Skal styrke kompetansen i distrikta – lyser ut 12,9 millionar

Midlane skal styrke kompetanse og arbeidskraft i distrikta og går til studiesenter og utvikling av nye utdanningstilbod.

Voss sentrum i fugleperspektiv. Bildet viser Voss Gondol og Kulturhuset.
STUDIESENTER: Eit av dei fire studiesentra i fylket dekker områda Voss, Hardanger og Kvinnherad. Illustrasjonsbilete frå Voss: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

– Vi satsar på å bygge utdanning og framtid der folk bur. Det styrker både lokalsamfunna og arbeidslivet, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring.
 
Midlane Vestland fylkeskommune no skal fordele kjem frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). 

Studiesentera har ei nøkkelrolle

Ordninga «Tilskot til studiesenter» utgjer åtte millionar. Studiesentera fungerer som lokale knutepunkt for høgare utdanning og etter- og vidareutdanning, og bidreg til å møte behovet for kompetanse i næringsliv og offentleg sektor.

Det er fire studiesenter i Vestland:

  • StudieHub - Fjordane Studiesenter (dekker Nordfjord og Sunnfjord) 
  • Studiesenteret Kysten (dekker Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger) 
  • HVK Studiesenter (dekker Hardanger, Voss og Kvinnherad) 
  • Sogn Kompetanse (dekker Sogn) 

– Studiesentera spelar ei nøkkelrolle i å skaffe rett kompetanse i distrikta. Dei gjer det mogleg å utvikle og tilby utdanningstilbod som tek utgangspunkt i dei behova næringsliv og lokalsamfunn faktisk har. På den måten bidreg dei både til busetjing, verdiskaping og utvikling i heile fylket, seier Handegard. 
 
Kvar søkar kan maksimalt søke om to millionar kroner. 

Forprosjekt om nye utdanningstilbod

Den andre tilskotsordninga gir støtte til forprosjekt om nye utdanningstilbod. Føremålet er å støtte utviklinga av nye utdanningstilbod som er særleg relevante for arbeidslivet i Vestland. Dette inkluderer både næringslivet og offentleg sektor. Prosjekta som får støtte skal enten danne grunnlag for nye utdanningstilbod i Vestland eller kvalifisere prosjekt til nasjonale utlysingar.  
 
Til saman 4,9 millionar skal delast ut og søkarane kan få inntil 400 000 kroner. Målgruppa er høgare utdanningsinstitusjonar, inkludert høgare yrkesfagleg utdanning. Prosjekta må gjennomførast i samarbeid med arbeidslivet. Dette for å sikre at utdanningstilboda møter reelle kompetansebehov. 

Vil du vite meir?

For meir informasjon om tilskotsordningane, sjå saksframlegget.