24 millionar kroner til utdanning og kompetanseutvikling i distrikta
Treårige tilskot til fire studiesenter skal bidra til fleire etterspurde, fleksible og desentraliserte utdanningstilbod.

– Studiesentera spelar ei nøkkelrolle i å skaffe rett kompetanse i distrikta. Slik legg vi til rette for at dei som bur langt frå dei eksisterande utdanningsinstitusjonane, skal få betre tilgang til utdanning der dei bur. Det er særleg viktig der tilbodet elles kunne vore for avgrensa, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.
Hovudutvalet fordelte tilskotet til studiesentera i møtet 26. august.
Kan jobbe meir langsiktig
Desse fire studiesentera får kvar to millionar årleg i tre år framover:
- StudieHub – Fjordane Studiesenter (dekker Nordfjord)
- Studiesenteret Kysten (dekker Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger)
- HVK Studiesenter (dekker Hardanger Voss og Kvinnherad)
- Sogn Kompetanse (dekker Sogn)
– At vi no kan gi støtte over tre år, gjer at sentera kan jobbe meir langsiktig og byggje solide samarbeid med næringsliv og utdanningsinstitusjonar. Det styrker både verdiskaping og moglegheitene til å få fleire inn i arbeid. Det er det overordna målet, å gje fleire som står utanfor arbeidslivet tilgang til utdanning og kompetanseutvikling og slik gje dei ein sjanse i arbeidslivet, seier Handegard.
Skal gjere utdanning meir tilgjengeleg
Studiesenterordninga skal bidra til å gjere utdanning og kompetanseutvikling tilgjengeleg for dei som bur for langt unna til å følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadene.
Ordninga skal bidra til å etablere fleire etterspurde fleksible og desentraliserte utdanningstilbod, sørgje for at fleire tileignar seg etterspurd kompetanse, og gje folk som står utanfor arbeidslivet tilgang til utdanning og kompetanseutvikling.
Midlane som no er fordelte kjem frå Kommunal- og distriktsdepartementet, og tildelinga skjer med atterhald om eventuelle endringar i statsbudsjettet.