Ny metode skal hjelpe kommunar å analysere klima- og naturrisiko 

Korleis kan vi vite kvar samfunnet er sårbart når klima og natur endrar seg? Ein ny rapport gir kommunane eit verktøy for nettopp det.

foto av Årdal kommune, dronebilete
VIL HA ALLE KOMMUNAR MED: Metoden blei først testa ut i Årdal kommune (biletet). Vestland fylkeskommune har som mål å nytte materialet frå prosjektet som grunnlag for å stimulere alle kommunane i Vestland fylke til å analysere sin klima- og naturrisiko. (Arkivfoto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

Metoden er utarbeidd av Vestlandsforsking og NORCE, i samarbeid med Årdal kommune, Vestland fylkeskommune, Miljødirektoratet og Hydro. 

–Trygge og robuste lokalsamfunn krev at vi forstår kvar vi er sårbare – både i møte med klimaendringar og tap av natur. Denne metoden gir kommunane eit konkret verktøy til å sjå både dei fysiske farane – som flaum og skred – og dei meir komplekse risikoane som kjem av dei systema vi er ein del av, til dømes kva som skjer med lokalt næringsliv om karbonprising endrar seg, eller det blir varemangel som påverkar forsyning og prisar.

Det seier stadfortredande avdelingsdirektør i næring, plan og innovasjon Endre Høgalmen.

– Naturrisiko handlar om korleis vi er avhengige av naturen – og korleis naturen blir påverka av oss. Dette er ei ny og heilskapleg tilnærming til risiko, og særs relevant for Vestland fylke med mange primærnæringar, seier Høgalmen. 

Internasjonalt nybrotsarbeid i Vestland 

Dette er det første forsøket internasjonalt på å utvikle ein samla metode for lokal analyse av både klimarisiko og naturrisiko. Metoden er bygd på internasjonale rammeverk blant anna frå FNs klimapanel og nasjonale utgreiingar og er tilpassa norske forhold. 

Metoden blei testa ut i Årdal kommune, med brei lokal deltaking frå næringsliv, organisasjonar og politikarar. Det viser at lokal kunnskap og medverknad er avgjerande for å forstå risiko – og korleis ein kan møte ho. 

Meir enn flaum og skred 

Klimarisiko handlar ikkje berre om meir flaum og skred – men også om korleis næringsliv og økonomi er del av verdikjeder og politiske system, og kan bli påverka av til dømes:

  • Nye reguleringar eller krav, t.d. endra karbonprising eller nye EU direktiv  
  • Overgang til ny teknologi og marknadsendringar 
  • Endra etterspurnad, lokalt og internasjonalt  
  • Ressursknappheit 

– Primærnæringane – som jordbruk, skogbruk, fiske og oppdrett – er spesielt utsette for klimaendringar, både gjennom meir ekstremvêr og gjennom sårbare verdikjeder. Eit tørkeår i Sør-Amerika kan føre til høgare fôrprisar her i Vestland, og påverke økonomien til både bønder og oppdrettarar, seier Ida-Beate Mølmesdal, fagkoordinator for klima, miljø og stadutvikling i Vestland fylkeskommune.  

I regional plan for klima 2022-2035 peikar Vestland fylkeskommune på behovet for betre oversikt over klimarisiko – ikkje berre dei synlege truslane som flaum og skred, men også dei meir langsiktige og komplekse risikobileta.

Denne nye metoden svarar på dette, og gir kommunane eit konkret verktøy for å kartlegge og forstå klimarisiko i heile breidda, og legg til rette for meir førebyggjande og treffsikker planlegging, seier Mølmesdal.

Frå rapport til kurs for kommunar

Vestland fylkeskommune har vore aktivt med i utviklingsarbeidet, og vil no bruke satsinga til å hjelpe fleire kommunar i gang. 

– Til hausten tilbyr vi kurs og rettleiing i korleis denne metoden kan brukast i praksis. Vi ønskjer at fleire kommunar skal få eit betre og meir konkret verktøy for å forstå eigen risiko, og enklare planlegge for klimaendringar, fortel klimarådgjevarane Ragnhild Berge Feidje og Tine Sille Svendsen. 

Til rapporten Analyse av klimarisiko og naturrisiko Forslag til samla metodikk med eksempel på analyse frå Årdal kommune