Stor suksess med skulekor

Elevar ved Knarvik vgs. har byrja å syngje for eit betre skulemiljø. Musikken er også ein viktig del av undervisninga i helse- og oppvekstfag og barne- og ungdomsarbeidarfag

Kor som opptrer.
KOR: Korprosjektet på Knarvik vidaregåande skule vart avslutta med to konsertar, der elevane både framførde repertoaret dei har øvd på, og la fram ei oppgåve dei har jobba med gjennom prosjektet. (Foto: Knarvik vgs.)

– Vi starta dette prosjektet fordi vi ønskjer å bruke musikk i skulen, for å fremje fellesskap og byggje miljø på tvers av klassane. Samstundes er det eit mål at elevane skal kunne jobbe vidare med musikk som eit verktøy i omsorgsyrka dei skal ut i, seier lærar Kristine Moldskred ved Knarvik vgs.

Musikk som verktøy i yrkeslivet

Saman med Benedicte Kleiveland har ho vore ansvarleg for korprosjektet. Årets prosjektet er avslutta, men dei to brenn for bruk av musikk i skulen og håpar å få til eit nytt neste år.

– Det blir kanskje ikkje i same form som i år, men i alle fall med bruk av musisk aktivitet. Det gir ein kjærkomen variasjon i undervisninga, og elevane tileignar seg fag på ein litt annan måte enn med tradisjonell klasseromundervising, fortel Moldskred.      

Dei har fått spørsmål frå elevane om å halde fram korprosjektet fram til sommaren, men med innspurt og eksamenstid let det seg dessverre ikkje gjere. Slike tilbakemeldingar er likevel ei stadfesting på at prosjektet har vore både vellukka og lystbetong.

– Her får elevane ein meistringsarena utanfor klasserommet, der dei kan hevde seg sjølve. Vi har fått nokre tilbakemeldingar frå andre lærarar om at stille elevar har blitt meir munnleg aktive etter vi starta med kor. Dersom det har slik overføringsverdi, så er det svært positivt, fortel Moldskred.

Gode tilbakemeldingar frå elevane

Elev og korist Andreas fortel at han var skeptisk til koret i starten.

– Men då eg vart trygg på dei andre elevane, så vart det ganske gøy. Eg grua meg nesten litt i starten, men mot slutten gleda eg meg til kor og noko anna enn vanleg undervisning. Eg vart tryggare og torde å by meir på meg sjølv. Eg blei betre kjent med elevar og lærarar frå andre klassar, og føler vi også har blitt tryggare på klassekameratane våre, seier han.

Medelev Eli hadde same oppleving, og trur dei fleste var skeptiske, men at det vart noko anna då dei torde å sleppe seg meir lause.

– Og på konsertane var det ein heilt anna «vibe» enn på øvingane, og eg tykte i alle fall det var veldig gøy å kunne framføre det vi hadde jobba mot så lenge, fortel ho.

To elevar, ei jente og ein gut, ved inngangen til Knarvik vidaregåande skule.
Eli Dahle og Andreas Ness-Johnsen er to av elevane som deltok i korprosjektet. (Foto: Knarvik vgs.)

Musikkterapistudentar med på konsertførebuing

Skulekoret hadde nemleg to konsertar tidlegare i vår. På konsertane deltok andre elevar frå skulen som band, og to musikkterapistudentar frå Griegakademiet var med på førebuingane.

– Studentane gjorde ein kjempejobb i innspurten, både med elevane og med å ta med proft utstyr. Vi meiner det er viktig å gjere det «ordentleg», og på den måten ta arbeidet til elevane på alvor. Vi er enormt stolte av elevane som torde å både syngje og formidle fag til ei stor forsamling, seier Moldskred.

I tillegg til det musikalske repertoaret framførte elevane resultata av ei oppgåve dei har jobba med parallelt, der dei synleggjorde kompetansemål frå læreplanen inn i korarbeidet.

Du kan sjå smakebitar frå konserten i denne videoen på Facebook-sida til skulen.

– Svært inspirerande å sjå

Kultur og helse er eit satsingsområde for Vestland fylkeskommune. Blant anna var det ein fagdag om temaet for tilsette ved dei vidaregåande skulane i november i fjor. Målet var å få til eit samarbeid med dei vidaregåande skulane om å løfte bruk av musikk som svar på kompetansemål innan helse- og oppvekstfag.

– Vi inviterte til fagdagen for å motivere, inspirere og gje konkrete verktøy for korleis musikk kan brukast i undervisninga. Vi såg også nærare på korleis elevane kan bruke verktøya når dei er i praksis, og ikkje minst når dei skal ut i jobb etter fullført utdanning. Å sjå korleis dei har teke dette i bruk på Knarvik vgs. er svært inspirerande, og det er noko vi tek med oss vidare i dette arbeidet, seier Simen Lagesen Krogstie, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune.

Skal dele erfaringar med fleire skular

På Knarvik vgs. skal dei no ha ein runde med erfaringsdeling med andre skular.

– Det er fleire skular som jobbar med å få inn musikk som del av helse- og oppvekstfaget. Blant anna har Knarvik vgs., Fyllingsdalen vgs. og Osterøy vgs. hatt ulike tilnærmingar til det. Vi har no planlagt eit møte med dei to andre skulane der vi skal lære av kvarandre, og sjå korleis dei andre har jobba, fortel Moldskred

Krogstie, som jobbar i avdeling for kultur og folkehelse i fylkeskommunen, er også invitert til å delta på møtet.

– Det er spennande å følgje det gode arbeidet som skjer på fleire skular. Arbeidet med kultur og helse svarer til kompetansemål i læreplanen. Det er i tillegg ein del av kulturansvaret som fylkeskommunen har når det gjeld å løyse aktuelle samfunnsutfordringar med kultur som innsatsfaktor, fortel han.