Vêromslag i Vestland: Åtvarar mot isete gangvegar

Vêrendringane kan bli særleg utfordrande i Bergen etter det store snøfallet førre veke. Fylkeskommunen har merksemd på gang- og sykkelvegar, som no kan bli isete og glatte.

veg med grå asfalt, bil køyrer frå oss. På gang- og sykkelvegen til høgre for vegen er det mykje snø, delvis brøyta vekk, med ei busslomme der snøen har hopa seg opp i brøytekantar. Vi ser ein parkeringsplass bak busslomma, blå himmel og snødekt landskap bak.
SNØ BLIR TIL IS: Det kom mykje snø tidleg på nyåret, som her på fv. 5182 Fleslandvegen 8. januar. Med mildvêret og nedbøren som kjem kan særleg gang- og sykkelvegar bli isete og glatte, vis varsemd! Foto: Vestland fylkeskommune

– Vi veit at nedtrakka snø kan bli til rein is på gangvegar når mildvêret kjem, og vil trygge det vi kan med å salte og strø gangareala fylkesveg dei kommande dagane, seier Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Glatt for mjuke trafikantar  

Det er gult farevarsel for nedbør frå meteorologisk institutt i Vestland og Bergen måndag 13. januar, og det er venta raudt farevarsel for snø- og sørpeskred i fylket. Det handlar om store nedbørsmengder og mildvêr med brå snøsmelting og moglege skred. Mange fylkesvegar er stengde og kan bli stengde på kort varsel kommande døgnet.  

I Bergen er fylkesvegane godt brøyta og strødde, utfordringane no er på gangareala, seier Lefdal.  

Med så mykje regn og smeltevatn som er venta i Bergen og andre stadar i fylket blir det utfordringar med glatte gang- og sykkelvegar, og salt og strøsand kan bli vaska vekk. 

– Det kan diverre bli glatt for mjuke trafikantar i denne spesielle situasjonen, vi gjer det vi kan for å betre forholda dei første dagane, seier Lefdal.   

Ikkje nøgde  

Noko av årsaka til det som kan bli glatte gangareal er at ikkje nok snø vart fjerna etter det tunge snøfallet tidleg i januar. Nedtrakka snø tek tid å smelte og kan ligge att som is trass varmegrader.  

– Vi er ikkje nøgde med at så mykje snø vart liggande, og er i gang med å granske kvifor det blei slik. Vi skal oppfylle krava til snø- og isfrie vegar og gangareal innan kontraktsfesta tid, men det er utfordrande i slike uvanlege vêrsituasjonar i tettbygde område. Vi klarte ikkje eigne krav førre veke. Grunnane er mange, og vi er i tett dialog med entreprenøren vår om ulike tiltak og korleis vi skal klare det betre, seier Lefdal.  

Sandfangkum i Bergen sentrum, omringa av mykje snø, høge snøkantar rundt. sjølve kummen er frigjort for snø.
OPNE KUMMAR: Det er utfordrande å fjerne snø i tettbygde strok, alt må køyrast vekk. Her er ein sandfangkum i Bergen sentrum rydda for å kunne ta unna vatn. Foto: Silje Christine Alvsaker/Vestland fylkeskommune.

Vis varsemd 

No ber fylkeskommunen mjuke trafikantar vere merksame og vise varsemd dei kommande dagane fram til det blir mindre nedbør.

Det er fleire som har ansvar for fortau og gang- og sykkelvegar, både kommunen, vegvesenet og huseigarar. No er mykje overflatevatn, glatt is på gangareala og strøsand og salt som blir vaska vekk utfordringar vi må forvente. Viktige tiltak er til dømes å halde stikkrenner opne for å ta unna smelte- og overflatevatn, å fjerne snø som ennå ligg i tettbygde strøk, og hyppig strøing og salting.