Nora (17) møtte kronprinsen på De unges havdag

Jobbmoglegheitene innan havnæringa er mange, og på "De unges havdag" fekk nær 1000 skuleelevar møte verksemder som lever av og på havet. Nokre fekk til og med helse på H.K.H. Kronprins Haakon.

foto av personar som helsar på kvarandre
FEKK MØTE KRONPRINSEN: Her helsar skuleelev Nora Dræge (17) på kronprins Haakon under De unges havdag på Festningskaien måndag. (Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Ei av dei var Nora Dræge (17), som går første året på restaurant og matfag ved Sotra vidaregåande skule. 

– Det var veldig kjekt å møte kronprins Haakon, sjølv om eg var litt nervøs i starten. Men han stilte mange gøye spørsmål, seier Dræge.
Ho ønsker seg jobb offshore på båt eller plattform, med jobb på landfast restaurant som plan b. 
– Det er ein veldig kreativ jobb, og eit godt miljø å vere i, der alle er ven med alle, fortel Dræge.

foto av fleire personar som snakkar saman
TOK SEG GOD TID: Kronprins Haakon tok seg god tid i møte med elevane Nora Dræge, Emir Ahmedov og Simon Storrø Edvinsen ved Sotra vidaregåande skule. Til høgre står Alexandra Krage Angell, dagleg leiar for Matarena AS og Smak av kysten. (Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

– Eg elskar havet

H.K.H. Kronprins Haakon var i Bergen for å delta på One Ocean Week og toppmøtet One Ocean Summit i Håkonshallen måndag.
– Eg må innrømme – eg elskar havet. Eg elskar å vere på det, og å vere i det. Og her i Bergen var eg i Marinen og lærte korleis ein navigerer på det. Men sjølv om vi elskar havet, veit vi at havet ikkje er i god helse, og vi må få havet tilbake i balanse, sa Kronprins Haakon ved opninga av One Ocean Summit.

Snakka med elevar og verksemder

Kronprinsen møtte også One Ocean Youth Panel på Statsraad Lehmkuhl, før han gjekk over til Festningskaien for å møte elevar og verksemder som deltok på De unges havdag. Arrangementet er nytt i år, og tilrettelagt for elevar på ungdomsskular og vidaregåande skular. Nær 1000 elevar nytta seg av tilbodet, og ti av våre vidaregåande skular var til stades. Langs heile Festningskaien var det utstillingar og demonstrasjonar av teknologiske nyvinningar frå verksemder i regionen og forskingsmiljø. Her vart elevane kjende med lokale rederi, dei fekk lære om framtidas energiløysingar, besøke sjømatteltet, møte Sjøforsvaret og bli kjend med oppdrettsnæringa og mykje meir.

foto av mange folk ute på Festningskaien
GOD STEMNING: Kronprins Haakon var ein populær gjest på De unges havdag og stemninga var god heile vegen. Til stades på Festningskaien var også statsforvaltar i Vestland Liv Signe Navarsete og Marit Warncke, ordførar i Bergen. (Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Fekk testa fysikken

Forsvaret treng fleire folk, og var godt synleg på Festningskaien. Sondre, sesjonsspesialist på Sverresborg og Maya, tilsett ved forsvarets personell- og vernepliktssenter på Hamar, opplever at interessa er stor. Dei nytta anledninga til å fortelje om dei ulike moglegheitene i Forsvaret, både under førstegangstenesta og vidare som yrkeskarriere.
– Det er uante moglegheiter! slår dei fast.

foto av to personar som snakkar til ei gruppe menneske
JOBB I FORSVARET?: Elevane fekk god informasjon om både førstegangstenesta og ulike jobbmoglegheiter i Forsvaret. (Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Sjøførsvarets idretts- og treningssenter stilte med ulike fysiske testar som elevane kunne prøve seg på. Hanna Aabrekk Sørensen (16) går på toppidrett ved Åsane vidaregåande skule. Ho greidde lett pull-ups-krava til Forsvaret, og fortel at ho har bestemt se for å søke seg inn til førstegangsteneste, fordi det er kult!

foto av jente som tek pull ups
NULL STRESS: Hanna Aabrekk Sørensen (16) går på toppidrett ved Åsane vgs. Ho greidde lett pull-ups-krava til Sjøforsvarets idretts- og treningssenter. (Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Arbeidsstad under vatn?

Også Ubåttjenesten var representert på havdagen. 
– Vi treng alltid folk, spesielt no som vi får nye ubåtar. Difor er vi til stades på ein del yrkesmesser, men det er spesielt givande for oss å delta på arrangement som De unges havdag. Det har vore eit par elevar som har sagt at dei har lyst til å jobbe på ubåt. Då kan det vere lurt under intervjurunden som vernepliktig å formidle dette. Men du må vite kva du seier ja til. Det er fleire veker under vatn, og det er ikkje sengeplassar nok til alle på grunn av skiftordninga, seier våpenteknikaren ved Ubåttjenesten.

foto av kvinne i Ubåttjenesten.
UNIKT SAMHALD: Å jobbe på ubåt er ikkje for alle, men dei som søker seg dit, opplever eit unikt samhald, seier våpenteknikaren ved Ubåttjenesten. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Er ein del av One Ocean Week

De unges havdag er ein del av One Ocean Week, som er ein møteplass for debatt, erfaringsutveksling og opplevingar knytt til ei berekraftig utnytting av havet. Veka blir arrangert for tredje gong, og mobiliserer både næringsliv, akademia, det offentlege og innbyggjarar i Bergen og Vestland. I tillegg til eit rikt fagleg innhald, er veka fylt med ei rekkje arrangement som er opne for alle. 
One Ocean Week er støtta av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune, og er eit samarbeid mellom One Ocean Havbyen Bergen og nesten 80 partnarar.

foto av fire elevar som står i eit telt under eit arrangement
KLARE FOR JOBB i HAVNÆRINGA: Frå venstre: Leander Langøren, Nikolai Fimreite, Torius Helleland og Markus Berntsen ved Bergen maritime vgs. sette pris på eit avbrekk frå skulebenken for å delta på De unges havdag. Dei skal alle ut i lære til sommaren. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)