Utvandrarjubileet 2025: Søk støtte til nye kunst- og kulturproduksjonar
Profesjonelle kunst- og kulturtilbydarar kan no søkje produksjonsstøtte for prosjekt knytt til utvandrarjubileet, der dei nyttar historisk kjeldemateriale frå Vestland.
Vestland fylkeskommune ønskjer å løfte fram den rike kultur- og migrasjonshistoria i fylket, og bidra til tilhøyrsle og inkludering i det fleirkulturelle vestlandssamfunnet.
Fristen for å søkje støtte til kunst- og kulturproduksjonar er 20. november 2024.
Får turnere i fylket
Den nye tilskotsordninga opnar for støtte på inntil 300 000 kroner per produksjon. Alle prosjekt som får støtte, får turnere i Vestland i Den kulturelle skulesekken (DKS), Den kulturelle spaserstokken (DKSS) og andre fylkeskommunale arrangement. Målgruppene er elevar frå 8. trinn til personar over 67 år.
For å kvalifisere til støtte må produksjonane vere baserte på kjeldemateriale frå Vestland, og nye verk skal formidlast på nynorsk. Produksjonane må kunne turnere i heile eller delar av fylket våren og/eller hausten 2025.
Søknadsfrist og informasjon
Vestland fylkeskommune kan gje råd om relevante bevaringsinstitusjonar som forvaltar kjeldemateriale, som til dømes brev, fotografi, musikk og livsminneintervju frå utvandringa.
Ved å markere Utvandrarjubileet 2025 ønskjer fylkeskommunen å synleggjere norsk utvandring som ein viktig del av nyare norsk historie. Det er også eit mål å syne korleis historia kan skape forståing for integrering og fellesskap i dagens samfunn.
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedtok å opprette tilskotsordninga for kunst- og kulturproduksjonar i samband med Utvandrarjubileet 2025 i møtet 16. oktober 2024.