Korleis møte ungdom med eit vanskeleg forhold til mat og kropp?

Tysdag 10. juni kl. 13.30-15.00 inviterer ROS (Rådgiving om spiseforstyrringar) til webinar med tema ungdom og spiseforstyrringar.

Illustrasjon av kvinne som spiser.
WEBINAR: ROS Inviterer tilsette i vidaregåande opplæring til webinar. (Illustrasjon: ROS)

Mange ungdommar strevar med mat, kropp og sjølvbilde. Det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere når ein er uroa for ein elev eller læring. I dette føredraget får du fagleg påfyll og konkrete råd om korleis du kan møte ungdom som har det vanskeleg.

Desse tema blir tekne opp

  • Kva spiseforstyrringar er og korleis det kan sjå ut hos ulike personar.
  • Kva teikn du kan vere merksam på, og når du bør bli uroa.
  • Korleis ta opp tematikken med ungdom du er bekymra for.
  • Korleis snakke om mat, kropp og trening med ungdom på ein god måte.
  • Korleis kople på meir hjelp når det er behov for det. 

Føredragshalder er psykolog Sunniva Mollandsøy frå ROS.

For kven?

Invitasjonen går til alle tilsette i vidaregåande opplæring i Vestland, særleg dei som jobbar tett på elevar og lærlingar. Dei ulike samarbeidsorgana og lærebedrifter er også inviterte. Vestland fylkeskommune inviterer i tillegg skulehelsetenesta og ungdomsskulane. 

Gratis rådgiving

ROS er ein ideell organisasjon som arbeider for å førebyggje og gi støtte til menneske som strevar med mat og kropp. Dei tilbyr gratis rådgiving, kurs og informasjon, både til personar som sjølve stevar, og til pårørande og fagpersonar.