TkVestland får 200 000 kr til forskingsprosjekt om tannhelse og barn i risiko
Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter, TkVestland, har fått 200 000 kroner i støtte frå Alrek helseklynge til eit nytt forskingsprosjekt. Prosjektet skal vidareutvikle og teste eit opplæringsprogram for tannhelsepersonell som møter barn og unge i risiko for vald, overgrep og omsorgssvikt.
Prosjektet har tittelen «Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell – justering, utprøving og evaluering av eit innovativt undervisningsopplegg mot vald, overgrep og omsorgssvikt for studentar» og er leia av Frida Kathrine Sofie Mathisen, forskar ved Kompetansesenter for tannhelse, driver mellom anna med forsking, og tilbyr tannspesialisttenester..
Målet med prosjektet er å tilpasse, prøve ut og evaluere eit kunnskapsbasert opplæringsprogram for tannhelsestudentar i samarbeid med fleire tverrfaglege partnarar.
Prosjektet er ein del av den pågåande forskinga Barn i risiko og oral helse der programmet allereie er testa ut blant offentleg tannhelsepersonell i Vestland og 10 andre fylke.
Tidlege resultat viser at opplæringa har hatt ein positiv effekt. No vil prosjektgruppa undersøkje korleis studentar ved tannhelseutdanninga ved Universitetet i Bergen (UiB) opplever undervisningsopplegget, og om det bidreg til å styrke kompetansen deira.
Samarbeid på tvers av fagmiljø
Prosjektet er eit samarbeid mellom forskingsavdelinga ved TkVestland og fleire partnarar i Alrek helseklynge er eit unikt partnerskap på tvers av forsking, høgare utdanning, kommune og sjukehus. Saman med brukarar, studentar, frivilligheit og næringsliv er klynga godt rusta til å ta tak i problem som må løysast på tvers av sektorar. Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune er medlem i klynga. :
- Professor Nancy Bletsa, Institutt for klinisk odontologi ved UiB
- Førsteamanuensis Olin Blaalid Oldeide, Det psykologiske fakultet ved UiB
- Tone Grøttjord-Glenne, filmregissør og utviklar av Kunnskapsreisen
- Elisabeth Abelvik, rådgjevar i etat for barn og familie, Bergen kommune
- Anita Hennie Refsnes, lektor ved tannhelsesekretærlinja på Åsane vidaregåande skule
Midlane frå Alrek helseklynge skal brukast til å styrke tverrfagleg samarbeid. Med denne støtta kan partnarane i fellesskap sjå på korleis tannhelsepersonell spelar ei viktig rolle i arbeidet med å identifisere og hjelpe barn i risiko.
Lovpålagt å melde frå ved mistanke
Tannhelsepersonell har ei lovpålagd plikt til å melde frå ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt. For å kunne handtere dette ansvaret, treng dei god kompetanse.
– Vi er glad for at Alrek helseklynge har tildelt oss midlar for å prøve ut korleis programmet fungerer blant studentar ved tannhelseutdanningane ved UiB, korleis dei opplever opplegget og om det bidreg til læring, seier prosjektleiar Frida Kathrine Sofie Mathisen.
– Saman med våre samarbeidspartnarar vil vi sikre at framtidas tannhelsepersonell er godt rusta for å bidra til førebygging, tidleg avdekking og samhandling i møte med barn i risiko.