Rekordmange klimamillionar til Vestland
Vestland fylkeskommune har fått 213,9 millionar kroner i støtte frå Miljødirektoratet gjennom Klimasats-ordninga.

Midlane skal gå til å redusere klimautslepp frå hurtigbåtruter i Sunnhordland, slik at det skal bli mogleg med hybridelektrisk drift i neste kontraktsperiode frå 2028. Vestland fylkeskommune har tidlegare fått midlar frå Klimasats-ordninga, til tiltak på fylkesveg, for å redusere utslepp frå hurtigbåtar og til klimavenleg arealbruk, men aldri så mykje.
Har etterlyst statleg medfinansiering
– Dette er eit stort og viktig steg for meir berekraftig hurtigbåttrafikk. Vi har jobba svært mykje med å få utvikla utsleppsfrie hurtigbåtar dei siste åra. Dette på bestilling frå regjeringen i tråd med Paris-avtalen. Det krev både ny teknologi og mykje pengar, og det er eit klimaløft fylkeskommunane ikkje kan ta aleine, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Vestland har jobba saman med fleire andre fylkeskommunar om dette, blant anna gjennom prosjektet Fremtidens hurtigbåt.
Krev store investeringar
Hurtigbåtar har høge utslepp, og elektrifisering krev både ny teknologi og store investeringar i ladeinfrastruktur og energieffektive løysingar. Målet i prosjektet fylkeskommunen no får støtte til, er å redusere utsleppa med 25–30 prosent årleg.
Det er ein ambisjon at sambandet i Sunnhordland i neste kontraktsperiode skal kunne driftast med hybridelektriske hurtigbåtar. Dei aktuelle båtane vil i hovudsak trafikkere kortare distansar i Sunnhordlandsbassenget, der høg elektrifiseringsgrad er mogleg.
Meir detaljar utover hausten
Vestland fylkeskommune og Skyss er no midt i prosessen med å planlegge båtruta frå neste kontraktsperiode, og detaljar om løysinga er ikkje klåre enno. Skyss til leggje fram tilrådingar for politisk behandling allereie i haust.