KRINGOM: ny digital kunnskapsportal om natur- og kulturhistoria vår

Kringom.no samlar kunnskap om Vestland i ein ny, digital kunnskapsportal.

Svart-kvitt bilde av kai med gamal båt, mykje folk, ein buss og nokre bildar. Søkeboks over bildet med teksten Søk i Kringom.
HISTORIE: På kringom.no kan du både søke etter ord og uttrykk og leite i kartet. Dette er eit typisk bilete av folkelivet i Høyanger på 1950- og 60-talet. "Snutebussen" i front var den første dieselbussen til Firda Billag, og var i fast rute med skiftarbeidarar på strekninga Høyanger–Vadheim. Snøggruta hadde anløp på same tid, og frammøtet på kaia var alltid bra, men dette er truleg teke på ein søndag. Gamle "Høyang", motorbåten til Naco (Norsk Aluminium Company), ligg ved bøya si til høgre bak på biletet. (Skjermbilde: kringom.no)

Universitetet i Bergen og Vestland fylkeskommune samarbeider om å gje tilgang til kunnskap om den felles historia vår. Gjennom søk i kart og tekst kan Kringom.no ta deg med på ei virtuelle reise i Vestland, der du kan lese om den rike kulturarven og den mangfaldige naturen i regionen.

Nokre kjenner kanskje igjen namnet Kringom frå kollektivselskapet i tidlegare Sogn og Fjordane? Gjenbruk er viktig, og vi tykkjer dette er eit perfekt namn på denne portalen, som nettopp tek deg med kringom i heile fylket vårt. 

4500 artiklar om historia vår

Kringom er ei vidareføring av to tidlegare digitale tenester som dekka kvar sine delar av Vestland: Grind for Hordaland og Kulturhistorisk leksikon for Sogn og Fjordane.

Kringom dekker heile fylket. Her finn du meir enn 4500 artiklar om ulike tema som tru og livssyn, samferdsle, språk og kunst, næring og handverk, arkeologi, landskap, berggrunn, planteliv, vêr og klima. Vi utviklar innhaldet vidare og er stadig på jakt etter gode tema og nye bidragsytarar.

Vidareføring av nært historisk forhold

I 2025 er Universitetsmuseet i Bergen 200 år. Grunnleggaren av museet, stiftamtmann Wilhelm Frimann Koren Christie, var nært knytt til embetsdistriktet sitt i Nordre- og Søndre Bergenhus Amt, det som i dag er Vestland fylke. Ordet Kringom [ikring, omkring] er nedteikna i den omfattande samlinga Christie hadde av dialektord frå 1837. 

Heilt sidan den tida har det vore eit nært forhold mellom museet/universitetet og regionen. Kunnskapsportalen Kringom er ei vidareføring av dette.