Søk tilskot til aktivitetar i Friluftslivets år
Vestland fylkeskommune lyser ut tilskot til lågterskel fysisk aktivitet og vil prioritere søknadar som gjeld varig auke i friluftsaktivitetar.
2025 er Friluftslivets år, og Vestland fylkeskommune har ei koordinerande rolle for å arrangere felles møteplassar, drive kompetanseheving og understøtte tiltak i heile fylket.
Prioriterer det som gir varig auke
Fylkestinget har i samband med friluftsåret løyvd ein million kroner, som skal gå til å stimulere til auka deltaking i friluftsliv. Løyvinga er lagt inn i tilskotsordninga «lågterskel fysisk aktivitet», og søknadar knytt til varig auke i friluftsaktivitetar skal prioriterast.
Kommunar og regionale ledd av lag og organisasjonar oppmodast til å søkje om midlar. Andre relevante aktørar kan også bli vurderte. Søknadsfristen er 15. februar.
Det er sett av til saman 2,75 mill. kr til tilskotsordninga.
Aktivitetskalender for Vestland
Friluftslivets år er ei landsdekkande markering som blir arrangert kvart tiande år. Vestland fylkeskommune skal mellom anna ha søkjelys på
- korleis vi får auka deltaking i friluftslivsaktivitetar
- korleis vi kan inkludere fleire
- korleis ein slik inkludering kan vere varig
Eit viktig delmål blir å undersøke korleis ein kan bygge ned barrierar for utanforskap ved deltaking i friluftsliv. Hovudmålet med året er å skape begeistring for eit naturvenleg friluftsliv, og å senke terskelen for å delta.
Det er allereie planlagt fleire arrangement i Vestland, og du finn alle i aktivitetskalenderen for Friluftslivets år 2025.