Fleire droppar refleks

Milde vintrar utan snø gjer vinteren ekstra mørk. Likevel går halvparten av oss utan refleks.

Ein mann med brunt, kort hår og briller ser rett i kamera med eit alvorleg utrykk. Han har på seg ein blå jakke med skjorte inni. Utanpå jakken har han eit oransje refleksband. Han står ute med trafikk i bakgrunnen. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
HUGS: No er går vi inn ei tid der det er mørkt morgon og kveld. Arve Helle leiar trafikktryggingsutvalet i Vestland fylkeskommune og skulle ønskje fleire tok på seg refleks når det er mørkt ute. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Ein ekstra farleg kombinasjon med snølause vintrar er regn som gir glatt, mørk og våt veg. Mørke vinterkle gjer det heller ikkje enklare å bli oppdaga. Om vinteren blir langt fleire påkøyrd enn om sommaren.

— Går du utan refleks krev det at bilførarar må vere ekstra merksam, spesielt når dei nærmar seg gangfelt. Du må altså stole på at bilførar ser deg når du går utan refleks. Den sjansen tar ikkje eg, seier Arve Helle, leiar av trafikktryggingsutvalet i Vestland fylkeskommune.

Refleksdagen

Tal frå Trygg trafikk viser at refleksbruken på landsbasis har gått ned frå 48 prosent til 47 prosent. I Vestland seier 48 prosent at dei brukar refleks.

Helle, i lag med representantane i trafikktryggingsutvalet og Trygg trafikk, markerer refleksdagen 16. oktober med å dele ut refleksar, og gjere folk meir bevisst på kor viktig det er å vere synleg i trafikken.

— Utan refleks er du synleg først på rundt 25-30 meters hold, det vil seie at bilførar har to sekund på å reagere. Med refleks kan bilførar sjå deg på 140 meters hold med nærlys, og har rundt ti sekund. Dei sekunda kan utgjere forskjell på liv og død, seier Helle.

Falsk tryggleik

Om hausten blir det tidleg mørkt morgon og kveld. Krevjande køyreforhold med regn og våt veg gjer at veglys blir «slukt». Gatelys kan også gi falsk tryggleik. Dei fleste ulykkene skjer i byane og når folk kryssar gata. Lys frå andre bilar og refleksjonar frå butikkvindauga gjer det vanskeleg å oppdage gåande.

— Gåande og syklande er vanskeleg å oppdage i mørket, og dei er mykje dårlegare beskytta enn bilførar viss det skjer ei ulykke, seier Helle.

Helle har fleire konkrete tips:

  • Bruk to refleksar så er du synleg frå alle kantar.
  • Nærlys på bilar skrår nedover, så det kan vere smart å bruke refleks på beina eller i knehøgde.
  • Legg refleksbånd i skoa, då hugsar du dei på veg ut.
  • Bruk refleks som beveger seg når du går, då er du mest synleg.
  • Fest refleks på alle jakker og bagger.
  • Refleksbruken i Vestland har auka frå 41 prosent i 2023 til 48 prosent i 2024. På landsbasis går tala andre vegen. 47 prosent brukte refleks i 2024, mot 48 prosent året før.
  • Trygg trafikk har jobba for at 50 prosent av alle fotgjengarar skulle bruke refleks innen 2022.
  • Innan 2026 er målet at 53 prosent skal bruke refleks.
  • På landeveg seier 53 prosent at dei bruker refleks, som er ein nedgang frå 54 prosent året før.
  • I sentrumsstrøk er tala stabile. 41 prosent seier dei bruker refleks.
  • Dei siste åtte åra har refleksbruken auka med åtte prosent (frå 39 prosent i 2016 til 47 prosent i 2024).