Slik vil fylkeskommunen fjerne hinder for omstilling i næringslivet
Ein ny rapport laga av Vestland fylkeskommune viser at eksportverksemder i Vestland er opptekne av å raskt kunne omstille seg mot nye marknader, men møter fleire barrierar. No får dei drahjelp frå fylkespolitikarane.

Saka oppsummert
Vestland fylkeskommune har laga ein ny rapport som viser at eksportbedrifter i fylket ønskjer å omstille seg til nye marknader, men møter fleire hinder. Desse hindera handlar blant anna om dårleg tilgang til straum og nett, lang sakshandsamingstid, mangel på rett kompetanse og usikkerheit i marknaden.
For å hjelpe næringslivet, har politikarane i hovudutval for næring vedtatt fleire tiltak:
-
Få ned sakshandsamingstida for reguleringsplanar.
-
Bruke innkjøpsmakta til å støtte nye næringar, til dømes innan ladeløysingar.
-
Jobbe for at produsentar i Vestland får vere med i store forsvarsinvesteringar.
-
Jobbe for å sikre tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse, og auka innanforskap gjennom auka sysselsetting.
-
Halde fram arbeidet med å betre kraft- og nettilgang i Vestland.
Målet er å støtte næringslivet i å omstille seg raskt og trygt, og sørgje for at Vestland held fram som eit sterkt eksportfylke.
Oppsummeringa er laga av KI-tenesta ChatGPT. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.
Hovudutval for næring vedtok ei rekke punkt som skal bidra til å fjerne hinder for omstilling i møtet torsdag 24. april. Kortare sakshandsamingstid, strategisk bruk av innkjøpsmakta, styrka arbeid med å få rekruttert rett kompetanse og betra kraft- og nettilgang i Vestland, var nokre av tiltaka. Politikarane vedtok og å arbeide for at produsentar av utstyr og tenester i Vestland kjem i posisjon til å ta del i den nasjonale forsvarsinvesteringa.
— Vestland er eksport- og verdiskapingsfylket nummer éin, og det skal vi vere også i framtida. Analysen som er gjort gir viktig kunnskap om kva næringa meiner er viktig å få på plass for å lukkast framover. Vår viktige rolle er å vere ein utviklingsaktør som spelar på lag, legg til rette for utvikling og byggjer ned barrierar for næringslivet. Med vedtaka som vart gjort i dag ynskjer vi å bidra til nettopp dette, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval næring i Vestland fylkeskommune.
Fleire barrierar vert trekte fram
Rapporten «Verdiskaping i Vestland, utviklingstrekk og næringssamansetnad» handlar om kva slags kundar og marknader utstyrs- og tenesteleverandørane for eksportretta næringar jobbar mot i dag, kva endringar som kan kome i framtida, og kva dei sjølve meiner skal til for å lukkast. Analysen er basert på talmateriale og intervju med folk frå ulike bedrifter rundt om i fylket.
Intervjua understøttar hypotesen om at utstyrs- og tenesteleverandørane hentar hovuddelen av si verdiskaping frå olje og gass-verdikjeda, men også at ein står overfor omstillingar i åra som kjem og vesentlege barrierar knytt til mellom anna kraft og nett, areal og infrastruktur, kapital og kompetanse.
Dei fleste bedriftene har eit stort strategisk fokus på å raskt kunne omstille seg mot kundar i andre Stadia i prosessen (frå råvare eller anskaffing via bearbeiding og marknadsføring til sal og service) som fører til verdiskaping. då det er stor usikkerheit om kundegrunnlaget på mellomlang sikt. Særleg gjeld dette utstyrs- og tenesteleverandørar som har ein høg del av sin aktivitet retta mot nykonstruksjon.
Respondentane trekkjer særleg fram desse områda som viktige for å kunne omstille seg raskt:
- Behov og krav frå kundar er utslagsgivande for at bedriftene gjer endringar. Berekraftsmål og -rapportering er drivarar, medan politisk usikkerheit og omskifting og behov for kortsiktig profitt frå eigarar hemmar utviklinga.
- For bedrifter med behov for auka tilgang til kraft og nett er dette ei vesentleg barriere.
- Reguleringsplanprosessar tek svært lang tid og dermed er ein barriere for nødvendig omstilling.
- Kompetanse er trekt fram som både eit konkurransefortrinn og som ein (framtidig) barriere. Respondentane trekkjer då både fram mangel på arbeidskraft og behov for å endre kompetanseområde, kultur og haldningar. Dette vil vera vesentleg både for å tilby produkt og tenester til nye/andre verdikjeder, men også for å vera konkurransedyktige og møte verdikjeder med ulike marginar.
Dette skal det jobbast vidare med
Hovudutval for næring vedtok følgjande oppfølgingspunkt etter framlegginga av analysen:
1. Næringsutvalet tek «Analyse av utstyr og tenesteleverandørar til eksportnæringar i Vestland» til vitande.
2. Næringsutvalet sluttar seg til administrasjonen sine vurderingar om vegen vidare med desse tillegga:
- Vestland fylkeskommune skal vera ein utviklingsaktør som samhandlar med næringsliv og kommunar. Fylkesdirektør vert bedt om å effektivt samordne ulike fylkeskommunale interesser i innspel til reguleringsplanar med målsetjing om å redusere sakshandsamingstida.
- Næringsutvalet bed fylkesdirektør bruke innkjøpsmakta strategisk for å bidra til nye verdikjeder som, eitt døme kan vere meir standardiserte løysingar for ladeinfrastruktur.
- Det skal investerast betydeleg i det norske forsvaret framover. Næringsutvalet bed fylkesdirektør arbeide for at produsentar av utstyr og tenester i Vestland kjem i posisjon til å ta del i dei nasjonale forsvarsinvesteringane.
- For å hindre at kompetanse vert ein barriere i utstyr og tenesteleverandør-sektoren, skal Vestland fylkeskommune arbeide for å sikre tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse, og auka innanforskap gjennom auka sysselsetting. Vidare må arbeidet for betra kraft- og nettilgang i Vestland halde fram.
Til rapporten Verdiskaping i Vestland (Vestlandsanalyse 2024/03)