Seier nei til vidare samanslåingsprosess

Vestland fylkeskommune ønskjer ikkje gå vidare til fase 2 i arbeidet med å greie ut samanslåing mellom Eviny og Sogn og Fjordane Energi.

Kraftlinje
STERKT EIGARSKAP: Det er sentralt for Vestland fylkeskommune at det i framtida er sterkt eigarskap av kraftproduksjon forankra på Vestlandet. Fylkestinget meiner likevel at ein ikkje skal gå vidare med full utgreiing av fusjon no. (Foto: Sølve Dag Sondbø, Vestland fylkeskommune)

– Vi ønskjer ikkje å gå vidare med ein slik prosess no, fordi eigarane av dei to selskapa har ulikt syn på fusjon, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Ønskjer sterkt eigarskap

Det er sentralt for Vestland fylkeskommune at det i framtida er sterkt eigarskap av kraftproduksjon forankra på Vestlandet. Fylkestinget meiner likevel at ein ikkje skal gå vidare med full utgreiing av fusjon no.

– Vi meiner det er viktig at Eviny AS og Sogn og Fjordane Energi får utvikle seg vidare på ein måte som mogleggjer det å sikre posisjonar med sterkt eigarskap på Vestlandet i framtida, og at den strategiske utviklinga i begge selskap skjer med dette i mente, seier Askeland.

Store endringar

Den norske kraftbransjen står framfor store endringar og utfordringar. Dei siste åra har fleire av kraftselskapa slått seg saman. Selskap i andre delar av landet gjer store grep for å sikre posisjonar.

– Fylkestinget ser det som viktig at kraftselskapa på Vestlandet arbeider strategisk for å sikre robuste einingar i regionen. Det er derfor viktig at kraftselskapa her vest og sikrar seg i eit nytt nasjonalt landskap med større konkurranse og sterke aktørar, seier fylkesordføraren.

Sogn og Fjordane Holding

Eigarane i Sogn og Fjordane Holding (SFH) ha saka oppe på generalforsamling den 16. desember, der Vestland fylkeskommune er ein av eigarane. Vestland fylkeskommune eig 20 prosent av aksjane i SFH og 18 kommunar frå tidlegare Sogn og Fjordane eig 80 prosent. SFH eig 49,5 prosent av aksjane i Sogn og Fjordane Energi og er såleis den største eigaren i selskapet.

Her er vedtaket frå fylkestinget 12. desember

1. Den norske kraftbransjen står framfor store endringar og utfordringar. Dei siste åra har fleire av kraftselskapa slått seg saman. Selskap i andre delar av landet gjer store grep for å sikre posisjonar. Fylkestinget ser det som viktig at kraftselskapa på Vestlandet arbeider strategisk for å sikre robuste einingar i regionen. Det er såleis viktig at kraftselskapa her vest og sikrar seg i eit nytt nasjonalt landskap med større konkurranse og sterke aktørar. Det er sentralt for Vestland fylkeskommune at vi i framtida har sterkt eigarskap av kraftproduksjon forankra på Vestlandet.

2. Vestland fylkeskommune meiner likevel at ein ikkje skal gå vidare med ein fase 2 med full fusjonsutgreiing mellom Eviny og SFE no, grunna at eigarane av dei to ulike selskapa har ulikt syn på fusjon. Vestland fylkeskommune meiner det såleis er viktig at Eviny AS og Sogn og Fjordane Energi får utvikle seg vidare på ein måte som mogleggjer det å sikre posisjonar med sterkt eigarskap på Vestlandet i framtida, og at den strategiske utviklinga i begge selskap skjer med dette i mente.

3. Vestland fylkeskommune legg til grunn at SFH sine vedtekter må endrast for at SFH skal kunne røyste positivt til at SFE tek del i ei eventuell samanslåing. Endring av vedtekter krev 2/3 fleirtal av kapitalen og stemmene i selskapet.

4. Dersom det er tilslutnad frå primærkommunar som utgjer minst 46,667 % av kapitalen i SFH vil Vestland fylkeskommune vurdera å stemme for endring i vedtekter som gjer det mogleg at SFH stemmer for at SFE tek del i samanslåing.