Vestlandsmøtet: Vi må i fellesskap løyse krisa med utanforskap
— No gjeld det å få sysselsett dei 20 prosentane i arbeidsfør alder som står heilt og delvis utanfor arbeidslivet. Det sa fylkesordførar Jon Askeland under årets Vestlandsmøte. Han vil ha heile Vestland med på jobben.
Over 300 påmelde og eit solid knippe foredragshaldarar fylte fredag Peer Gynt-salen i Grieghallen. Der var det duka for det årlege Vestlandsmøtet i regi av fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies. I salen sat stortingsrepresentantar frå Vestland, representantar frå kommunar, næringsliv, organisasjonar og andre viktige samarbeidspartnarar.
Dialog og samarbeid er nøkkelen
Med årets tittel «Korleis trygge Vestland i ei uroleg tid?» skal Vestlandsmøtet styrkja samspelet mellom aktørar, og sjå korleis vi best mogleg skal jobbe saman for Vestland.
— Vi startar året med eit smell og samlast for å setja retning for prioriteringar vi kan påverke for Vestland i året som kjem. Det er stortingsvalår, derfor har vi invitert nokre av førstekandidatane frå ein del av partia til å seie litt om korleis dei vil fremje vestlandsinteressene i arbeidet med å styre landet, sa Askeland innleiingsvis.
— Den vestlandske ideologien om å brette opp ermene og jobbe saman for å løyse utfordringane – den skal vera førande også for oss i Vestland fylkeskommune. Samarbeid på tvers av det private, det offentlege, ideelle og sivilsamfunn er nøkkelen til å møte framtida. Difor inviterer vi til møte som dette, sa Stian Davies i opningstalen.
Må få fleire inn i arbeidslivet
Eit av temaa for møtet var at arbeidslivet i Vestland manglar folk, samstundes som 1 av 5 står utanfor.
— Den viktigaste invitasjonen vår i årets Vestlandsmøte går til dykk alle om å etablere ein ny partnarskap for inkludering etter modell frå Grøn Region Vestland. Men no gjeld det å få sysselsett dei ca. 20 prosentane i arbeidsfør alder som står heilt og delvis utanfor arbeidslivet. Arbeidslivet treng denne arbeidskrafta, og dei som står ufrivillig utanfor får betre livskvalitet og verdigheit ved å få delta. Lat oss i Vestland visa at vi i fellesskap klarar å knekkje koden for dette, oppmoda Askeland.
Idrett og korps gir gode fellesskap
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery var årets hovudtalar med eit innlegg om idrett, frivilligheit og kultur som brubyggar for sosial inkludering. Ho brukte blant anna bergensklubben Ulriken Eagles som døme på ein klubb som skapar gode fellesskap. Vestlandets største basketklubb tel over 400 aktive barn og unge og har like mange gutar som jenter i stallen, og spelarar med bakgrunn frå over 30 ulike nasjonar.
— Oppslutnaden til klubben kjem ikkje av seg sjølv, så kva har dei gjort rett? Det er økonomien. Årskontingenten er 100 kroner. Men dei har òg teke eit anna godt grep. Klubben brukar aktivitetsguidar som informerer foreldre og familiar om korleis idretten fungerer, kva utstyr som trengst, korleis melde seg inn, alt det praktiske. Dei kan også følge opp barna, og hjelper til med arrangement og aktivitetar, fortalde Jaffery.
Ho understreka at kultur ikkje berre handlar om fritid, kos og moro for små og store.
— Det handlar om mykje meir. Det handlar om å bygge opp arenaer for fellesskap og å høyre til, med meining, meistring og samhald. Det handlar om å ruste opp og styrke menneske, og også å styrke samfunnet. Kulturen kan ha ein heilt avgjerande positiv effekt på mange.
Må tole hol i cv og folk må jobbe lenger
Den første av i alt fire vestlandsdialogar var mellom kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og Erna Solberg, partileiar og 1. kandidat Hordaland Høgre. Dei samtalte om kva kultur og frivilligheit betyr for arbeidslivet i framtida og inkludering av barn og unge.
