Ekstraordinære inntekter sikra rekneskapspluss
Drifta gjekk i minus, men inntekter utover budsjett frå rammetilskot, havbruksfond, konsesjonskraft og renter sørga likevel for mindreforbruk på knappe 35 millionar kroner for Vestland fylkeskommune i 2024.

– Det er god budsjettdisiplin i organisasjonen med mindre avvik for dei fleste sektorane. Hovudutfordringa er knytt til kollektivsektoren, der det over tid har vore ubalanse mellom inntekter og utgifter. For å ivareta god økonomistyring framover vert det avgjerande å styrke inntektene og tilpasse drifta innanfor realistiske rammer, fastslår fylkesdirektør Rune Haugsdal.
Han framhevar innsatsen tilsette har lagt ned gjennom heile fjoråret.
– Eg er stolt og takksam over den viktige jobben alle tilsette gjer kvar dag for å levere gode tenester til innbyggjarane og utvikle Vestland, seier han.
Rekneskapen for 2024 er gjort opp i balanse. I samsvar med rekneskapsreglane er bruk av disposisjonsfond stroke tilsvarande mindreforbruket på knappe 35 millionar kroner, slik at rekneskapen er gjort opp i balanse mellom inntekter og utgifter. Netto bruk av disposisjonsfond er 362 millionar kroner. Dei siste to åra er disposisjonsfondet redusert med totalt 491 millionar kroner.
Stor skattesvikt
Mindreforbruket i rekneskapen skuldast høgare inntekter enn budsjettert, i hovudsak frå havbruksfond, konsesjonskraft og renter. Inntekter frå havbruksfondet vart 99 mill. kr høgare enn budsjettert. Meirinntekter frå sal av konsesjonskraft viste 29 millionar kroner, og renter vart 122 millionar kroner betre enn venta.
Tidlegare år har høgare skatteinngang enn budsjettert vore ei hovudforklaring på gode økonomiske resultat. Dette var ikkje tilfelle i 2024. Skatteinngangen viste då for fyrste gong på fleire år negativ utvikling samanlikna med det som var budsjettert. Samla vart skattesvikten 177 millionar kroner. Stortinget sitt vedtak om å styrke dei frie inntektene til fylkeskommunane i samband med nysalderinga av statsbudsjettet på tampen av året, auka rammetilskotet med 82 millionar kroner og motverka effekten av skattesvikten noko.
– Mykje tyder på at dei «gylne åra» for kommunal sektor er over. Vi kan ikkje stole på at auka skatteinngang skal berge økonomien vår framover. Dei siste åra har vi nytta midlar frå disposisjonsfondet for å oppretthalde nivået på tenestene våre. Dette går ikkje i lengda; som dei fleste andre kjem heller ikkje vi unna å måtte ta grep for å sikre at innrettinga av drifta vår samsvarer med midlane vi rår over, understrekar Rune Haugsdal.
Raude tal for kollektivdrifta
Drifta av kollektivtrafikken er det området der fylkeskommunen slit mest med å halde tritt med kostnadsutviklinga. Det vart raude tal også i 2024, sjølv om budsjettet dei siste åra har blitt styrka med nærare 500 millionar kroner. Kollektivsektoren hadde i 2024 eit negativt budsjettavvik på 126 millionar kroner. Tilsvarande tal for 2023 var minus 45 millionar kroner etter at budsjettet vart styrka med tilleggsløyving på 143 millionar kroner.
– Eit godt og føreseieleg kollektivtilbod er viktig for innbyggjarane i heile fylket. Det er gledeleg med solid vekst i passasjertrafikken, særleg for buss og bane. Like fullt slit vi med å halde tritt med prisveksten på ulike innsatsfaktorar i driftskontraktane våre. Trass i ekstraordinær takstauke i løpet av 2024 og ein ny runde no i 2025, er det framleis ein ubalanse mellom kostnader og inntekter som må rettast opp, dersom vi skal makte å halde tilbodet oppe, framheld fylkesdirektøren.
