Vil ta 39 år å sikra alle tunellar
Blir ikkje ferdig i tide, ber om utsett frist for tunelloppgradering.

I Vestland fylkeskommune skal 85 tunnelar oppgraderast etter tunnelsikkerheitsforskrifta. 43 tunellar er ferdig utbetra, medan 42 står att (sjå lista lenger ned i saken). Kostnaden for dei attståande tunellane er rekna til over 5 milliardar kroner.
Fylkeskommunen fekk i 2025 139,1 millionar kroner til arbeidet. Med same ramme kvart år vil det ta minst 39 år å fullføre arbeidet.
— Den reelle kostnadene er truleg ein god del høgare enn dei 5 milliardane. Det er heller ikkje mogleg å bli ferdig innan 2040 sjølv med utsett frist, dersom ikkje finansieringa aukar, seier direktør i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal.
Omfattande og kostnadskrevjande
Vestland fylkeskommune støttar Vegdirektoratet sitt forslag om å utsette fristen for å oppgradere fylkesvegtunnelar etter tunnelsikkerheitsforskrifta til 1. januar 2040.
Arbeidet med tunelloppgradering har vist seg å vere meir omfattande og kostnadskrevjande enn føresett, mellom anna på grunn av krav til trafikkavvikling, samordning med anna vedlikehald og auka krav til tryggleik og risikoanalyse.
— Om vi skulle få auka rammer er det viktig at dei ikkje går ut over andre nødvendige tiltak, som skredsikring og vedlikehald på fylkesvegane, seier Lefdal.
Vestland fylkeskommune har 274 tunellar på fylkesvegnettet, i tillegg kjem riks- og europavegtunellar, som gjer at fylket har flest tunnelar i Noreg.
Liste over tunellar som treng oppgradering
Kommune | Tunell (-tunellen) | Lengde | Trafikkmengde |
Bjørnafjorden, fv. 48 | Kråkeskar | 529 | 1900 |
Bjørnafjorden, fv. 48 | Moshovda | 1423 | 1900 |
Ullensvaang og Kvinnherad, fv. 49 | Folgefonn | 11150 | 1400 |
Samnanger, fv. 49 | Fossenbratte | 665 | 2500 |
Aurland, fv. 50 | Vassbygd (pågår) | 1058 | 550 |
Aurland, fv. 50 | Haga | 690 | 300 |
Aurland, fv. 50 | Lange 2 | 1350 | 300 |
Aurland, fv. 50 | Stondal | 2240 | 300 |
Aurland, fv. 50 | Berdal | 4270 | 300 |
Aurland, fv. 50 | Nesbø | 2510 | 300 |
Aurland,fv. 50 | Botna | 904 | 300 |
Årdal, fv. 53 | Finnsås | 2412 | 1000 |
Årdal, fv. 53 | Steiggje | 1150 | 2400 |
Årdal, fv. 53 | Kolnos | 658 | 1000 |
Årdal, fv. 53 | Timreskred | 1011 | 1000 |
Alver. fv. 57 | Espeland | 809 | 6300 |
Kvinnherad, fv. 500 | Fureberg | 738 | 900 |
Bergen, fv. 540 | Løvstakken | 2043 | 11300 |
Kvinnherad, fv. 549 | Stussvikstova | 1217 | 500 |
Ullensvang, fv. 550 | Eitrheim | 1687 | 1000 |
Ullensvang, fv. 550 | Jona | 870 | 550 |
Ullensvang, fv. 550 | Aga | 624 | 700 |
Bergen, fv. 562 | Olsvik | 1075 | 20500 |
Askøy, fv. 562 | Stongafjell | 696 | 14900 |
Osterøy, fv. 566 | Tirås (pågår) | 2017 | 4600 |
Osterøy, fv. 567 | Lonevåg | 964 | 1700 |
Modalen, fv. 567 | Mostraumen | 750 | 300 |
Modalen, fv. 569 | Modal | 3500 | 350 |
Vaksdal, fv. 569 | Eikjeto | 638 | 400 |
Vaksdal, fv. 569 | Høgaberg | 633 | 400 |
Vaksdal, fv. 569 | Hesjedals | 687 | 400 |
Modalen, fv. 569 | Fugleberg | 2100 | 300 |
Alver, fv. 569 | Høydals | 530 | 300 |
Modalen, fv. 569 | Slottsporten | 950 | 300 |
Gulen, fv. 602 | Instefjord | 538 | 400 |
Gulen, fv. 602 | Hauglands | 838 | 400 |
Kinn og Bremanger, fv. 614 | Magnhildskar | 2897 | 700 |
Bremanger, fv. 614 | Ise | 1740 | 300 |
Gloppen, fv. 615 | Eikenes | 1010 | 400 |
Gloppen, fv. 615 | Fløga | 1408 | 400 |
Kinn, fv. 617 | Skåra | 664 | 2100 |
Vik, fv. 5602 | Feios | 772 | 400 |
Årdal, fv. 5633 | Seimsdals (ferdig) | 1515 | 1000 |
Bremanger, fv. 5710 | Sande | 632 | 750 |