Kulturprisen 2025 går til Hennar Majestet Dronning Sonja

Dronninga får prisen for hennar langvarige og personlege engasjement, og for at ho har vore ein tydeleg ambassadør for Vestland som kulturregion. Ho gir prispengane på 50 000 kr til prosjektet Håndverk for fremtiden, i regi av Fortidsminneforeningen.

portrettfoto av dronning Sonja
KULTURPRISEN 2025: Den første kulturprisen i Vestland fylke går til Hennar Majestet Dronning Sonja for innsatsen med å løfte fram kulturen og menneska i Vestland. (Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoffet)

Mottakar av kulturprisen 2025 vart kunngjort under møtet i fylkestinget i Norheimsund 17. juni, etter tildeling i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Fylkesordførar Jon Askeland og leiar for hovudutvalet, Jacob Nødseth, reiser frå Norheimsund til Oslo og audiens på slottet 18. juni. Der skal dei overrekke dronninga eit kunstverk som synleg bevis på prisen.

– Vi heidrar ein kulturambassadør utan like. Vi vil ikkje fremje vår plass framfor andre landsdelar og fylke, men vi er svært takknemlege for og stolte over måten dronninga har løfta kultur og menneske i Vestland på ein spesiell og nær måte. Ho syner eit sterkt engasjement for å løfte kunstnarar og kulturuttrykk, store som små, i by og bygd. Prisen er ein rungande takk for dette, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Hennar Majestet Dronning Sonja på opningsseremonien for Festspillene i Bergen 2025, saman med kulturminister Lubna Jaffery, ordførar i Bergen, Marit Warncke og statsforvaltar Liv Signe Navarsete.
Hennar Majestet Dronning Sonja deltok på opningsseremonien for Festspillene i Bergen i strålande sol 21. mai 2025, saman med kulturminister Lubna Jaffery, ordførar i Bergen, Marit Warncke og statsforvaltar Liv Signe Navarsete. (Foto: Liv Anette Luane/Det kongelege hoffet)

Breitt engasjement for kulturlivet

Dronning Sonja har jamleg teke del i kulturarrangement i Vestland og slik gitt viktig støtte og anerkjenning til både arrangørar og utøvarar. Ho har blant anna vore til stades på opninga av Festspillene i Bergen 36 gonger og har vist særleg interesse for Festspillutstillingen. I tillegg har finalekonserten i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse vore arrangert i Bergen i samarbeid med Bergen filharmoniske orkester. 

– Dronninga har gjennom eit langvarig og personleg engasjement vore ein tydeleg ambassadør for Vestland som kulturregion. Engasjementet spenner breitt, frå profesjonelle kulturinstitusjonar til frivillige aktørar og enkeltutøvarar. Det er prega av respekt for både kulturarv, natur og nyskaping, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Hovudutvalet gjorde vedtak om tildeling av kulturprisen i møtet 19. november 2025. Det kom inn til saman 239 nominasjonar.

Dronning Sonja på nedsida av St. Sunnivahola, med Selja kloster i bakgrunnen.
Dronninga var til stades då Bjørgvin bispedømme feira 950 år med festgudsteneste, Seljumannamesse, på Selja kloster i Nordfjord 8. juli 2018. Same dag opna ho Kystpilegrimsleia på øya Selja. Her er Dronninga på nedsida av St. Sunnivahola, med Selja kloster i bakgrunnen. (Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet)

Friluftsliv og kulturarv

Dronninga har eit sterkt engasjementet for friluftsliv, noko som har ført til talrike fjellturar i Vestland. I 2013 opna ho Dronningstien i Hardanger, som har blitt særs populær. Gjennom engasjementet for friluftsliv har dronninga sett søkjelys på aktiv bruk av naturen og på verdien av landskap og kulturminne.

– Kjennskapen og kjærleiken til landsdelen har også vore til inspirasjon for eigen kunstproduksjon. Dronninga har nytta motiv frå Vestland i sin eigen kunst og har ved fleire høve stilt ut rundt om i fylket, seier fylkesordføraren. 

Dronning Sonja på brua over elva Opo ved Dronningstien i Hardanger.
Dronning Sonja er kjent for engasjementet sitt for natur og friluftsliv. Ho har vore på mange fjellturar i ulike delar av Vestland, som her på brua over elva Opo ved Dronningstien i Hardanger. Dronninga opna sjølv denne turvegen mellom Kinsarvik og Lofthus i 2013. (Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet)

Viktig støttespelar for mange

Baroniet i Rosendal og Hotel Ullensvang er to andre stadar som er blitt løfta fram og oppmuntra av dronninga. Dei seinare åra har ho også stått i bresjen for restaureringa av Astruptunet og arbeidet med besøkssenter der. Dronninga har i tillegg ivra for å få Astrup-kunsten ut i verda. Den sterke interessa for restaureringa av kongebustaden Gamlehaugen i Bergen viser ei tydeleg forståing for verdien av kulturarven, og kor viktig det er å gjere han tilgjengeleg for alle.

