arbeidsgjevar. Seksjonen har utstrekt samarbeid med fylkeshovudverneombodet og dei hovudtillitsvalde. HR har oppgåver innan personalforvaltning, HMS og kvalitetsarbeid, løn og kompetanse-, organisasjons- og leiarutvikling.

Hilde Withammer er leiar for seksjonen.

Kommunikasjonsseksjonen har ansvar for drift og innhald på Vestland fylkeskommune sine digitale flater og kanalar.

Målgruppa er folkevalde, kommunetilsette, brukarane av tenestene våre og innbyggjarar generelt. Ei viktig oppgåve er å formidle vedtak frå dei politiske møta.

Kommunikasjonsseksjonen har òg ansvar for intern kommunikasjon og legg til rette for bruk av nye digitale kommunikasjonsflater. Tilsette ved seksjonen hjelper  avdelingane i deira arbeid på nettsidene, med kampanjar eller merksemd i sosiale media.

Alt arbeid knytt til bruk av den grafiske profilen ligg til seksjonen.

Hilde Joranger Mæland er leiar for seksjonen.

Innkjøpsseksjonen har ansvar for å leggje til rette for gode innkjøpsprosessar og sikre godt samarbeid mellom dei ulike innkjøpsmiljøa i Vestland fylkeskommune.

Innkjøpsseksjonen skal syte for at styringssystem for Kvalitet og HMS er oppdatert med godkjente prosedyrar og malar for konkurransegjennomføring og for handtering av bestillingar og faktura.

Alle kjøp er underlagt offentleg lov- og regelverk samt interne fylkeskommunale retningsliner og skal gjennomførast ved hjelp av gjeldande innkjøps- og konkurransestyringsverktøy.

Miljø og berekraft, samfunnsansvar, lønns- og arbeidsvilkår, innovasjon, integritet, kostnadseffektivitet, kontraktsoppfølging og leverandørutvikling er viktige omsyn i arbeidet med innkjøp til Vestland fylkeskommune. 

Trond Amundsen er leiar for seksjonen.