Over 750 sommarjobbar til unge under 18 – kommunane i Vestland svarar på utfordring

33 kommunar i Vestland har til saman lyst ut 754 sommarjobbar for ungdom under 18 år. Det viser tal Vestland kommune har samla inn. – Vestland er det fylket i landet med størst mangel på arbeidskraft, og sommarjobb for unge er ein del av svaret, seier fylkesordførar Jon Askeland.

foto av to unge som jobbar med måling
VINN-VINN FOR SAMFUNNET: Fleire kommunar i Vestland tilbyr i år sommarjobb til alle unge i kommunen. Det er vinn–vinn for ungdomane, for arbeidsgivarane og for samfunnet. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)
  • 33 kommunar i Vestland har lyst ut totalt 754 sommarjobbar for ungdom under 18 år, ifølgje ei kartlegging gjort av Vestland fylkeskommune.
  • I januar utfordra Vestland fylkeskommune, NHO Vestland og NAV Vestland kommunane til ein konkurranse om å tilby flest mogleg sommarjobbar til ungdom. Satsinga heiter Sommarjobb i Vest og er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, NHO, NAV og LO, med støtte frå fleire sparebankar.
  • Sunnfjord (80), Voss (83), Ullensvang (72) og Bergen (70) toppar lista over kommunar med flest jobbar for unge under 18.
  • Nokre kommunar tilbyr jobb til alle, til dømes gir Hyllestad alle unge 15–18 år jobb i 2–3 veker. Modalen gjev tilbod til alle 16–20-åringar i kommunen.
  • Bergen satsar stort: 120 sommarjobbar totalt, pluss eit heilårstilbod for unge 15–17 år i barnehage, SFO og sjukeheim.
  • Ullensvang har eigne jobbordningar i barnehagar og SFO for ungdom mellom 13 og 17 år.
  • Fylkeskommunen sjølv har lyst ut 114 sommarjobbar, der 38 er øyremerkte ungdom gjennom oppfølgingstenesta (OT).
  • Totalt har dei 33 kommunane som har svart på undersøkinga rapportert inn 2 223 sommarjobbar på tvers av alle aldersgrupper.
  • Satsinga skal førebyggje utanforskap, gi unge tidleg arbeidserfaring og styrkje Vestland sin tilgang på framtidig arbeidskraft – særleg viktig sidan Vestland er det fylket i landet med størst mangel på arbeidskraft.
  • Beste sommarjobbkommune vert kåra på Kompetanseforum Vestland 1. oktober.
  • NHO Vestland og LO kårar òg «Årets sommarjobb-bedrift» for første gong.


I januar utfordra Vestland fylkeskommune, NHO Vestland og NAV Vestland kommunane til ein konkurranse: Kven klarer å tilby flest sommarjobbar til ungdommane sine? 

Ei fersk kartlegging gjort av Vestland fylkeskommune, viser at mange kommunar har teke utfordringa. Blant dei 33 kommunane som har svart på undersøkinga, er det registrert til saman 754 sommarjobbar for ungdom under 18 år.

Sunnfjord (80), Voss (83), Ullensvang (72) og Bergen (70) er blant kommunane med rekordmange jobbar øyremerkte unge under 18 år.

– Det gler meg stort at så mange kommunar har svart på oppmodinga. Dette viser at Vestland-kommunane forstår at kampen om kompetansen startar tidleg, og at dei er villige til å gjere noko med det. 754 unge under 18 får i sommar sin første smak av arbeidslivet. Det er 754 grunnar til å vere optimist på Vestland sine vegner, seier Askeland.

Sommarjobbsatsing med tydelege resultat

Sommarjobbsatsinga i Vestland, Sommarjobb i Vest, er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, NHO Vestland, NAV Vestland og LO, med støtte frå fleire sparebankar. Målet er å synleggjere karrieremoglegheiter i vest, gi unge ei tidleg erfaring frå arbeidslivet og førebyggje utanforskap.

Prosjektet er tett knytt til Inkludering i Vest, fylkeskommunen sitt breie arbeid for å få fleire unge og vaksne med svak tilknyting til arbeidsmarknaden inn i jobb. Sommarjobbsatsinga er eit av dei viktigaste verkemidla i dette arbeidet.

