Desse skal representere Vestland i skule-NM 2025

Det har vore fylkesmeisterskap i elleve yrkesfag denne våren. No er alle vinnarane klare, og her får du oversikta over kven som skal konkurrere i kva fag under skule-NM i april.

Elevar i en stor sal som alle fikser håret til dukker.
STOR KONKURRANSE: På Årstad vidaregåande skule konkurrerte elevane i blant anna frisørfag. (Foto: Siri Øksnes/Vestland fylkeskommune)

Det er WorldSkills Norway som arrangerer skule-NM. Konkurransane går føre seg på ni skular i seks ulike fylke.

Hensikta med konkurransane er auka kvalitetsarbeid, bidra til motivasjon, auke rekruttering og betre kunnskapen om yrkesfaga.

Over 60 prosent av ungdomane som søkte skuleplass på vg1 har i år valt yrkesfag som sitt primærønske. Det er rekordmange og Vestland er det fylket med flest søkjarar til yrkesfag.

– Vi er utruleg takksemd for alle dei sju arrangørskulane og ikkje minst for alle engasjerte elevar og lærarar som stilte opp i konkurransane i år. Fylkesmeisterskapane i yrkesfag er ei unik moglegheit for elevanes individuelle utvikling, og gjer dei høve til å vise seg fram som dyktige framtidige fagarbeidarar, seier Sissel Brusegård, leiar for kvalitetsutvikling i avdeling opplæring og kompetanse.

Ei fullstendig oversikt over stad og tidspunkt for alle konkurransane finn du på nettsida til WorldSkills Norway.

Vinnarane frå fylkesmeisterskapane

  • Anleggsteknikk: Eirik Igland Bleie, Os vgs.

  • Elektrikarfaget, lagkonkurranse: Ariell Olive Fredriksen og Sigve Dale, Høyanger vgs.

  • Logistikk, lagkonkurranse: Kenneth Andreassen Nordheim og Even Nickolai Askeland, Knarvik vgs.

  • Bakar: Harald Nordberg Bruland, Sandsli vgs.

  • Kokk: Arne Ulltang-Berge, Sandsli vgs.

  • Konditor: Kaisa Salvesen Berge, Sandsli vgs.

  • Helsefagarbeidar, lagkonkurranse: Adele Marie Briknes og Ida-Adele Henden, Måløy vgs.

  • Blomsterdekoratør: Andrea Austrheim Iversen, Årstad vgs.

  • Frisør: Hanna Marie Sævold, Årstad vgs.

  • Hudpleie: Zora Lotte Yri, Årstad vgs.

  • Salsfaget, lagkonkurranse: Ramlo Mohamed Ahmed og Andrea Øhlen Horvei, Åsane vgs.