Skal styrke hydrogenkompetansen i Vestland
– Vi treng meir informasjon om kva for kompetanse våre arbeidarar treng. Dette prosjektet skal bidra til å bygge bru mellom behova i industrien og arbeidarane sin kompetanse, sa fylkesordførar Jon Askeland då startskotet for EU-prosjektet H2CoVE gjekk på Vestlandshuset.

Vestland fylkeskommune er prosjektleiar og koordinerer det europeiske samarbeidsprosjektet som skal styrke kompetansen innan hydrogen. Til saman 19 partnarar frå 5 land deltar, både utdanningsaktørar og representantar frå næringslivet. Partnarregionane i prosjektet, i tillegg til Vestland, er Nord-Nederland, Tyrol i Austerrike, Estland og regionen Precarpathian i Ukraina.
H2CoVE har fått 4 millionar euro (45 millionar kroner) frå Erasmus+-programmet for livslang læring. Det skal bidra til å realisere og oppskalere verdikjeda for hydrogen i Vestland. Det overordna målet for prosjektet er å sikre at arbeidstakarar har rett og naudsynt fagkompetanse innanfor desse nye verdikjedene for hydrogen.
Leier prosjektet i Vestland
Det er Høgskulen på Vestlandet som leier den regionale delen av prosjektet i Vestland. I den regionale partnarskapen er både utdanningsaktørar og næringslivet representert. Fagskulen i Vestland, Sustainable Energy norsk katapult senter Stord og Saga Fjordbase Holding AS er med.
– Samarbeid og kompetanse er nøkkelen til realisering av verdikjeda for hydrogenproduksjon. Vi må samarbeide innanfor og utanfor landegrensene for å lukkast. Nett difor er det bra at Vestlandet har fått tilslag på dette prosjektet, sa rektor ved Høgskulen på Vestlandet Gunnar Yttri.

Viktig med statlege incentiv
Vestland skal på lik linje med dei andre europeiske partnarregionane bygge eit regionalt økosystem for hydrogen og setje i verk tiltak for å utvikle naudsynt hydrogenkompetanse. Det er viktig at styresmaktene legg til rette for utvikling av riktig incentiv for at næringslivet kan og vil investere i hydrogen. Kompetente arbeidstakarar er ein føresetnad for å få dette til.
Klimautfordringar tvingar oss til å finne nye energikjelder og å gjere næringslivet i stand til å lukkast med dette. Å utvikle rett kompetanse er viktig. I H2CoVE-prosjektet skal det mellom anna lagast kompetansekart som skal konkretisere kva for type kompetanse det er behov for til aktuelle yrke innan hydrogen.
– Utviklinga av hydrogenverdikjedene i Europa blir anslått å skape om lag ein million arbeidsplassar innan 2030 og opptil 5 millioner innan 2050. Desse jobbane vil kreve høgt kvalifiserte arbeidarar, sa Askeland.
Vestland fylke har flest hydrogenprosjekt under utvikling i Norge ifølge ei undersøking frå 2022.
Kuttar utslepp
Hydrogen er på veg til å bli tatt i bruk til både kraft-, varme- og transportsystem i heile verda, også i Norge. I fjor melde regjeringa at Noreg og Tyskland har ein felles intensjon om å få på plass storskala leveransar av hydrogen frå Noreg til Tyskland innan 2030. Hydrogen gjer det for eksempel mogleg å utvikle miljøvenlege transportløysingar utan utslepp av klimagassar.
Betre undervising
Prosjektet H2CoVE har som mål å involvere 800 interessentar frå bedriftene i prosjektet, i tillegg til 150 lærarar på ulike yrkesnivå som skal delta i «Train-the-Trainer» program. Dette handlar om å gjere dei som underviser betre i jobben sin. Prosjektet skal gi etter- og vidareutdanningstilbod til tusen arbeidstakarar, og levere konkrete problemstillingar som utgangspunkt for studentkonkurransar (totalt 140 deltakarar) og minimum 12 prosjekt-, bachelor- og/eller masteroppgåver.

Yrkesfagleg utdanning
Midlane til H2CoVE-prosjektet frå EU kjem frå utlysinga «Europeiske senter for framifrå yrkesutdanning». Yrkesutdanning inneber her både utdanning frå fagutdanning i vidaregåande opplæring, fagskuleutdanning og heilt opp til bachelor og masterutdanning, men med ei yrkesretta tilnærming.
På samlinga i Bergen møttest førti deltakarar i prosjektet for første gong for å samarbeide. Spesielt for dette prosjektet er at ein av samarbeidspartnarane er frå Ukraina, ettersom det er eit land i krig.