Over 18 millionar til verna og freda fartøy i Vestland i 2025 - sjå kva båtar som får støtte
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering løyvde til saman 18,5 millionar kroner til verna og freda fartøy i møtet 11. mars.

Vestland er ein stor og viktig region i fartøyvernsamanheng, og sidan 2020 har hovudutvalet fordelt 74 millionar kroner til fartøyvern, gjennom to tilskotsordningar: Tilskot til sikring og istandsetjing av verna og freda fartøy, og tilskot til forvaltning og drift av verna fartøy – SAVOS.
— Samla søknadssum til potten sikring og istandsetjing av verna og freda fartøy er i år på heile 104,5 millionar kroner og syner eit stor og aukande behov for sikring og istandsetjing av dei verna og freda fartøya i Vestland. Midlane som no er fordelte utgjer om lag 11 prosent av det omsøkte beløpet på ordninga. Det har kravd ei svært hard prioritering mellom mange gode og naudsynte tiltak, uttalar Jacob Nødseth, leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.
Vestland har flest verna og freda fartøy
Vestland er det fylket i landet med flest verna og freda fartøy. Verneflåten består i dag av 52 fartøy, der 46 er verna og seks er freda eller under freding.
Av desse er det 31 trebåtar, 19 stålbåtar og to aluminiumsbåtar. Fartøya er ein viktig del av kulturarven til både fylket og landet, og fartøyvern er eit område der frivillige lag og organisasjonar tek på seg eit stort fagleg og økonomisk ansvar.
— Som fylkeskommune skal vi bidra til å ta vare på dei flytande kulturminna våre. Ved å sikre, ta vare på og setje i stand fartøya sikrar vi kunnskapen om handverket og teknikkar, og vi bidreg til at også framtidige generasjonar får innsikt i denne kunnskapen og historia, seier Nødseth.
Desse fartøya får tilskot til sikring og istandsetjing
Det kom i år inn søknader frå 35 fartøy. 19 får støtte til sikring og istandsetjing, med ei samla løyving på 15 356 251 kroner:
- Atløy: 150 000 kroner
- Axel: 800 000 kroner
- Faun: 494 000 kroner
- Folgefonn I: 3 000 000 kroner
- Granvin: 937 000 kroner
- Lindesnes: 896 000 kroner
- Markol V: 2 000 000 kroner
- Nyborg: 800 000 kroner
- Oster: 80 000 kroner
- Sjødampsprøite 1: 350 000 kroner
- Stavenes: 200 000 kroner
- Stord 1: 540 000 kroner
- Svanhild: 50 000 kroner
- Tysnes: 533 000 kroner
- Vikingen: 100 000 kroner
- Vulcanus: 70 000 kroner
Hovudutvalet set også av 541 916 kr til strakstiltak i 2025, som kan løyvast etter søknad i løpet av året.
I tillegg får fire fartøy tilsegn om tilskot i 2026. Det er Folgefonn I (100 000), Markol V (400 000), Mathilde (400 000) og Tysnes (400 000). Hovudutvalet nyttar tilsegn for å sikre nødvendig progresjon og kontinuitet i komplekse og langvarige istandsetjingsprosjekt.
Fire kommunar får også støtte til arbeidet med sikring og istandsetjing av verna og freda fartøy. Det er såkalla SAVOS-tilskot. Bergen kommune (616 000 kroner), Bremanger kommune (60 000 kroner), Kinn kommune (50 000 kroner) og Ullensvang kommune (506 231 kroner) får dette.
Hovudutvalet fordeler i tillegg 1 788 040 kr til fartøyvern ved musea i Vestland (SAVOS) og 3,2 millionar kroner til tilskot til forvaltning og drift av verna og freda fartøy- SAVOS - i budsjett for 2025. Budsjettposten inkluderer 1 600 000 kroner tildelt frå Riksantikvaren.

Desse fartøya får støtte til forvaltning og drift
Det kom inn 18 søknader for 2025 med ein samla søknadssum på 4,4 millionar kroner. Tilskotet kan gå til blant anna å dekke nødvendige driftskostnadar, til forbruksmateriell og reservedelar, til planlegging og kompetanseheving og til bevaring og formidling. Tilskotsordninga vart revidert i 2024 og er ikkje lenger avgrensa til å berre gjelde større fartøy.
— Frå 2025 er ordninga open for alle eigarar av verna og freda fartøy i Vestland. Ny innretting opnar òg for å gje tilskot til fartøyverntiltak som bidreg til klimagasskutt, og tiltak som styrkar sosial berekraft og folkehelse, opplyser Nødseth.
I år mottek 15 fartøy til saman 3,2 millionar til forvaltning og drift:
- Arnafjord: 100 000 kroner
- Atløy: 220 000 kroner
- Axel: 55 000 kroner
- Epos: 450 000 kroner
- Granvin: 105 000 kroner
- Lindenes: 150 000 kroner
- Midthordland: 180 000 kroner
- Nyborg: 90 000 kroner
- Oster: 250 000 kroner
- Sjøgutt: 12 000 kroner
- Snøgg: 30 000 kroner
- Stangfjord: 35 000 kroner
- Stavenes: 100 000 kroner
- Stord I: 625 000 kroner
- Svanhild: 250 000 kroner
- Vestgar: 473 000 kroner
- Vulcanus: 75 00 kroner
Vil endre nasjonal politikk
Hovudutvalet vedtok i same møte at dei ønskjer ei ny sak på bordet om korleis SAVOS-ordninga og andre statlege ordningar for fartøyvern, regelverk og andre føresetnader for drift bør utviklast/endrast for å møte behova i Vestland. Som del av dette ønskjer utvalet at det blir sett på korleis få til ei tilsvarande ordning der staten bidreg med same sum som private i tilskot til verna- og freda fartøy. Denne saka skal også synleggjere etterslepet i finansiering av fartøyvernfeltet frå staten.
—Vestland fylkeskommune har ei leiande rolle i å utvikle også nasjonal kulturpolitikk. Det ønskjer vi også å gjere på fartøyvernfeltet, noko vi no skal gjere. Målet er å ha eit nasjonalt regelsett og støtteordningar som møter behova som er i Vestland. Grunnstammen i fartøyvernet er dei mange eldsjelene som gjer ein framifrå dugnadsinnsats for den flytande kulturarven, uttalar Nødseth.
Hovuvutvalet vedtok også at det skal utarbeidast nye regionale retningsliner knytt til ordninga tilskot til sikring, istandsetjing og vedlikehald av freda og verna fartøy. Dei nye retningslinjene skal gjelde frå tildelinga i 2026. Dette vil bidra til å gjere tilskotsforvaltinga meir treffsikker og betre innretta med omsyn til situasjonen for flåten fylket forvaltar.
Til sakene PS 33/2025, PS 34/2025, PS 36/2025 i politisk møtekalender.