Vestland er først i landet med grøn omstilling i fartøyvernet

I tillegg kan no alle verna og freda fartøy søkje støtte frå Vestland fylkeskommune til forvaltning og drift av fartøya.

Verna og freda fartøy til kai i Bergen.
RIK MARITIM HISTORIE: Vestland er fylket i landet med flest verna og freda fartøy. Her er fleire av dei til kai i Bergen havn. (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

– Grøn omstilling betyr at vi vil stimulere til å redusere miljøpåverknad og klimagassutslepp i fartøyvernet, sjølvsagt utan at det skal gå utover kulturminneverdiane. Til dømes så handlar jo ein del av dette om å syne fram og ta vare på gamal teknologi med olje- og kolfyrte fartøy, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Alle har eit ansvar

Hovudutvalet vedtok justeringar i tilskotsordninga for tilskot til forvaltning og drift av verna og freda fartøy i møtet 6. september. Endringa er i tråd med handlingsprogrammet for regional plan for kultur, der det blant anna heiter at «berekraftig forvaltning av kultur- og naturarven skal vere basis for nyskaping».

– Samanlikna med mange andre sektorar, har fartøyvernet eit lite klimaavtrykk, men alle har eit ansvar for å bidra til å redusere utslepp, slår Nødseth fast.

Eigarane av fartøy kan altså søkje fylkeskommunen om støtte til tiltak som reduserer utslepp av klimagassar. Det kan vere redusert fart, endra operasjonsområde, betre avfallshandtering, landstraum og bruk av berekraftige material og produkt.

Opnar for at alle kan søkje

Vestland er fylket i landet med flest verna og freda fartøy. Det er 48 fartøy med vernestatus i fylket, og seks fartøy er freda fordi dei har ein særskilt kulturhistorisk verdi. Fram til no er det berre større fartøy som har kunna søkt tilskot frå fylkeskommunen til forvaltning og drift. Det har vore slik fordi større fartøy har større driftsutgifter, men denne avgrensinga blir no fjerna.

– Når vi no utvidar tilskotsordninga med nye tiltak det kan søkjast støtte til, ønskjer vi å opne ordninga for alle verna og freda fartøy i fylket. Omsynet til dei større fartøya skal takast i vare gjennom god vurdering av søknadane, seier hovudutvalsleiaren.

Sosial berekraft

Hovudutvalet opnar også opp for at fylkeskommune kan gje tilskot til tiltak knytt til sosial berekraft og folkehelse. I praksis betyr det at tiltak som kan sikre rekruttering, auka mangfald og tilgang for ulike grupper kan få støtte.

– Fartøyvernet inkluderer ofte grupper av frivillige som ofte elles fell utanfor. Difor ønskjer vi no å vere med og bidra til meir og betre rekruttering av frivillige, noko som vi håpar gir auka deltaking og på sikt ein god effekt for folkehelsa, seier Nødseth.

Fartøyvernet i Vestland byggjer på ein stor frivillig innsats og sterke fagmiljø. Eit hovudmål for fylkeskommunen er å styrke vilkåra for dei som forvaltar og driftar fartøya, sikre vidareføring av kunnskap og gje gode rammer for rekruttering.