Dette går 1488 fylkeskommunale millionar til  

Gang- og sykkelvegar, kollektivsatsing og fullføring av pågåande prosjekt står øvst på prioriteringslista til fylkestinget for den neste fireårsperioden til Miljøløftet.  

Grå asfalt på gang og sykkelveg. i midten er ei kvit stripe, til høgre er ei gul stripe. Betongklossar skil gang og sykkelvegen frå bilvegen som er heilt til høgre i bildet.
FÅR PENGAR, MEN IKKJE NO: Salhusvegen i Åsane i Bergen har berre gang- og sykkelfelt eit stykke på vegen. I Miljøløftet er det sett av pengar til prosjektet seinare i fireårsperioden. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

— Det har vore ein vekst i biltrafikken kvart år sidan 2020. Dersom vi skal nå nullvekstmålet må vi sette inn tiltak for å bremse denne utviklinga, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget vedtok handlingsprogram for Miljøløftet 2026–2029 i møtet 17. juni. Miljøløftet er eit samarbeid mellom stat, fylket og fleire kommunar rundt Bergen.  

Satsing på gang- og sykkelvegar 

Gjennom byvekstavtalen løyver Vestland fylkeskommune årleg 372 millionar kroner, til saman 1488 millionar i løpet av fire år.  

Hovudsatsingane i Miljøløftet sitt handlingsprogrammet 2026-2029 er:  

  • Ei sterk satsing på gang- og sykkelvegar der behovet og potensialet er størst  
  • Fullføring av prosjekt som er starta opp  
  • Ei vidareføring av dei Pengar til ulike tiltak og prosjekt i byvekstavtalen 

Desse prosjekta får pengar 

For 2026 er det sett av midlar til pågåande prosjekt i Apeltunvegen, Nonneseter med riving av Sølvvarefabrikken og opparbeiding av området, Hagerupsveg og Klostergaten, arbeid i Kjøkkelvikveien og kryss ved Tennebekk. Seinare i perioden er det sett av midlar til prosjekta i Salhusvegen og Hesthaugvegen.  

Det fylkeskommunale bidraget skal i hovudsak gå til tiltak for kollektivtrafikk, sykling og gåing, men skal også kunne omfatte investeringar i bybanevogner, infrastruktur for låg- og nullutsleppsteknologi i kollektivtrafikken, tiltak til driftsinfrastruktur for kollektivtrafikken, i tillegg til vedlikehaldstiltak med investeringskarakter på fylkesvegnettet i avtaleområdet. 

Reforhandling 

Vestland fylkeskommune, dei statlege einingane Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet og Statsforvaltaren, saman med dei fem kommunane Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden har signert byvekstavtalen og samarbeider om å nå nullvekstmålet. Kvart år blir handlingsprogrammet rullert, som betyr at politikarane bestemmer kva prosjekt som får midlar den komande fireårsperioden. Prosjekta er vekta og vurdert opp mot nullvekstmålet.  

Fylkestinget meiner også at det er viktig at staten snarleg signaliserer ein tidsplan for reforhandling av byvekstavtalen.