Tok eit oppgjer med køyrekultur - fekk pris
Trygge forhold og gode haldningar sørga for 50.000 kroner og trafikktryggleikspris til Vassenden skule.
— Det er ei glede å tildele trafikktryggingsprisen til Vassenden skule for arbeidet med å etablere ei velfungerande Hjartesone rundt skulen. Målet er å etablere trygge forhold og gode haldningar til det å ferdast i trafikken, seier leiar i trafikktryggingsutvalet, Arve Helle.
Hjartesone-skulen vart etablert oktober 2021, og var tidleg ute i Vestland. Sidan då har dei gjort ein stor innsats for å leve opp til Hjartesone-prinsippa.
I starten var det viktig for skulen å forankre arbeidet breitt mellom ulike fagmiljø og ansvarsområde. Det vart oppretta ei kommunal arbeidsgruppe med medlemmar frå skulen, FAU, teknisk etat og ansvarlege for skuleveg. Gjennom systematisk arbeid fekk skulen og involverte forståing for dei heilskaplege utfordingane.
Krevjande
Forutan fysiske tiltak, som etablering av drop-sone, var endring av køyrekulturen eit viktig tiltak. Endring av vanar kan vere krevjande, men etter kreativ innsats på ulike informasjonskanalar har det lukkast å redusere bilkøyringa opp til skulen.
Her kan du sjå videoar om Hjartesone-arbeidet som Vassenden skule har gjort.
Ved skulen er det gjennomført ulike arrangement og aksjonar, og her bidreg gjerne elevar frå valfag Trafikk.
— Gjennom heile Hjartesone-prosessen har det vore ei stødig og inkluderande leiing, med rektor i spissen. Det var vore særs viktig for å sikre kontinuitet og gjennomføring av større og mindre tiltak, seier Helle.
Start tidleg
Rektor Anne-Cecilie Kapstad har sjølv vore elev ved skulen og har sett trafikkbildet som elev, lærar og rektor.
— I desember har alle lærarane «uniform», det vil seie at alle tilsette går med julegenser. Det må eg stå i, så ikkje dei tilsette og elevane blir sure på meg. Å stå i det over tid gir resultat. Hjartesone-arbeid har vi brukt mykje tid på. Nøkkelen er at vi fekk med oss fleire etatar frå kommunen, fylkeskommunen og Statens vegvesen. Vi har klart å endre fartsgrenser på fleire vegar, fortel Kapstad.
Ho trekker likevel fram elevane på ungdomsskulen og trafikkfaget som det viktigaste arbeidet. Der jobbar elevar med sykkel- og gangopplæring for elevane på barneskulen.
— Vi har eit ganske komplekst trafikkbilde i eit lite lokalsamfunn. Eg trur det som gir mest effekt er å starte med trafikkarbeidet allereie i første- og andreklasse, seier rektor.
Kvart år blir trafikktryggleiksprisen delt ut på Trafikktryggingskonferansen.