Er det mørkt langs ein veg nær deg? Slik melder du feil på veglys

Har du oppdaga mørke gatelys, eller feil på veglys langs ein fylkesveg eller langs kommunale vegar?

Skjermbilde frå løysinga der ein melder feil på gatelys. Det syner gater i Bergen og alle lyspunkta ein kan melde feil på.
MELD FEIL: I den nye løysinga kan publikum enkelt melde inn feil ved å trykke på den aktuelle lampen det er feil på. Då kjem feilmeldinga til rett instans og blir teken tak i så snart som råd. (Skjermbilde)

For at feilen skal bli fiksa raskast mogleg, må du melde frå på rett vis. Vestland fylkeskommune har teke i bruk ei ny kartløysing for å melde inn feil på veglys langs fylkesveg.

Du finn løysinga og instruksjonar for korleis melde inn feil på denne sida.

– Det er viktig at publikum brukar denne løysinga for å melde frå om feil dei oppdagar på veglysa. Då kjem feilmeldingane til rett instans og blir tekne tak i så raskt som råd. Vi oppmodar difor alle til å ta i bruk denne tenesta heller enn å bruke telefon eller e-post, seier Adrian Kasin, prosjektleiar for elektro i Vestland fylkeskommune.

Nedst på sida er det også lenker til kvar du kan melde frå om feil på veglys på kommunale vegar i kommunen din.

Ikkje meld frå til Eviny eller Veilys

Frå 1. september av har Vestland fylkeskommune kontrakt med SET Elektro om veglysa i Bergen og omegn. Dette er ein felles kontrakt med kommunane Øygarden, Askøy, Alver, Austrheim, Fedje, Osterøy og Bjørnafjorden. Det betyr at kontrakten gjeld både fylkesvegar og kommunale og private vegar i området.

– Veglysa i dette området har tradisjonelt vore både eigde og drifta av BKK/Eviny/Veilys AS, og feilmeldingar på veglys har gått til dei. Slik er det ikkje lenger. Vi ønskjer overgangen skal gå så enkelt som mogleg for alle partar og oppmodar difor publikum sterkt til å ta i bruk den nye publikumstenesta til fylkeskommunen, seier Kasin.

Skiftar til LED-lys

Tidlegare har alt av feil på veglys blitt utbetra fortløpande. Mørke lampar og feil vil framleis bli fiksa, men i mindre grad enn tidlegare. Det heng saman med at alle veglysa langs fylkesvegar i fylket er i ferd med å bli oppgraderte til LED-lys.

Status for utskiftinga, som skal vere ferdig i 2029, kan du lese meir om her.