Søk om å bli årets idrettslag
Vestland fylkeskommune skal dele ut to nye prisar i år: Årets idrettslag – topp og Årets idrettslag – breidde.
Idrettslag i fylket kan no søkje om å bli årets idrettslag i Vestland. Dei to prisvinnarane får 50 000 kr kvar. Eitt og same idrettslag kan søkje på begge prisane, dersom dei kvalifiserer i begge kategoriane. Fristen for å søkje er 15. september.
Målet med begge prisane er å stimulere idrettslaga til vidare satsing og til å vidareutvikle tilbodet sitt. Dei skal også vere gode modellar og til inspirasjon for andre idrettslag.
Samarbeider om utveljing
Prisen årets idrettslag – topp skal gå til eit idrettslag som kan vise til god prestasjonskultur, og som har utøvarar på høgt internasjonalt nivå. Vestland fylkeskommune vil samarbeide med Olympiatoppen Vest for å velje ut årets idrettslag – topp.
Prisen årets idrettslag – breidde skal gå til eit idrettslag som kan vise til stor breidde i tilbodet, i tillegg til ekstraordinært arbeid innan folkehelse og inkludering. Vestland fylkeskommune vil samarbeide med Vestland idrettskrets for å velje ut årets idrettslag – breidde.
Prisutdeling i desember
Prisane blir delte ut på den årlege markeringa av idretten i Vestland, som fylkeskommunen har saman med Vestland idrettskrets og Olympiatoppen vest. Arrangementet er planlagt på i Vestlandshuset i desember.
Her blir det også utdeling av prisen Årets eldsjel og utviklingsstipend til unge, lovande utøvarar. I tillegg blir det tildeling av kunstverk til idrettsutøvarar frå fylket som har teke OL- eller VM-medalje på seniornivå.