— Her kjem det ned blokkar store som bussar
Gul midtstripe har blitt ein urettmessig målestokk for om vegen er god eller ikkje. Dei store blokkane som heng over vegen tar ikkje omsyn til om det er stripe eller ikkje.

Ruta Nasjonal rassikringsgruppe køyrer når dei er på studietur i Rogaland og Vestland er stort sett typisk vestlandsvegar; smal, svingete og til tider ganske så rasfarleg. I løpet av dei ti siste åra har det gått 1084 ras på ruta, ni i månaden. På same rute er det registrert 23 skredpunkt, altså stader geologar ser at det kan vere fare for skred i framtida.
— Det største inntrykket var å møte innbyggarar og næringsliv som har opplevd å bli tatt av ras, og lever med frykta for ras kvar dag, seier leiar av Nasjonal rassikringsgruppa, Randi Walderhaug Frisvoll.
Ved årsskiftet overtok Vestland fylkeskommune sekretariatsansvaret for Nasjonal rassikringsgruppe frå Troms fylkeskommune. Dei åtte mest rasutsette fylka er medlem i gruppa som består av Troms, Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Innlandet og Rogaland.

Kvar av medlemmane i rassikringsgruppa har éin representant som jobbar saman for å løfte rassikringsspørsmål nasjonalt, påverke politiske prioriteringar og sikre auka finansiering til rassikringstiltak langs riks- og fylkesvegar.
— Alle som køyrer må kunne ha ein føreseieleg veg å køyre på. Det vi har sett i Rogaland og Vestland er berre ein liten del av mange farlege vegstrekk i Noreg som er på overtid å få gjort noko med, seier Walderhaug Frisvoll.
Isolert
Sjølverklært noregsmeister i ras, Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug, var ein sjølvskriven gjest. Heimbygda hans, Odda, var isolert fire gangar i fjor, og to gangar så langt i år. Det vil seie 5000 menneske som ikkje kjem seg nokon stad før vegen er rydda.
— Eg veit om folk som køyrer med vindauga open for å høyre om det kjem skred, fortel han.
Sprekker i fjellet
I Hardanger bur det vel 20 000 menneske. Skulle noko skje med fylkesvegen gjennom Tokagjelet er det andre dårlege vegar som må brukast. Både fylkesveg 49 og 79 blir brukt som omkøyringsvegar når E16 er stengd, dei er underdimensjonert og toler ikkje trafikkbelastinga. Det vil seie at det fort blir kø på dei skredutsette vegane.
— Fjellet består av fylitt og glimmerskifer. Det er gamal havbotn med mikrosprekker, fjellet er dårleg og forvitrar lett. Terrenget er dekka av vegetasjon. Å kartlegge fjellsidene er vanskeleg, fortel geolog Harald Hauso.
— Dette prosjektet søv eg dårleg av. Ein ting er om det skulle rase ovanfrå, men her kan også muren under vegen rase ut. Skjer det noko no så tar det fem år før vi har ein ny tunnel, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.
Askeland er Vestland fylkeskommune sin representant i Nasjonal rassikringsgruppe.
Einaste løysing
På fylkesveg 79 ved Steinstøberget har det blitt tatt ned steinblokkar så store som bussar, fortel Hauso. Det er bratt opp på eine sida av vegen, og bratt ned mot fjorden på andre sida.
— Her hjelper det ikkje å utvide vegen. Arbeidstryggleiken er ikkje forsvarleg. Vegen er smal, muren under vegen er dårlege og utfordringane med å stenge blir kolossale. Det ville vore ekstremt krevjande å få til og vi ville ikkje fått det resultatet vi ønska å oppnå, seier Hauso.
— Tunell er einaste løysing. Det er det einaste alternativet som gir meining. Verken fanggjerde eller punkutbetring er løysinga, men her kjem vegen til å bli knust når det går ras, seier Hauso.
Både i Tokagjelet og i Steinstøberget er tunell foreslått som den beste løysinga. Tokagjel-prosjektet er berekna til å koste opp mot tre milliardar kroner.
— Eg er veldig glad for at viktige fagfolk legg premissar. Vi politikarar leitar er løysingar som kostar minst. Her kan vi ikkje ta den billigaste løysinga, vi må ta den tryggaste, seier Askeland.