Vestland blir første fylke til å signere fritidserklæring
Vi er einige om og vil jobbe saman for at alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet i lag med andre.
Vestland fylkeskommune og tolv andre offentlege og frivillige organisasjonar i fylket signerer Fritidserklæringa Vestland under frivilligkonferansen i Bergen laurdag 28. september.
Fritidserklæringa byggjer på barnekonvensjonen til FN, artikkel 31, som seier at barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv.
Kulturministeren deltek på signeringa
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery kjem til Bergen denne dagen for å delta på frivilligkonferansen, og vere vitne til at Vestland blir det første fylket i landet med ei fritidserklæring. Fylkesvaraordførar Stian Davies signerer på vegner av Vestland fylkeskommune. I tillegg signerer desse på erklæringa:
- KS Vestland
- Statsforvaltaren i Vestland
- Vestland ungdomsutval
- Vestland Musikkråd
- Vestland Idrettskrets
- Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland
- Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane
- Vestland Innvandrerråd
- Vaksenopplæringsforbundet Vestland
- Vestland Frivilligsentralar
- Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland
- Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) Sørvest og Nordvest
Frivilligkonferansen 28. september
Fritidserklæringa Vestland blir altså signert ved opninga av årets frivilligkonferanse. Konferansen tek føre seg korleis vi kan jobbe i lag for at alle barn og unge får delta i fritidsaktivitetar og korleis vi kan auke det frivillige engasjementet i alle aldersgrupper.
Yousef Hadaoui, kjent frå blant anna Svart humor, Satiriks og andre NRK-program er konferansier for dagen. Konferansen blir sendt direkte i nett-tv.
Program for konferansen og lenke til sendinga.
Nasjonal oppmoding
Regjeringa signerte den nasjonale fritidserklæringa først i 2016 og på ny i 2022. Erklæringa slår fast at alle barn og ungdomar skal ha høve til å delta i fritidsaktivitetar, og at dei skal bli involverte i og ha medverknad over leik og fritidsaktivitetar. Regjeringa har vidare oppmoda både kommunar og fylke til å lage eigne fritidserklæringar.
Enkelte kommunar har fått dette på plass, men Vestland blir det første fylket til å signere ei regional erklæring, der aktørar i heile fylket forpliktar seg til å arbeide for at alle barn og unge skal få delta i organiserte fritidsaktivitetar.
Ei slik fritidserklæring kan vere ein god reiskap for å sette barns deltaking i fritidsaktivitetar på dagsorden i dei ulike organisasjonane som deltek og signerer. Arbeidet med fritidserklæring gir også eit godt høve til å samle viktige samfunnsaktørar for å jobbe saman om dette viktige temaet.