Ei havveke er over, men klimaarbeidet må halde fram

Fylkesordførar Jon Askeland har lagt bak seg ei særs travel veke og sit att med mange høgdepunkt frå One Ocean Week. Men han deler også dei unge sin frustrasjon over at det vert for mykje prat og for lite handling i klimaarbeidet.

Ein mann med kvitt hår og svart frakk vinkar til ei skute som er i ferd med å legge frå kai. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
ONE OCEAN EXPEDITION: Utseglinga til Statsraad Lehmkuhl markerer avslutninga på One Ocean Week 2025. I løpet av 12 månader skal skipet legge til kai i 24 hamner i Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika. Skipet skal knyte band mellom ungdomar, forskarar, sjøfolk, diplomatar og folk flest. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Korleis vil du oppsummere det tredje året til One Ocean Week?

– Den korte oppsummeringa er at det har vore ein suksess som gir inspirasjon til vidare innsats for eit berekraftig hav. Dette er eit arrangement som har vakse seg sterkare gjennom tre år. Vi ser at vi er blitt anerkjent og godt kjent utanfor landegrensa, men vi må i større grad gjere One Ocean Week meir kjent for innbyggjarane i Bergen og fylket elles. Det skal vi jobbe vidare med, saman med måla våre for kvar vi skal vere i 2030.

Kva rolle har Vestland fylkeskommune i havveka?

– Den er ganske omfattande. Fylkesordføraren er valt til å vere leiar for styringsgruppa, der fleire store aktørar er med. Bergen kommune er vertskap, du har Universitetet i Bergen og Havforskningsinstituttet, og ei rekke andre organisasjonar, særleg frå næringslivet. Vestland fylkeskommune har eit hovudansvar for kva rolle heile kysten skal ha i One Ocean Week og One Ocean- prosjektet. Mykje er retta internasjonalt, og handlar om internasjonale moglegheiter for oss i heile fylket, det gjeld for både næringsliv, forsking og for folk flest.

 Kva var høgdepunktet i år?

– Det vert sjølvsagt veldig subjektivt, men i år synest eg at One Ocean Summit, toppnivåmøtet med internasjonale kapasitetar, var eit høgdepunkt. Eit anna høgdepunkt var at FN sitt ungdomspanel for havet er så godt integrert i One Ocean Week. Det har vi fått mykje internasjonal anerkjenning for. Sjølv hadde eg eit sterkt møte med Raftostiftelsen sitt arbeid med hav og menneskerettar. Det rørte hjarta mitt.

Bilde frå Håkonshallen i Bergen. To menn i dress går langs midtgangen mot kamera. På kvar side er det stoler og folk som står. Rommet er bygd i stein og det er lysekroner i taket. Foto: Thor Brødreskift.
GLAD I HAVET: — Sjølv om vi elskar havet, veit vi at havet ikkje er i god helse, og vi må få havet tilbake i balanse, sa Kronprins Haakon ved opninga av One Ocean Summit. Her i lag med fylkesordførar Jon Askeland. Foto: Thor Brødreskift

Er det noko som har provosert deg?

– Ja. Som ei frå FN sitt ungdomspanel for havet sa: Det går for seint med handling. Vi veit nok til å ta mange grep, likevel set vi og har «another conference», som ho sa. Det er framleis for mykje prat, og vi treng å jobbe meir.

Elleve unge menneske sit foran ein skjerm. På skjermen er det bilde av eit fjes med auge i fokus. Fjeset er i fargene til jordkloden. På skjermen står det One ocean youth panel med kvit skrift. Foto: Thor Brødreskift
SPØRSMÅL OM HAVET: One ocean youth panel er ei gruppe unge menneske frå ulike stader i verda, som mobiliserer til globalt samarbeid og handling om viktige spørsmål om havet. Foto: Thor Brødreskift

Klimaomstillingskonferansen i Sogndal fyller 10 år. Mange tema frå første konferanse er dei same som vi snakkar om i dag. Går klimaarbeidet seinare enn du hadde trudd? 

– Ja, det gjer det. Det eg er frustrert over no, er at eg synest at vi i Noreg er mindre opptekne av klima i dag enn for fem år sidan. No er det meir søkjelys på naturvern, men naturvern og klima heng saman, og vi må kople dei igjen. Eg trur det har med å gjere at vi berre tek éi utfordring om gangen, og så vrir vi oss vekk frå hovudutfordringa til menneskeheita og jorda, og det er klimautfordringane.

Ein smilande mann med kvitt hår, briller og svart frakk held ei veske i handa. Bak han ligg eit stort skip til kai. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
SUKSESS: Fylkesordførar Jon Askeland synest One Ocean Week har vore ein suksess som gir inspirasjon til vidare innsats for eit berekraftig hav. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Kor mange arrangement har du delteke på under One Ocean Week?

– Hehe, der har eg kome ute av teljinga, men det har vore den travlaste veka mi på lenge. Om Lasse (politisk rådgjevar red.anm.) seier 17, er nok det heilt rett.