Følgjer nasjonale føringar for russefeiringa

Vestland skal følgje nasjonale målsettingar og strategiar for det vidare arbeidet for ei trygg og inkluderande russefeiring for alle.

Russ i park.
ENDRA RUSSETID: Hovudutval for opplæring og kompetanse har vedteke å følgje nasjonale målsettingar og strategiar for det vidare arbeidet for ei trygg og inkluderande russefeiring for alle. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune).

Det vedtok hovudutval for opplæring og kompetanse 22. januar. Frå 2026 blir russefeiringa starta etter siste eksamen, og det vert tilrettelagt for at avgangselevane har ei felles feiring og ein stad å vere. På sikt er målet at russefeiringa startar når skuleåret er ferdig i midten av juni.

– Ved å gjere endringar i russefeiringa håpar vi at fleire avgangselevar får ei god og inkluderande feiring. Avgangskulla har opplevd ei drastisk endring av russetida på få år, frå å vere ei god markering for ungdommen til at kommersielle aktørar har teke over regien. Ei endring av russetida er ønskeleg  både frå nasjonalt hald, hos fylkespolitikarane, skulane og ikkje minst av ungdommane sjølve, seier utvalsleiar Åsmund Berthelsen.

Løyver inntil 2 millionar kronar

Med mål om ei inkluderande og trygg russefeiring i 2025 løyver hovudutvalet inntil 2 millionar kronar slik at lokale aktørar kan søkje om tilskott til arrangement for russen. Det kan også vere aktuelt å gje tilskott til transport til og frå lokale arrangement.

I fjor var det to arrangement for russen i Bergen i tråd med føringane gitt av fylkesutvalet. I tillegg blei det gjennomført arrangement på Breim og i Sogndal som fekk støtte til transport. Tilbakemeldingane frå arrangementa har vore positive og evalueringa av russetida 2024 viser at Vestland fylkeskommune er på rett veg. 

Prosjekt "2026 – en ny feiring!"

Dei siste åra har det vore stor merksemd nasjonalt kring russefeiringa, og det vert arbeidd nasjonalt for ei endring av russefeiringa i prosjektet «2026 – en ny feiring!». Prosjektet har som mål å bidra til at ungdommane tek tilbake regien over russetida, slik at både skulekvardagen og fritida kan opplevast tryggare og meir inkluderande for fleire.
 
Årets kull er det  første som blir ramma av den gradvise endringa fordi Kunnskapsdepartementet har flytta to av dei skriftlege eksamenane til før 17. mai. Dette gir signal om at rammene for feiringa er i endring, og at det for framtidige kull vil vere naturleg å feire etter munnleg eksamen og etter siste skuledag.