Byggjer ut hurtiglading for elbilar og tunge køyretøy i ni kommunar i Vestland
Vestland fylkeskommune løyver til saman 10,8 millionar kroner i tilskot til ny og forsterka hurtigladeinfrastruktur. Fem lokasjonar får støtte til lading for personbilar, og fire lokasjonar får støtte til lading for tunge køyretøy.
Hovudutval for næring vedtok 15. september 2026 kva søkjarar som får tilskot til hurtigladeinfrastruktur for elektriske køyretøy i år.
– Vi ser at det framleis er stort behov for offentleg støtte til ladeinfrastruktur. Tildelinga bidreg til å jamne ut skilnadene i hurtigladetilbodet, slik at det blir like praktisk å køyre elbil i heile fylket, ikkje berre i dei store byane. Samstundes er det gledeleg at vi no også får på plass fleire ladepunkt for tunge køyretøy langs viktige transportstrekningar. Det er heilt naudsynt om vi skal lykkast med elektrifiseringa av næringstransporten, seier Oddmund Klakegg, fungerande leiar i hovudutval for næring.
Desse får tilskot til nye hurtigladarar for personbilar
- Høyanger kommune: Høyanger, kr 422 500 (Tesla Norway AS)
- Vik kommune: Vik, kr 637 500 (Tesla Norway AS)
- Bjørnafjorden kommune: Venjaneset/Fusatunet, kr 300 000 (Xenergy AS)
- Bømlo kommune: Finnås, kr 936 786 (Bømlo kommune)
- Kvam herad: Strandebarm, kr 1 700 000 (Xenergy AS)
Til saman er det løyvd 3 996 786 kroner til hurtiglading for personbilar. Ordninga har som mål å betre ladetilbodet i distrikta med dårleg dekning i dag, og å gjere regionane mindre sårbare, både gjennom å oppgradere ladarar med låg kapasitet og etablere nye lokasjonar.
Desse får tilskot til nye hurtigladarar for tunge køyretøy
- Stryn kommune: Loen, kr 1 050 000 (Eviny Elektrifisering AS)
- Eidfjord kommune: Kjerøyna, kr 2 450 000 (Eidfjord kommune)
- Fjaler kommune: Dale, kr 1 550 000 (Eviny Elektrifisering AS)
- Stad kommune: Selje, kr 2 500 000 (FjordCharge AS)
Til saman er det løyvd 6 800 000 kroner til hurtiglading for tunge køyretøy. Prioriteringa er lagt til områda rundt innfartsårene til byane, sentrale strekningar og strategiske nærings- og industriområde, slik at tilbodet utfyller Enova sine satsingar langs E39, E16 og E134.
Grøn transport i arbeid med skipstunnel
Selje i Stad kommune får den største enkelttildelinga i år, med 2,5 millionar kroner til ny hurtigladar for tunge køyretøy. Tildelinga er relevant for å sikre grøn næringstransport for lokalt og regionalt næringsliv, spesielt knytt til arbeidet med bygging av Stad skipstunnel i åra framover.
Kjerøyna i Eidfjord kommune får nest størst tildeling, med 2,45 millionar kroner til ein heilt ny ladestasjon som også skal ha rasteplass og offentleg toalett.
Stor interesse, avgrensa budsjett
Det kom inn søknadar frå til saman seks søkjarar til personbil-lading (22 lokasjonar) og 6 søkjarar til tungbil-lading (åtte lokasjonar). Samla søknadssum var 40,2 millionar kroner, mot ei budsjettramme på om lag 3,68 millionar kroner til personbilar og 6,8 millionar kroner til tunge køyretøy.
Fleire gode søknadar nådde dermed ikkje opp i år. Fylkesdirektøren har fått fullmakt til å løyve midlar til dei høgast rangerte av desse, dersom vedtekne prosjekt fell frå eller budsjettramma vert justert.
Les meir om dei ulike tildelingane i den politiske saka 58/2026 Tilskot til hurtigladeinfrastruktur for elektriske køyretøy og tunge køyretøy 2026