— Det er ingen enkle løysingar, men ja, vi må få fleire i arbeid. Og vi må også jobbe smartare og bli meir teknologiske. Vi må blir meir produktive, og så må folk stå lenger i jobb. Vi må tilsette folk med hol i cv-en, for det kjem ikkje til å bli nok nyutdanna fagarbeidarar eller studentar frå universiteta framover. De må sjå på damer som er 55 år og oppover som ein ressurs, eg meiner at eg framleis er ein ressurs, sa Solberg, og hausta applaus og smil frå salen.
Jaffery følgde opp:
— Eg er eining i alt det Erna har sagt. Vi manglar folk. Noko av årsaka til at folk står utanfor, handlar om at vi ofte fokuserer for mykje på kva folk ikkje kan bidra med, enn kva dei kan bidra med. Vi må også bidra til at folk orkar å gå på jobb, og å stå i jobb, og vi må folk til å jobbe lenger. Vi må og ha eit mangfald i arbeidslivet. Folk med innvandrarbakgrunn som ikkje vert kalla nn på jobbintervju er ei haldning som ikkje er greitt. Kompetansen er der, og samfunnet tapar enormt mykje pengar på at folk jobbar i yrker dei er overkvalifiserte i, sa Jaffery.
Utanforskap – næringslivet si løysing
Dialogen vart følgd opp av næringslivet sine tankar rundt utanforskap, for kva kan næringslivet bidra med? Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør NAV Vestland dukka ned i tala for Vestland.
— Vestland har eit lågt tal på arbeidsledige, i desember 1,8 prosent. Det som karakteriserer dei arbeidsledige i Vestland er to ting: Det eine er at nesten halvparten ikkje har fullført vidaregåande skule, og vi veit at det er drivaren i all utanforskap i Noreg i dag. Det andre er at over halvparten er fødde i eit anna land enn Noreg, den største gruppa i Ukraina. Samstundes er det mange ledige stillingar, nesten like mange som det er arbeidsledige. Men det er ein tydeleg «mis match» mellom etterspurt kompetanse og den kompetansen dei ledige har, sa Hysing-Olsen.
Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland, snakka blant anna om Arbeidskraftløftet, eit prosjektsamarbeid mellom NAV Vestland og NHO Vestland. Prosjektet har som mål å sikre at fleire kjem inn i jobb, det skal jobbast meir systematisk med sjukefråvær, og ein skal motivere fleire til å stå bittelitt lenger i jobb.
— Årleg er vi ute på 250 medlemsbesøk, og det er knapt nok eit møte med dei utan at kompetanse er tema. 6 av 10 bedrifter seier dei ikkje får tak i den kompetansen dei treng, samstundes som 1 av 5 står utanfor arbeidslivet. Det er ikkje bra for arbeidslivet, og vi treng hjelp frå alle som sit her med å jobbe endå betre med akkurat dette, sa Frihammer.
Bergen er ein ven
I den andre vestlandsdialogen var det duka for distriktspolitikk: "Er det håp for distrikta, eller hamnar alt i Bergen uansett?", var tema for samtalen mellom Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og 1. kandidat Venstre i Sogn og Fjordane og Aleksander Øren Heen, stortingsrepresentant og 2. kandidat Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Erlend Blaalid Oldeide, journalist i Gudbrandsdølen Dagningen og tidlegare NRK Vestland held orden på samtalen.
— Skal vi lukkast på Vestlandet må by og distrikt jobbe i hop. At Bergen lukkast, er viktig for meg som Sogn- og Fjordane-politikar. Vi må styrke kvarandre, det er grunnleggande viktig å tenke, og å få til sa Bjørlo.
— Skal vi skape alle verdiane må vi ha folk i distrikta. Vi har innført ein del verkemiddel som gjer det attraktivt å få folk til å busette seg. Bergen er ein ven, eg er einig i at Bergen er ein viktig motor for Vestlandet, for utdanning, forsking, finans og næringsliv som kan spele på lag med omlandet, men vi må klare å ha to tankar i hovudet samstundes, og ha litt ulik politikk for bygd og by, sa blant anna Øren Heen.
