Fylkestingsmedlem Sigurd Reksnes er død

Senterpartirepresentanten og ordføraren i Stad kommune sovna stille inn fredag 31. januar, 48 år gamal.

Tre menn i dress og ei kvinne.
SENTRAL: Sigurd Reksnes (i midten) var sentral i prosessen med å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland. Han sat blant anna i fellesnemnda som førebudde samanslåinga. Her er han avbilda saman med Aleksander Øren Heen, Jakob Sandal og Gunhild Berge Stang under det felles drøftingsmøtet i Gulen i oktober 2017. (Foto: Gøril Sætre/Vestland fylkeskommune)

Sigurd Reksnes var fylkestingsmedlem i Vestland sidan samanslåinga i 2020. Før det sat han i fylkestinget i Sogn og Fjordane, og var blant anna gruppeleiar for Senterpartiet i perioden 2015–2019. I Vestland var Reksnes òg medlem i hovudutval for samferdsel og mobilitet.

Reksnes vart ordførar i Stad i 2023. I tillegg var han sentralstyremedlem i Senterpartiet. Berre timar før han døydde, overrekte fylkesordførar Jon Askeland og ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling, Senterpartiet sitt heidersmerke til Reksnes.

– Heidersmerket ramma så fint inn det samfunnsengasjerte mennesket Sigurd var. Han ville så mykje for så mange, og betydde så mykje for så mange. Han hadde ei imponerande politisk merittliste og vil bli djupt sakna både som politikar og som medmenneske. No går dei varmaste tankane mine til familien til Sigurd, seier fylkesordføraren.

Stad kommune skriv på nettsida si at Reksnes fekk påvist kreft i 2021 og var open om sjukdomssituasjonen. Han har sidan den gong i periodar hatt fritak frå politiske verv på grunn av kreftbehandling.

Det blir ei kort markering for Reksnes under fylkestingsmøtet 18. og 19. mars.