Støttar auka produksjon av sider og internasjonal film

Maritim omstilling, siderproduksjon og arbeid som skal auka internasjonal film- og tv-produksjon på Vestlandet. Vestland fylkeskommune gir til saman 15 millionar til ulike aktørar innan innovasjon og næringsutvikling.

Epletre med modne epler.
SIDERPRODUKSJON: Vestland fylkeskommune gir mellom anna økonomisk støtte for å utvikle siderproduksjonen i fylket. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Hovudutval for næring har vedteke å inngå samarbeidsavtalar med 26 aktørar innan innovasjon og næringsutvikling.
 
– Vi er svært nøgde med å ha fått inn så mange gode søknadar. Samarbeidsavtalane skal bidra til å nå målet om at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket innan 2033. Dette skal skje basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon, seier Oddmund Klakegg, utvalsleiar i næringsutvalet.
 
Samarbeidsavtalane varar i tre år og dei som er tatt opp i ordninga får årlege beløp.

Vil auke internasjonal film- og tv-produksjon på Vestlandet

Blant dei som no får støtte er Vestnorsk filmkommisjon som utviklar og støtter film- og spillbransjen i Vestland og Møre og Romsdal. Dei er eigd av Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, og Møre og Romsdal fylkeskommune.
 
Med produksjonar som Succession, Mission Impossible, James Bond, og Black Widow har Vestlandet dei siste årene etablert seg som ein leiande filmdestinasjon i Norden.  

Innspelingar bringer med seg investeringer, skaper arbeidsplasser og infrastruktur, og kan gi global merksemd som opnar for destinasjonsutvikling. Den nye samarbeidsavtalen inneber 900 000 kroner i støtte med Vestland kan vere med på at regionen tar del i denne marknaden. 

Grøne løysingar i den maritime næringa

Klynga Maritime CleanTech er ein offentleg-privat samarbeidsarena for grøne løysingar til den maritime næringa. Føremålet er å styrka partnarane og sektoren sin konkurranseevne ved å utvikla og lansera innovative løysingar for energieffektive og reine maritime aktivitetar. 
 
Grøn skipsfart er ei av hovudsatsingane i industriomstillinga av Noreg. Maritime CleanTech får 600 000 kronar i støtte frå Vestland fylkeskommune. Dei har hovudsete i Vestland og speler ei viktig rolle som katalysator for grøn omstilling. Gjennom si ekspertise og arbeidsmetodikk bidrar klynga til å:

  • kutte utslepp frå skipsfarten
  • utvikle grøne arbeidsplassar
  • redusere omstillingsrisikoen i maritim næring
  • skapa nye og grøne eksportinntekter

Sider frå Hardanger

Hardanger Siderprodusentlag (HSP) er navet på siderklynga i Hardanger. Dei får no 300 000 kroner i støtte. Siderprodusentlaget arbeider for kvalitet i produkta og utvikling av sidernæringa. Dette inneber tett samarbeide med aktørar innanfor forsking, reiseliv, konsumfruktnæringa, utdanning og det offentlege, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Målet er at vekst i sidernæringa også skal skapa vekst på tvers av bransjar og regionar. 

Medlemmene i Hardanger Siderprodusentlag står for ca. 80 prosent av produksjon og sal av norsk sider. Verdiskapinga tilknytta medlemmene har nådd over 100 millionar, og er stadig aukande. Å ha ein felles organisasjon som arbeider for å sikra gode rammevilkår lokalt og nasjonalt, og som legg til rette for fellesskap, er avgjerande for vidare utvikling av næringa. 

Desse får støtte

Her er lista med årlege beløp over alle som får støtte frå Vestland fylkeskommune. Summane er årlege beløp i dei tre åra samarbeidsavtalen varar.

  • Hardanger siderprodusentlag          300 000 kr
  • GCE Ocean Technology SA              600 000 kr
  • Stiftinga Vestlandsforsking             900 000 kr
  • Maritime CleanTech                          600 000 kr
  • Seafood Innovation Cluster AS       600 000 kr
  • Ungt entreprenørskap Vestland      900 000 kr
  • Matarena AS                                      900 000 kr
  • Hub for Ocean                                   600 000 kr
  • Digital Innovation Hub                     600 000 kr
    Oceanopolis AS
  • Njøs frukt- og bærsenter AS           600 000 kr
  • Måløy vekst                                       300 000 kr
  • Framtidsfylket AS                             900 000 kr
  • Media City Bergen                            600 000 kr
  • Blått Kompetansesenter vest         300 000 kr
  • Stiftelsen Maritime Bergen             300 000 kr
  • Sitep AS                                             600 000 kr
  • Connect Vest-Norge                        900 000 kr
  • Proptech Innovation                        600 000 kr
  • NCE Finance Innovation                 600 000 kr
  • Social Impact Lab                            300 000 kr
  • IT-Forum-Vest                                   900 000 kr
  • Sogn Frukt og Siderlaug                 300 000 kr
  • Nordfjordakademiet                        300 000 kr
  • Akvahub AS                                      300 000 kr
  • Stiftelsen Norsk hjortesenter        300 000 kr
  • Vestnorsk filmsenter                       900 000 kr

Vil du vite meir? Følg lenka og sjå saksdokumenta til sak PS 3/2024