Utstilling skal bidra til robuste mediebrukarar i heile fylket

Snart kan du få med deg utstillinga Jakten på sannheten på det lokale biblioteket ditt, som kronprinsen gjorde på Bergen Offentlige Bibliotek denne veka.

Kronprinsregent Haakon saman med to ungdomar.
JAKTEN PÅ SANNHETEN: Kronprinsregent Haakon besøkte Bergen Offentlige Bibliotek 5. mars og fekk der sjå nærare på utstillinga. Han deltok blant anna på eit «spel» saman med elevar frå vidaregåande skular. (Fotograf: Ragnar Rørnes, Bergen Offentlige Bibliotek)

Vestland fylkeskommune har nemleg fått 400 000 kr av Nasjonalbiblioteket til å vidareføre prosjektet og få utstillinga ut til alle biblioteka i fylket.

Den interaktive utstillinga har fått mykje blest nasjonalt, og blei blant anna løfta fram av Nasjonalbiblioteket i innspelsmøte om digital motstandskraft

Utstillinga Jakten på sannheten på Bergen Offentlige Bibliotek.
Tema for utstillinga Jakten på sannheten er demokratiske utfordringar knytt til nettet og sosiale medium. Publikum får sjølve erfare korleis informasjonslandskapet verkar. (Foto: tenk.faktisk.no)

Mål: robuste mediebrukarar

Jakten på sannheten er utvikla av Bergen Offentlige Bibliotek i samarbeid med tenk.faktisk.no, som er skuleavdelinga til faktisk.no. Her kan ungdom teste korleis informasjonslandskapet verkar gjennom algoritmar, appar, influensarar, kunstig intelligens og ikkje minst politiske aktørar med ein eigen agenda.

– Vi har lenge levd i eit informasjonssamfunn, men informasjonen når oss gjennom stadig nye kanalar. Men kva kanalar kan vi stole på? Kva agenda har dei ulike aktørane og kanalane? Målet med utstillinga er å gjere ungdomane til robuste mediebrukarar. Difor er vi svært glade for at vi no skal ta utstillinga «ut på vegen», slik at ungdom og andre i heile fylket får ta del i dette, fortel Elin Golten, leiar for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Må tilpasse for å passe alle

Vestland fylkeskommune skal tilpasse utstillinga slik at ho kan nå ut til alle, og lage ein modell for korleis transporten mellom ulike bibliotek skal gå føre seg. Målet er at modellen skal kunne brukast av andre fylkeskommunar seinare.

– Vi må finne ut korleis vi kan skalere ned utstillinga, slik at ho kan brukast også i mindre bibliotek. Slik vil vi sørgje for at utstillinga kan takast i bruk av alle biblioteka i Vestland, og med det bidra til medvit om mediebruk og kjeldekritikk blant både ungdom og andre, seier Golten.

Utstillinga er slik ho står på Bergen Offentlige Bibliotek i dag delt i tre delar: installasjonar, spelbrett og plakatar med qr-kodar til filmsnuttar på YouTube. 

Startar tilpassingsjobben no

Vestland fylkeskommune har nettopp fått løyvinga frå Nasjonalbiblioteket og startar no arbeidet med å tilpasse utstillinga til eit liv på turné. Når utstillinga kjem til dei ulike biblioteka i fylket er det for tidleg å seie noko om endå.