Steinar frå Selja blir del av mosaikkgolv ved regjeringskvartalet

Fire lause steinar frå ein deponihaug ved Selja kloster og helgenanlegg skal bli del av eit kunstprosjekt på 800 kvadratmeter i Oslo.

Selja kloster på Selja.
SELJA: Klosterøya Selja ligg rett sør for Stadlandet i Stad kommune. (Foto: Sigrun Espe/Vestland fylkeskommune)

Steinane blir del av kunstverket med arbeidstittel «Substitute», der steinar frå heile Noreg skal nedfellast i eit mosaikkgolv framfor høgblokka i regjeringskvartalet. Den palestinske kunstnaren Jumana Manna står bak kunstverket og brukar stein frå blant anna fortau, bruer, gjerder, murar, demningar, kraftstasjonar – og eit klosteranlegg heilt vest i havet.

Illustrasjon av korleis regjeringskvartalet i Oslo skal bli med høgblokka m.m.
Kunstverket "Substitute" skal bli del av bygolvet framfor høgblokka i regjeringskvartalet. (Illustrasjon: statsbygg.no)

Sentral øy for etableringa av den norske kyrkja

– Klosterøya Selja var viktig for etableringa av den norske kyrkja. Her kom det tidleg både kloster og kyrkjer og den første norske helgenen, St. Sunniva. Vi er stolte av historia og anlegget, og det er ei ære for både Stad kommune og Vestland at stein herifrå blir del av eit så stort og sentralt kunstverk, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune.

KORO (Kunst i offentlig rom) har invitert kommunar og fylkeskommunar i heile landet til å bidra med stein frå sitt område. Dei ulike steinane vil gjere bygolvet usymmetrisk, med variasjon i storleik, farge og form på steinane.

Steinrøys.
Dei fire steinane som blir del av kunstverket er henta frå denne deponihaugen på Selja. (Foto: Bjørn Erik Jensen)

Gneis, eklogitt og olivin

Steinane frå Selja er henta frå ein deponihaug på Selja og blir del av kunstverket i regjeringskvartalet:

  • 2 stk. gneis, ein rektangulær og ein flat. Desse er representative for delen av klosteranlegget som ikkje er bygd i olivin.
  • 1 stk. eklogitt, som finst som lausstein i området.
  • 1 stk. olivinstein utan dekorasjonar. Steinen vart vurdert av geolog til å vere hard nok til å ligge i eit trafikkert golv/offentleg uteareal, helst kanskje i eit område som ikkje har mykje trafikk.
Fire steinar i ei trillebår.
To gneis, ein eklogitt og ein olivinstein er plukka ut av prosjektleiar for Selja kloster og helgenanlegg, Bjørn Erik Jensen. (Foto: Bjørn Erik Jensen)

Guds fire døtrer

Steinane er valde ut som typiske for anlegget, for å få fram spesielle effektar.

– Valet av fire steinar er også knytt til historia om guds fire døtrer, Sanning, Fred, Rettferd og Miskunn. Denne historia kom inn i Magnus Lagabøte si landslov i 1274, og ettersom vi feirar landslovjubileet i år passa det godt med ein slik referanse, seier Ekerhovd.

Steinuttaket er godkjent av både fylkeskommunen, Universitetet i Bergen og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), i og med at klosteranlegget er automatisk freda.

Les meir om Guds fire døtrer/dei guddomlege systrene på nettsida for Landslovjubileet 1274–2024.

«Atelier» i ein låve i Lier

Kunstverket til regjeringskvartalet er no i ferd med å ta form, inntil vidare i ein låve i Lier. Der er kunstnar Jumana Manna med seg erfarne handverkarar frå Agaia, som er totalleverandør av uteområdet i det nye regjeringskvartalet. Tusenvis av kilo med stein må flyttast med stor presisjon.

Her er blant anna storgatestein frå Stavanger, stein frå bubrua i Drammen, sprengstein frå Svenådalen, stein frå den bomba gamlekyrkja i Namsos, og ein liten inngravert kleberstein frå Nidarosdomen.

Ni menneske i arbeidsklede oppgå golv av steinmosaikk.
Kunstnar Jumana Manna saman med handverkarane frå Agaia i låven i Lier, der steinkunstverket tek form. (Foto: Niklas Hart/koro.no)

– Det er fantastisk å sjå verket ta form. Å faktisk kunne stå på det og kjenne energien frå komposisjonen i full storleik, det er veldig spesielt, seier Jumana Manna i ei nyheitssak på koro.no.

Om kunstnaren

Jumana Manna er fødd i New Jersey og oppvaksen i Jerusalem. Ho bur og arbeider i Berlin, men har ei sterk tilknyting til Noreg. Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo og har samarbeidet med Statsbygg og Prosjekt nytt regjeringskvartal tidlegare.

Bygolvet med det integrerte kunstverket skal etter planen vere ferdig i 2025. Når steinen er innhenta frå heile landet, vil kunstverket bli vidareutvikla og komponerte i ein større heilskap av Jumana Manna i samarbeid med fagfolk frå Statsbygg og Agaia, som er entreprenør på utomhus- og byromarbeida for det nye regjeringskvartalet.

Du kan lese meir om kunstverket i regjeringskvartalet på nettsidene til Statsbygg.

Kvinne i arbeidsklede, steingolv i bakgrunnen.
Kunstnar Jumana Manna har base i Berlin, men pendlar til Lier når hovudarbeidet går føre seg. (Foto: Niklas Hart/koro.no)