Utviklinga i 2024
Utanom kollektivsektoren kom dei andre sektorane ut med positivt budsjettavvik på vel 6 millionar kroner. Dette viser god budsjettstyring med tanke på at det samla sektorbudsjettet i Vestland fylkeskommune er på 11,5 milliardar kroner. Tek ein med avviket innanfor kollektivsektoren på 126 millionar kroner vert samla negativt budsjettavvik på 120 millionar kroner.
Sektorar med positive budsjettavvik av nokon storleik var eigedom og utbygging med 20 millionar kroner og opplæring og kompetanse med knapt 3 millionar kroner. Skulefonda vart redusert med 41 millionar kroner i 2024 og utgjer no vel 52 millionar kroner. Infrastruktur og veg hadde negativt budsjettavvik på 21 millionar kroner.
Renteutgiftene vart 49 millionar kroner lågare enn budsjettert. Det er likevel viktig å merke at veksten i renteutgiftene frå 2023 til 2024 var på nær 140 millionar kroner. Renteinntekter, rentekompensasjon og utbytte vart 73 millionar kroner høgare enn budsjettert.
Lånegjelda ved utgangen av 2024 er 17,5 milliardar kroner. Dette er nærare 1,2 milliardar kroner høgare enn ved utgangen av 2023. Netto gjeldsgrad, som er forholdet mellom lånegjeld og driftsinntekter, var 92,5 prosent. Trass i relativt stor auke i gjelda, auka inntektene endå litt meir, slik at gjeldsgraden gjekk noko ned.
Samarbeid sentralt for verdiskapinga
Rekneskapen for 2024 er den femte i rekka sidan Vestland fylkeskommune vart etablert. Etter krevjande år og unntakstilstand under koronapandemien, er drifta no tilbake i normal gjenge. Den nye fylkeskommunen har vist seg som ein vital og livskraftig organisasjon med ei tydeleg stemme til beste for innbyggjarane i fylket. I desse fem åra har det vore arbeidd målretta med utvikling av alle delar av fylket gjennom stor vekt på samspel og samhandling med kommunar, næringsliv, akademia, kultur og frivillige organisasjonar. Særleg i samband med det grøne skiftet har Vestland fylkeskommune teke ein leiande posisjon.
Samarbeid er også eit bærande prinsipp for den nye utviklingsplanen for Vestland, som fylkestinget vedtok rett før årsskiftet:
– Vi arbeider målretta vidare for at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket i Noreg. Samarbeid og koordinering av ressursar på tvers av bransjar og aktørar står sentralt i dette. Ved å spele godt i lag får vi til eit framtidsretta og inkluderande arbeids- og næringsliv, basert på dei regionale fortrinna våre. Slik skapar vi også gode og livskraftige lokalsamfunn, poengterer fylkesordførar Jon Askeland.
Rosar tilsette
Fylkesordføraren understrekar at målsetjingar og planar berre fører fram ved at dei fylkeskommunale einingane og medarbeidarane følgjer opp.
– Eg vil gje ros for innsatsen og resultatet for 2024. Ståpåviljen og det høge faglege nivået i fylkeskommunen imponerer. Det gode og tillitsfulle samspelet mellom folkevalde og administrasjonen gjev oss dei beste føresetnadane for å lukkast. Dette vert ikkje minst viktig i åra som kjem med utsikter til meir krevjande økonomiske tider, avsluttar Askeland.
Sentrale nøkkeltal
2023 |
2024 |
Endring |
|
---|---|---|---|
Driftsinntekter | 16 967 mill. kr | 18 214 mill. kr | 1 247 mill. kr |
Driftsutgifter (eksl.avskriving) | 14 989 mill. kr | 16 587 mill. kr | 1 598 mill. kr |
Netto driftsresultat | 857 mill. kr | 473 mill. kr | -384 mill. kr |
Resultatgrad | 5,1 % | 2,6 % | -2,5 % |
Renteutgifter | 495 mill. kr | 635 mill. kr | 140 mill. kr |
Avdrag på lån | 930 mill. kr | 850 mill. kr | -80 mill. kr |
Investeringar | 5 115 mill. kr | 3 936 mill. kr | -1 179 mill. kr |
Netto gjeldsgrad | 94,7 % | 92,5 % | -2,2 % |
Lånegjeld | 16 378 mill. kr | 17 539 mill. kr | 1 161 mill. kr |