Over 15 millionar til friluftsliv, regionalparkar, kulturminne og papirlause menneske
Både kommunar, frivillige lag og organisasjonar og viktige kulturminne i heile fylket får støtte.

Hovudutval for kultur idrett og inkludering hadde digitalt møte 12. februar og behandla ei rekke saker. Mange av dei går vidare til endeleg vedtak i anten fylkesutvalet eller fylkestinget, medan andre vart avgjorde av hovudutvalet. Det gjeld blant anna alle sakene om fordeling av tilskot til ulike føremål.
Nesten ti millionar til friluftsområde og -aktivitet
Tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområde
Hovudutvalet fordelte til saman 4,8 millionar kroner i tilskot til tiltak i Dette er område som ikkje kan nyttast til anna føremål enn friluftsliv, utan samtykke frå staten.. Tiltaka som får støtte er opparbeiding, tilrettelegging og skjøtsel av områda. Sjå kva kommune som har fått støtte til kva tiltak i saksframlegget til sak 31/25 i hovudutvalsmøtet 12. februar. Hovudutvalet vedtok løyvingane slik dei står i tabellen.
Tilskot til friluftsaktivitet
Hovudutvalet fordelte også 2,9 millionar kroner til ulik friluftsaktivitet rundt om i fylket. Blant dei som får tilskot til dette er turlag, friluftsråd, speidarforbund, Røde Kors og andre. Målet med tilskota er å bidra til helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg friluftsliv. Sjå ei fullstendig liste over kva søkjarar som får kor mykje i saksframlegget til sak 12/25. hovudutvalet vedtok løyvingane som dei står i tabellen.
Tilråding til Miljødirektoratet
I tillegg til dette vedtok hovudutvalet ei tilråding til Miljødirektoratet om statleg sikring og tilskot til grunnleggjande istandsetjing av friluftsområde. Hovudutvalet tilrår at Bergen og Omland friluftsråd, Hyllestad kommune og Stord kommune får tilskot. Her er det direktoratet som gjer endeleg vedtak. Sjå heile tilrådinga i sak 17/25. Tabellen vart vedteken slik han står i saka.
Nesten to millionar til papirlause
Fylkestinget løyvde i desember 1,5 millionar kroner til transport og opplæring og 400 000 kr i naudsynt tannhelsehjelp for Papirlause menneske er ei svært samansett gruppe menneske, som av ulike årsaker oppheld seg i Noreg utan gyldig opphaldsløyve. Det kan blant anna vere menneske som har søkt om vern i Noreg, men fått avslag.. Hovudutval for kultur, idrett og inkludering fordelte i møtet 12. februar desse pengane til tre organisasjonar: Kirkens bymisjon, Kristent interkulturelt arbeid (KIA) Vest og Mennesker i Limbo. KIA administrerer utdelinga av Skyss-kort til papirlause menneske på vegner av alle aktørane, og Kirkens bymisjon får dei 400 000 kronene til å vidareføre tannhelsehjelp.
Hovudutvalet ber om at organisasjonane leverer ein rapport om korleis midlane er brukte innan utgangen av november 2025. Meir informasjon i sak 13/25.
To millionar til kulturminne
Hovudutvalet fordelte i same møte 2 millionar kroner i driftsstøtte til nasjonale og regionale kulturminne. Til saman 14 søkjarar får tilskot i denne runden, blant dei Stiftelsen William H Singer Jr’s og Anne Brugh Singers Minde, Gamle Vossebanen og Fortidsminneforeningen Hordaland avdeling.
Målet med desse tilskota er å stimulere til auka frivillig aktivitet for å ta vare på faste kulturminne, kulturmiljø og landskap. Sjå kven som får støtte og kor mykje i sak 22/25. Hovudutvalet vedtok framlegget i tabellen i saka slik det står.
1,1 million til regionalparkar
Vestland har fire regionalparkar. Det er eit geografisk samanhengane verdifullt og verdsett landskapsområde, som er definert på bakgrunn av den unike natur- og kulturverdien i området. Vestland fylkeskommune etablerte ei tilskotsordning for regionalparkane i 2021, og i 2025 er midlane viktigare enn nokon gong, i og med at parkane er ute av statsbudsjettet i år.
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering fordelte til saman 1,1 million kroner til regionalparkane 12. februar. Desse fire parkane får 281 196 kroner kvar:
- Fjordkysten regional- og geopark
- Geopark Sunnhordland
- Nordhordland UNESCO Biosfære
- Nærøyfjorden Verdsarvpark