Til pressefoto frå Vestlandsmøtet
Miljø og verdiskaping på vestlandsk
Korleis balansere verdiskaping, miljø og velferd i ei usikker tid – «på vestlandsk»? Det var tema for samtalen mellom Helge André Njåstad, stortingsrepresentant og 1. kandidat Hordaland Framstegsparti og Marthe Hammer, gruppeleiar fylkestinget og 1. kandidat Hordaland Sosialistisk Venstreparti. Her var det igjen Oldeide som utfordra dei to politikarane med spørsmål. Grønt skifte, havvindsatsing, elektrifisering av ferjer og skattelegging, var nokre stikkord for denne politiske duellen.
— Vestlandet sitt fortinn er at vi har sjøen. Alt som er bra i Noreg kom sjøvegen, enten det er fiske, oppdrett eller olje- og gass. Då kan Vestland spele ei stor rolle, men då må vi ikkje skatte i hel dei næringane, og så kan vi trur at dei vil legge litt av overskotet att langs kysten, sa Njåstad.
— Norsk næringsliv går svært godt, med veldig lav arbeidsløyse. Mykje fungerer veldig bra. Den store oppgåva framover er å klare å vere produktive dei neste åra og, og å unngå å hamne i endå meir usikre tider. Vi har ein plan for å omstille grøn maritim industri, og også innafor havvind. Spørsmålet er kva næringar vi trur sikrar oss konkurransekraft i åra som kjem, og som tek oss inn i den omstillinga som Vestland og Bergen har alle fordelar å vere best i, sa Hammer.
Ferjer, kraft, mindre krangling og meir dialog
Aldri eit Vestlandsmøte utan ei kravliste. Mot slutten av dagen gjekk ordet til representantar for kommunar og regionar. Representantar for Sunnhordland, Bergen og omlandet og Indre Sogn fekk ordet, og Andre Mundal Haukås, ordførar i Sveio og leiar av Sunnhordlandsrådet, opna ballet med det mest vestlandske av alt – ferjer.
– Ferjene er ikkje del av kollektivtilbodet, der er ein del av vegnettet. Når ferjene stoppar, stengjer vegen. Vi treng ferjefri veg, ferjer som går og Hordfast. Vi treng eit kollektivtilbod som er tilpassa behova i vår region, og vi treng meir kraft, slo han fast.
Christine Meyer, byrådsleiar i Bergen og leiar av Bergensalliansen, var neste regionrepresentant ut. Øvst på ønskelista stod mindre krangling, å halde arbeidskraft i regionen, og eit Bergen som ikkje er seg sjølv nok.
– Vi treng å dyrke samarbeidet mellom oss og ha ein felles front, heller enn å krangle internt. Vi må stå saman for å få heile Vestlandet til å hengje saman, og ikkje minst for å halde på talenta og arbeidskrafta. På vegner av Bergen kan eg love at vi skal ta meir ansvar og snakke fram Vestland framover, sa Meyer.
Ordførar i Vik og leiar av Sognarådet, Roy Egil Stadheim, hadde også ei klar bestilling: meir dialog.
– Eg skal ikkje kome med noko smørbrødliste her i dag. Eg skal ikkje nemne vidaregåande opplæring, Vikafjellet, tannhelse eller tiltaksapparatet. Bestillinga herifrå er meir dialog, med fylket, med representantane på Løvebakken, på Stortinget og i regjeringa, avslutta han.
— Svaret ligg i oss
Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Davies avslutta dagen med nokre oppsummerande tankar. Oppmodinga til salen var klar:
— Vi spurde: Korleis trygge Vestland i ei uroleg tid? Svaret ligg i oss, i innsatsen vår og vår vilje og evne til å samarbeide, sa Askeland.
— Dette var utruleg gøy, og gav engasjement til å jobbe videre. Vi ønsker alle å løfte Vestland, det er berre eit spørsmål om korleis, og det fekk vi gode diskusjonar på i dag. Vi kan minne oss på, at når vi først er einige om å løfte Vestland, er vi ei enorm kraft. Det håpar eg vi tek med oss, og at vi jobbar saman om det vi er einige om. Korleis vi kan inkluderer fleire til å ta del i fellesskapen slik at Vestland lukkast, har vore eit tema som har gått att i dag. Eg trur og håpar at det også vert den store diskusjonen i valkampen, oppsummerte Davies.
— Tusen takk! Me håpar de i sum har fått ein dag saman der vi alle har fått inspirasjon til å gå laus på moglegheitene det nye året byr på. No er det slutt på prat, gå heim og jobb, avslutta Askeland.