Desse kan du stemme på ved stortingsvalet til hausten

No har distriktvalstyret i Vestland godkjent til saman 36 lister til stortingsvalet 8. september.

Valliste blir putta oppi valurne.
VAL: Det er val til stortinget måndag 8. september. (Illustrasjonsfoto: Terje Fjeld/Stortinget på flickr.com)

Fristen for å levere lister gjekk ut 31. mars, men listene er først endelege når distriktvalstyret har godkjent dei.

I møtet 28. mai godkjende distriktvalstyret 18 lister for Hordaland valdistrikt og 18 lister for Sogn og Fjordane valdistrikt. Det er desse listene du kan velje mellom på valdagen, eller når du skal førehandsstemme.

Det skal veljast til saman 169 representantar til Stortinget, 4 frå Sogn og Fjordane og 16 frå Hordaland.

Her kan du sjå alle listene som er godkjende frå dei to valdistrikta.