Leig lokale i Vestlandshuset til arrangement
Du kan leige den store fylkestingssalen (Vestlandssalen) og dei to utvalssalane i Vestlandshuset. Spør oss om pris og ledige datoar før du bestiller.
Eksterne aktørar og leigetakarar i Vestlandshuset kan bestille utvalssalane og Vestlandssalen. Merk av den som bestiller måtte dekka ein marknadskostnad. Det same gjeld for tilsette eller folkevalde som skal ha møteverksemd som ikkje er i fylkeskommunal regi.
Bestill Vestlandssalen

Vestlandsalen har plass til inntil 140 personar som sitt oppover salen som i eit auditorium. Salen har eit tilhøyrande vrimleområde i 4. og 5. etasje i Vestlandshuset.
Vi har eit krav at det er må vere ein forsamling på minst 25 personar for at du skal kunne bestille salen.
Ta kontakt med resepsjonen@vlfk.no eller ring 05557 for å høyre om pris og ledige datoar.

Bestill ein av våre to utvalssalar

Du kan leige dei to fylkesutvalsalane Jostedalsbreen og Folgefonna til møte eller konferanse. I desse salana er borda forma som ein hestesko og alle plassar har mikrofon. Kvar sal har plass til inntil 36 personar.
Ta kontakt med resepsjonen@vlfk.no eller ring 05557 for å høyre om pris og ledige datoar.
Møte i fylkeskommunal regi utanom arbeidstid
Utvalssalane og Vestlandssalen kan tingast for møter i fylkeskommunal regi på kveldstid av tilsette og folkevalde i Vestland fylkeskommune. Arrangør må då dekke kostnader til vakthald. Merk at IKT-tenesta vil ikkje vere tilgjengeleg for møte på kveldstid og i helger.
Selskapslokalet Agnes M
Selskapslokalet i kantina, Agnes M, kan berre leigast av leigatakarar som held til i Vestlandshuset, og ikkje eksterne aktørar. Agnes M har plass til inntil 130 personar.
Ta kontakt med resepsjonen@vlfk.no eller ring 05557 for å høyre om pris og ledige datoar.
Leige av Agnes M skal dekke reinhald og oppsett. Bemanning kjem i tillegg og vert fakturert per time. Dette for å oppretthalde krav til HMS og tilgangskontroll. All servering må bestillast gjennom kantina.