Selja kloster- og helgenanlegg får eigen forvaltingsplan

Korleis skal vi ta vare på kulturminnet, samstundes som vi legg til rette for berekraftig turisme og friluftsliv, for lokalbefolkninga og for Selja som pilegrimsmål?

Ruinana etter Selja kloster
SELJA: Klosteranlegget på Selja er både sjølve klosteret nærast sjøen og helgenanlegget med steinterrassar oppi fjellsida. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Det er noko av det den nye forvaltningsplanen skal gje svar på. For å finne gode svar og for lage ein god plan, ønskjer fylkeskommunen innspel frå publikum, frå lokalbefolkning, kommunar, kyrkja, næringsliv og alle som meiner noko om Selja.

Frist for høyringsinnspel 4. november

Vestland fylkeskommune har førstelinjeansvaret for Selja kloster- og helgenanlegg og har vedtaksmynde når det gjeld dispensasjonssøknadar knytt til kulturminnet. Det betyr at det er fylkeskommunen som behandlar og vedtek søknadar om dispensasjonar knytt til ulike tiltak på eller ved ruinane. Det er no behov for å lage ein forvaltingsplan, først og fremst for å samle kompetansen om anlegget og stake ut retning for vidare bevaring

Fylkeskommune hadde eit ope folkemøte om arbeidet med forvaltningsplanen i Selje i juni. Det kom då inn mange både gode og konstruktive innspel. Fristen for å kome med fleire innspel er 4. november 2025.

Klostermurane ved Selja kloster.
Selja var bispesete for Vestlandet frå 1068 til 1170, og rundt år 1090 etablerte engelske benedictinarmunkar landets første kloster på øya. Klosteret hadde stordomstida si først på 1300-talet. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Stadig ny kunnskap vi må ta vare på

Gjennom 200 år har forskarar arbeidd med å finne betydninga av kloster- og helgenanlegget på Selja, klosterøya rett sør for Stadlandet, og den tidlege kristninga av landet. Selja har nyleg vore med i det nasjonale ruin-prosjektet til Riksantikvaren, der det har kome fram ny kunnskap om Sunnivakyrkja. Kanskje skjedde kristninga i landet tidlegare enn vi har trudd til no?

Forteljingane om Selja er ikkje ferdige, men vi må ta vare på kunnskapen som ligg i og ved ruinane, og ein forvaltningsplan skal hjelpe oss med det.

Ulike brukarinteresser

Det er mange ulike brukarinteresser knytte til Selja kloster- og helgenanlegg. Det er i dag 5–6000 besøkande årleg som ønskjer å sjå kulturminnet. Berekraftig turisme, og korleis Selje kan ta imot turistar blir eit tema i forvaltningsplanen.

Lokalbefolkninga ønskjer også ulike tilretteleggingar i samband med friluftsliv og ei aukande interesse for telting og camping i området. I tillegg blir anlegget brukt i religiøse samanhengar. Selja er nøkkelstad for Kystpilegrimsleia og er eit svært viktig pilegrimsmål. Forvaltningsplanen må såleis også ta stilling til korleis Selja også i framtida kan halde fram som samlingsstad for religiøse seremoniar.

Hav og bølgjer som slår mot land.
Øya Selja ligg like sør for Stadlandet, om lag 15 minutt med båt frå fastlandet i Selje. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Legenda om St. Sunniva

Mange har høyrt legenda om St. Sunniva og folket hennar som flykta vekk frå ein heidensk høvding i Irland i open båt utan årer og segl – om båten og følgjet som stranda på ei lita øy nær Stadlandet, og som gøymde seg oppe i ein heller på øya. Og mange har tatt turen med båt til Selja i Stad kommune og sett dei fantastiske ruinane etter Albanus-kyrkja, Benedikter-klosteret, Sunnivakyrkja og Sunnivahelleren.

Kvart år kjem det fleire tusen besøkande som vil sjå og oppleve alt dette, og lære om historia til det som skjedde på Selja i mellomalderen, frå tida då Noreg var i ferd med å formast og kristnast. Det var ei tid då konge- og kyrkjemakta kappast om fotfeste til land og folk.

Framleis er staden viktig som pilegrimsmål og fleire kjem langvegs frå for å sjå. Det er noko heilt spesielt og ufatteleg at noko slikt stort og flott vart bygd her ute i havgapet, der vind og bølgjer somme tider gjer sjøvegen både uframkommeleg og farleg. At konge, sjøfarande og folk langs vestlandskysten tok forteljinga om Sunniva til sitt bryst og gjorde helgen av henne, er kanskje ikkje vanskeleg å forstå?

Les meir på seljakloster.com.

Arbeidsgrupper

I arbeidet med forvaltningsplanen vil Vestland fylkeskommune bruke allereie etablerte samarbeidsgruppene i arbeidet med Selja for å få konstruktive tilbakemeldingar.

Arbeidsgruppa i samband med «ruin-prosjektet»

I denne gruppa sit representantar Stad kommune, Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), murar/handtverkar, Vestland fylkeskommune og Universitetsmuseet i Bergen.

Samarbeidsutvalet for Selja kloster- og helgenanlegg

I denne gruppa sit representantar frå Stad kommune, Regionalt pilegrimssenter, Allstad (tidlegare OVF), Bjørgvin bispekontor, Oslo katolske bispedøme og Vestland fylkeskommune.