– Sommarjobbar bidreg til å førebyggje utanforskap. Klarer vi å få fleire i den store gruppa unge utan jobb eller utdanning inn i arbeidslivet, er det vinn-vinn, for ungdommane, for arbeidsgivarane og for samfunnet, seier Per Odd Grevsnes, prosjektleiar for Inkludering i Vest.

Klar oppmoding frå ungdomen sjølv

Å tilby sommarjobb til alle ungdomar som går ut av grunnskulen var ei oppmoding Marcus Askildsen, leiar i Vestland ungdomsutval kom med under Vestlandsmøtet i januar.

– Sommarjobbar handlar om meir enn nokre veker med lønna arbeid. Det gir unge ei kjensle av meistring og tilhøyrsel, og gir arbeidsgivarar ein sjanse til å sjå og utvikle framtidig kompetanse. Eg er imponert over korleis kommunane har svart på oppmodinga, med konkrete tilbod, lokale løysingar og vilje til å inkludere fleire unge. No må vi sørgje for at denne mobiliseringa blir varig inkludering, ikkje berre ein god sommar, seier Askildsen.

foto av person foran ein mur
Marcus André Berntzen Askildsen, leiar i Vestland ungdomsutval (VU) kom med eit klart bodskap under Vestlandsmøtet i januar: – Vi ønsker at alle unge som kjem ut av grunnskulen skal få eit tilbod om sommarjobb, eller vite at dei har moglegheit til å få seg sommarjobb over minimum to veker. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Fleire gir jobb til alle unge i kommunen

Grevsnes fortel at fleire kommunar i år gir tilbod om jobb til alle ungdommar i kommunen.

– Til dømes har alle unge i Hyllestad kommune mellom 15 og 18 år fått tilbod om jobb i 2-3 veker, medan Modalen kommune har vedteke å tilby sommarjobb til ungdommar i aldersgruppa 16 år til 20 år, og som er heimehøyrande i kommunen. Synergiane er tydelege, og kommunane nyttar ofte desse kandidatane til ekstraarbeid gjennom resten av året òg, seier Grevsnes.

Bergen kommune har ei stor satsing på heilårs ungdomsjobbar i kommunen for unge mellom 15 og 17 år. Ungdomane kan få jobb i barnehage, på SFO eller sjukeheim. Dette er eit tiltak i tillegg til dei 120 sommarjobbane dei har lyst ut i år, der 70 er for unge under 18.

– Sommarjobb er ein kjempefin måte å få erfaring frå arbeidslivet på. Det er også ei moglegheit til å teste ut ulike yrke før ein vel utdanningsløp. Eg håpar så mange som mogleg søkjer på dei 120 sommarjobbane vi har i Bergen kommune, seier byrådsleiar Christine Meyer.

foto av tre barn i regnkle med ryggen til
KJEKK JOBB I BARNEHAGE: Årets sommerjobb i barnehage Ullensvang er forbeholdt ungdom som bur i kommunen og er mellom 13 til 17 år. Dei som vert tilsett må blant anna vere ein god leikeressurs og vise omsorg og hjelp. (Foto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune)

Ullensvang satsar på ungdom heilt frå 13 år

Ullensvang har eigne kommunale jobbordningar for ungdom, i både barnehagar og SFO, med mål om å gi ungdom arbeidserfaring og ei tidleg tilknyting til arbeidslivet. Årets sommarjobbar i barnehagar er øyremerka ungdom som bur i Ullensvang kommune og er mellom 13 til 17 år. 

Lenger nord har Kinn kommune lansert ei ny sommarjobbsatsing retta mot ungdom.

– Nytt av året er at vi tilbyr 40 sommarjobbar til ungdom mellom 16 og 17 år i enten helse og velferd, barnehage, reinhald eller anna praktisk arbeid. Ungdom får tilbod om å jobbe fire timar per dag i tre veker, opplyser Stine Hovland, HR-rådgjevar i Kinn kommune.

