12 millionar til forsking på om musikk kan hindre ungt utanforskap
Ni vidaregåande skular i Vestland er med når Griegakademiet skal forske på bruk av musikk for å redusere skulefråfall og sikre elevane si kjensle av tilhøyrsle.

Prosjektet RESONATE i regi av Griegakademiet har fått 12 millionar kroner frå Forskingsrådet. Professor Viggo Krüger samlar elevar, lærarar, kulturaktørar og forskarar frå Noreg, Finland og Danmark. Og i spissen for heile forskingsprosjektet står ni av dei vidaregåande skulane til Vestland fylkeskommune.
Stor utfordring
Prosjektet skal utvikle musikkaktivitetar som fremjar identitet, trivsel, inkludering og engasjement i skulen. Døme på slike aktivitetar kan vere bandspeling, lytting til musikk, sangskriving og musikkproduksjon. Målet er at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, at elevane skal ha ei sterkare kjensle av tilhøyrsle og deltaking.
– Ungt utanforskap er ei av dei største utfordringane vi har i dag. Kvar einaste ungdom eller unge vaksen som står utanfor skule eller arbeidsliv er eit stort tap for samfunnet. Det er ein innovativ og spennande innfallsvinkel om musikk kan spele ei rolle i å løyse dette, og eg ser fram til å følgje arbeidet framover, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Over 100 000 barn og unge mellom 15 og 29 år står i dag utanfor skule, studiar og arbeidsliv. Det kostar samfunnet over 73 milliardar kroner årleg, ifølge Forskingsrådet.
Ni skular er med
Desse ni skulane i Bergen er med i prosjektet:
Nordahl Grieg vidaregåande skule, Bergen Katedralskole, Årstad vidaregåande skule, Hyssingen produksjonsskule, Amalie Skram vidaregåande skule, Knarvik vidaregåande skule, Sotra vidaregåande skule, Olsvikåsen vidaregåande skule, Fyllingsdalen vidaregåande skule.
– Vi gratulerer Griegakademiet med forskingsmidlane og ser verkeleg fram til å delta aktivt i prosjektet dei neste tre åra. Dette kan gi oss viktig og verdifull kunnskap om korleis musikk kan spele ei rolle for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring, seier Odd Bjarne Berdal, områdeleiar for seks av dei ni dei vidaregåande skulane som deltek i prosjektet.
Resultata frå prosjektet skal delast med elevorganisasjonar, brukarpanel, skular, politikarar og velferdstenester.
Politisk forankra satsing
Kultur og helse er eit satsingsområde i Vestland fylkeskommune, og musikk som tiltak på skular er forankra politisk og i administrasjonen gjennom prosjektet «Musikkterapi i VGO». Her blir fagområda kultur og folkehelse og opplæring og kompetanse knytte tett saman.
– Det er godt å sjå at potensialet i slike tiltak blir sett meir på gjennom RESONATE-prosjektet. Det kan gje oss meir kunnskap både om fagområdet, og om kva vi kan oppnå med tverrfagleg samarbeid i fylkeskommunen. Eg ser fram til å følgje prosjektet framover, seier Per Morten Ekerhovd, direktør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune.
Her kan du sjå rapporten om kartlegginga av forhold for musikk i skular.
Vestland fylkeskommune er med i Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi, som også er med i prosjektet. Polyfon byggjer eit nasjonalt samarbeid om musikk og musikkterapi og ser på samanhengane mellom musikk og helse og musikkterapi.
Inkludering i vest
Vestland fylkeskommune jobbar mykje med inkludering i arbeidslivet og det å motarbeide utanforskap. Det å delta i samfunnet påverkar både helse og livskvalitet. Samstundes er det ei utfordring ingen kan løyse aleine.
Prosjektet Inkludering i vest er eit 4-årig samarbeidsprosjekt, som tek føre seg nettopp dette. Det er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, NAV, NHO, LO og KS. Prosjektet legg opp til eit tett samarbeid mellom opplærings-, nærings- og kulturfeltet.
– RESONATE blir eit av fleire viktige inkluderingsprosjekt framover. Vi jobbar tett med forskingsinstitusjonar for å kvalitetssikre framtidige metodar for å redusere utanforskapen. No skal vi for alvor samle kreftene for å få fleire av dei som står utanfor arbeidslivet i jobb. Vi skal gjere meir av det som verkar, seier Bård Sandal, direktør for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune.
Inkludering i vest er i startgropa og skal ha «kickoff» på Vestlandshuset 3. november.
Mange samarbeidspartar
I tillegg til Griegakademiet og Vestland fylkeskommune deltek desse i prosjektet:
Møhlenpris idrettslag, Stiftelsen Vestnorsk Jazzsenter, NAV Vestland, Give Music A Chance – Norway, Bergen offentlige bibliotek, NORCE, UNIVERSITY OF JYVÄSKYLÄ, Aalborg University Department of Communication & Psychology, Universitetet i sørøst-Norge.
Les meir om forskingsprosjektet på nettsidene til Universitetet i Bergen.