Dronning Sonja på omvising i atelieret til kunstnar Nikolai Astrup på Astruptunet i Jølster.
Hennar Majestet deltok på gjenopninga av museet og kunstnarheimen Astruptunet sommaren 2024. Ho fekk då også ei omvising ved Lars-Henrik Milert i atelieret til kunstnar Nikolai Astrup. (Foto: Simen Sund/Det kongelege hoffet)

– Engasjementet dronninga har for barn og unge er også eit kulturbyggande arbeid, gjennom å opne sansane og sikre at unge vidarefører og fornyar kulturarven, seier hovudutvalsleiar Nødseth.

Dronninga har hatt eit langvarig engasjement som høg beskyttar for Førdefestivalen og UWC Røde Kors Nordisk i Flekke. Her har ho vore annakvart år gjennom dei 30 åra skulen har eksistert, og ho viser eit ekte engasjement for elevane og verdiane skulen byggjer på.

Dronning Sonja møter elevar ved UWC Røde Kors Nordisk i Fjaler.
Dronning Sonja opna United World College Røde Kors Nordisk i Flekke i Fjaler i 1995. Etter det har ho vore tilbake på skulen mange gonger, som her i september 2023, då ho møtte fem elevar over te og kaker. (Foto: Liv Anette Luane/Det kongelege hoffet)

Prispengar til unge tradisjonshandverkarar

Sjølve prispengane på 50 000 kr har dronninga bestemt at skal gå til Fortidsminneforeningen og prosjektet Håndverk for fremtiden. Pengane blir øyremerka arbeid i Vestland fylke.

– Tusen takk for den generøse gåva! Bidraget gir oss høve til meir aktivitet i Vestland. Vi vil løfte fram og skape engasjement for bygningsvern. Med prosjektet Håndverk for fremtiden jobbar vi med rekruttering til bygningsvern og tradisjonshandverk. Det gjer vi gjennom å arrangere kurs og bygge nettverk med unge handverkarar. Vi treng fleire handverkarar som kan ta vare på gamle hus og bygningsmiljø, seier Hedda Skagen Paulson i Fortidsminneforeningen.

Unge handverkarar jobbar med tre ute. Det er grøne tre rundt og vatn i bakgrunnen.
Målet med prosjektet Håndverk for fremtiden er å vidareføre tradisjonshandverk for framtida, ved å lære opp unge handverkarar og inspirere dei til å gå inn i tradisjonsfaga. (Foto: Christine Sundbø/Fortidsminneforeningen)

Målet med prosjektet er å skape varige løysingar for rekruttering til tradisjonshandverk. Prosjektet byggjer nettverk og arenaer i fagmiljøet saman med vidaregåande skular, opplæringskontor og bedrifter med lærlingar.

Kunstverk av Heidi Bjørgan

Som synleg bevis på kulturprisen får dronninga kunstverket «Object 00697» av kunstnar Heidi Bjørgan. Det er ein skulptur laga under eit kunstnaropphald ved Hjorts Fabrik på Bornholm i Danmark. Verket er handdreia i lokal, bornholmsk leire og deretter deformert, noko som gir objektet eit organisk og levande uttrykk.

Kunstverket "Object 00697", ein skulptur i keramikk.
Dronninga får kunstverket «Object 00697» i kongeleg audiens 18. juni. Kunstnar er Heidi Bjørgan, som er kjent for å eksperimentere med både materiale, former og brenningsteknikkar innan keramikk. (Foto: Thor Brødreskift)

Verket var del av utstillinga «Heidi + Rasmus = sant» på KODE, Rasmus Meyers Samlinger, i Bergen i 2024–2025. Der vart det keramiske arbeidet til Bjørgan sett i dialog med den historiske samlinga til museet.

Heidi Bjørgan bur i Bergen og har vore sentral innan norsk kunsthandverk sidan tidleg 2000-tal. Ho har hatt ei omfattande utstillingsverksemd nasjonalt og internasjonalt. I kunstnarskapen sin utforskar ho moglegheiter innan keramikken, gjennom å eksperimentere med materiale, former og brenningsteknikkar. Arbeida bevegar seg mellom det kontrollerte og det uføreseielege. Prosess, materialitet og transformasjon er sentralt.

Kunstnar Heidi Bjørgan under eit kunstnaropphald på Bornholm i Danmark.
Kunstnar Heidi Bjørgan laga «Object 00697» under eit kunstnaropphald på Bornholm i Danmark. Verket er laga av leire frå området. (Foto: privat)

Delt ut for første gong

Kulturprisen for Vestland vart lyst ut for første gong i 2025. Prisen skal gå til personar, lag eller organisasjonar som har vore ein spydspiss i kunst- og kulturlivet, og som har bidratt til å vise fram Vestland som ein leiande kulturregion. Prisen skal heidre kulturinnsats utover det vanlege, med tyding for heile eller større delar av fylket, og løfte fram kreativitet, nyskaping eller ein særleg innsats for å ta vare på og formidle kulturarven.

– Dronninga har sett og inspirert folket i gjerninga si, og folket i Vestland vil uttrykkje vår største takk for dronninggjerninga ved å tildele Hennar Majestet Dronning Sonja den første kulturprisen frå Vestland fylkeskommune, seier fylkesordføraren.