Kva kommune som jobbar best med sommarjobbar for unge i 2026, vert kåra under Kompetanseforum Vestland sitt årlege stormøte 1. oktober.

Vestland fylkeskommune sine eigne sommarjobbar

Fylkestinget har løyvd ein halv million kroner ekstra til nye sommarjobbar for ungdom i Vestland fylkeskommune i 2026. Desse jobbane kjem i tillegg til dei ordinære sommarjobbane, og er fylkeskommunen sitt interne bidrag til Sommarjobb i Vest-prosjektet.

I år vart det lyst ut 114 sommarjobbar, der 38 av dei ordinære jobbane er øyremerkte kandidatar gjennom oppfølgingstenesta (OT).

Målet er at fleire ungdommar mellom 16 og 24 år som ikkje er i opplæring, arbeid eller annan aktivitet skal få erfaring frå arbeidslivet og byggje nettverk gjennom sommarjobb-ordninga.

Kandidatane som er tilsette gjennom OT-tenesta, vert tilsette som ordinære sommarvikarar. OT-tenesta tilbyr ekstra oppfølging der det trengst.

Har meld inn over 2200 sommarjobbar totalt

Kommunane vart òg bedne om å svare på kor mange sommarjobbar dei totalt har lyst ut i år. Her har dei 33 kommunane som har svart på undersøkinga rapportert inn til saman 2223 stillingar. Dette er estimerte tal, og det er grunn til å tru at det er enno fleire jobbar, særleg innan helse og omsorg.

Kommune Kor mange sommarjobbar i kommunen sommaren 2026?   Kor mange av sommarjobbane er for ungdom under 18 år?  
Alver 221 39
Askvoll 18 18
Askøy 17 0
Aurland 37 7
Austrheim 40 11
Bergen 120 70
Bremanger 56 20
Bømlo 9 1
Eidfjord 17 5
Etne  54 14
Fitjar 13 13
Fjaler 70 40
Gloppen 110 10
Gulen 60 9
Hyllestad 36 30
Høyanger 65 35
Kvinnherad 200 20
Kvam 50 20
Luster 50 16
Lærdal 24 12
Masfjorden 20 6
Modalen 17 13
Samnanger 22 22
Sogndal 40 -
Solund 5 20
Stad 60 30
Stryn 85 25
Sunnfjord 330 80
Tysnes 20 0
Ullensvang 228 72
Vik 36 13
Voss 83 83
Øygarden 10 0
Totalt
2223
754

 

Sommarjobbar i privat sektor

Ifølgje medlemsundersøkinga til NHO Vestland i mai, planlegg over éi av tre bedrifter i Vestland å tilsetje sommarvikarar i år. Reiseliv og mat og drikke er dei store bransjane som oftast tilbyr sommarjobbar til unge.

– 37 prosent av bedriftene i Vestland skal tilby sommarjobbar i år. Det er litt høgare enn landsgjennomsnittet, men likevel ein nedgang frå i fjor. Vi ser nedgang i dei fleste bransjar.

Det seier Sondre Olsen, fungerande regiondirektør i NHO Vestland.

NHO Vestland oppmodar alle bedrifter som har høve til det, om å tilsetje sommarvikarar.

– Sommarvikarar er langsiktig rekruttering. Særleg bransjar som har utfordringar med å få tak i nok folk med rett kompetanse, bør sjå om det kan vere mogleg å tilsetje unge ferievikarar, seier Olsen.

Også NHO Vestland skal for første gong kåre «Årets sommarjobb-bedrift», saman med LO.

Du kan framleis lyse ut

Har du ikkje lyst ut sommarjobb enno og ser at du treng ekstra hjelp?

Det er framleis ikkje for seint. På arbeidsplassen.no finn du ei enkel oppskrift for arbeidsgivarar. Saman kan vi gi fleire unge ein god start på arbeidslivet, og styrkje Vestland sin kamp om kompetansen.

Vidare tilrådd lesing:

Bedrifter i Vestland manglar over 6000 tilsette

KS starter FoU-prosjekt om sommerjobb for ungdom og unge voksne - Hjem