Vestland fylkeskommune vil frede klyngetunet på Ystås i Voss herad

Fredingsforslaget er no ute på høyring.

Klyngetunet Ystås i Granvin
YSTÅS: Gardstunet på Ystås ligg omlag 300 meter over havet, tre kilometer vest for Eide, som var bygdesenteret i tidlegare Granvin herad. Landskapet tunet ligg i, er eit tradisjonelt vestlandsk jordbrukslandskap, der det bratte landskapet stig opp frå Granvinsvatnet i nord og Granvinsfjorden i sør. (Foto: Arlen Bidne/Vestland fylkeskommune)

Fylkeskommunen ønskjer å frede tretten bygningar i tunet og to bygningar på innmarka på Ystås. I tillegg inneber forslaget å frede eit område kring tunet for å bevare verknaden av tunet i omgjevnadane rundt.

Særs godt bevart klyngetun

Målet med fredinga er å bevare tunet på Ystås som eit kulturhistorisk viktig døme på klyngetuna på Vestlandet frå tida før utskiftinga og moderniseringa av jordbruket under det store hamskiftet. Ystås er eit særs godt bevart klyngetun med stor tidsdjupne. Tunskipnaden med både enkeltbygningar og samspelet mellom husa er uvanleg godt bevart.

Fylkeskommunen vurderer Ystås til å vere eit særs godt døme på tuna til dei vanlege vestlandsbøndene. Det syner også «mangesysleriet», og korleis det har forma omgjevnadane. Mangesysleri var ein viktig del av leveviset til vestlandsbonden, og betyr at bonden levde av ulike syslar, til dømes skogsdrift, fiske og ulike handverk.

Til saman tre bruk

Klyngetunet på Ystås er til saman tre bruk, med ei stor variasjon i type bygningar og alder på bygningane. Nokre er svært gamle. Ved at så mange ulike bygningar er bevarte, får vi eit særs godt bilete av korleis bøndene på Vestlandet levde i tidlegare tider. Der fleire bruk hadde samla bygningane sine i eit fellestun, og jorda dei dyrka var inndelt i ein mosaikk av ulike teigar som låg om ein annan.

Andre døme på freda klyngjetun i Vestland er Aga i Hardanger, Havrå på Osterøy og Osmundnes i Gloppen.

Utskrifting på 1800-talet

Det vart sett i gang ei stor utskifting av landbrukseigedommarI i samband med moderniseringa av landbruket under det store hamskiftet på slutten av 1800-talet. Då fekk det enkelte bruk samla jorda si i større teigar som omkransa bygningane i tunet. Omfanget av utskiftinga på bygdene var svært stort, og det førte til det tradisjonelle jordbrukslandskapet vi framleis har i dag.

Forslaget om freding er heimla i kulturminnelova § 15 og § 19.