Samarbeid og modig leiing må til i det grøne skiftet
Ønske om etablering av eit nasjonalt kompetansesenter for yrkesopplæring i Vestland, modig leiarskap, meir samarbeid og deling av kompetanse var tema som gjekk att under Vestlandsmøtet 2024 i Grieghallen 5. januar.
Eit solid knippe foredragshaldarar var inviterte til det årlege Vestlandsmøtet som fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davis inviterer til. I år var tittelen Hastverk for eit berekraftig Vestland.
– Me skal i fellesskap i dag lage vår nyttårstale og byggje opp våre bestillingar både til kvarandre og til oss sjølve, i hastverk, innleia fylkesordførar Jon Askeland møtet med.
Lukkast Vestland, lukkast Norge
– Det viktigaste her vest er at me bidreg til at folk har arbeid og skapar verdiar i heile fylket. Difor dette møtet. Vår rolle er å samle kreftene til strategiske møteplassar der vi analyserer og definerer og handlar der i frå. Me er ein tilretteleggjar og medspelar for og saman med dykk, sa Askeland.
Fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davis uttrykte optimisme, samstundes som det er utfordringar internasjonalt.
– Klimakrisa, den skal vi løyse. Eg trur på at vi verkeleg kan kutte utslepp, skape jobbar og skape moglegheiter for ny grøn vekst. Men vi må jobbe saman. Vi treng meir kraft og meir tilgang på kraft. Vestlandet er Norges viktigaste eksportregion, og det største kraftfylket i landet. Som både Jonas og Erna har sagt: lukkast Vestland, lukkast Norge, sa Davis.
Fylkesordføraren ønsker seg endå betre samspel og dialog mellom Oslo-makta og Vestlands-makta:
– No bur om lag ein fjerdedel av innbyggjarane i landet i dei åtte største kommunane rundt Oslofjorden, medan verdiskapinga i stor grad skjer langs kysten. Korleis ha best mogleg dialog og samhandling mellom oss? oppmoda Askeland.
Vil krevje mot og store investeringar
Næringsminister Jan Christian Vestre representerte «Oslo-makta» og opna med å seie at vår tids aller viktigaste oppgåve er å gjennomføre den grøne omstillinga av heile det norske næringslivet. I tillegg la han vekt på å setje fart på omstillinga av industrien spesielt.
– Då er det sjølvsagt heilt rett å starta det nye året i vårt mest omgjengelege fylke der ein alltid har blikket retta utover i verda, og der ein stadig set nye eksportrekordar.
Ministeren applauderte arbeidet som vert gjort med Grøn region Vestland.
– Det er eit banebrytande og revolusjonært arbeid, og heilt rett tenkt. Eg heiar på det og håpar at det lukkast, og me skal jobbe saman for å få det til. Som Jon pleier å seie: «Me må bli verdsmeister i samarbeid for å lukkast med det grøne skiftet. Me er små nok til å gjere det, me er gode nok til å få det til, og me er store nok til å gjere ein skilnad.» Det meiner eg er klokt sagt og lat det vere inspirasjonen i de nye året for å lukkast endå betre med den store omstillinga me er i gang med saman, avslutta Vestre.
Samarbeid er nøkkelen
Liv Signe Navarsete, statsforvaltar i Vestland, snakka om krisehandtering, sikkerheit og beredskap, og skulle svare på om Vestlandet er budd for det som kan kome.
– Me ser at samarbeid er nøkkelen til å oppnå det me vil for Vestland, at me skal vere eit fylke i vekst, både når det gjeld det private næringsliv, frivillige organisasjonar og ikkje minst me som sit med ansvar for dei offentlege tenestene, opna Navarsete med.
Ho sa vidare at det skjer svært mykje på samfunnsberedskap- og tryggleiksområdet, med to kommisjonar som har levert sine rapportar: totalberedskapskommisjonen og forsvarskommisjonen.
– Det ligg tydelege prioriteringar, tilrådingar og endringar i dei begge. Er Vestlandet budd på å møta dei problema og utfordringane som totalberedskapskommisjonen la til grunn for sitt arbeid? Eg vil i utgangspunktet seie ja, men har me kapasitet til å kunne handtere det som kan kome oss i møte i framtida, forstår me det me står overfor, og om me forstår det, klarar me å ta konsekvensane av det tilstrekkeleg inn over oss, sa Navarsete.
Tenk forsking i alt de gjer
Camilla Stoltenberg, konsernsjef i NORCE, som forskar på demokrati, helse, ulikskap, utanforskap, klima og miljø, energi og teknologi. Ho oppmoda om å tenkje forsking i alt ein gjer, og slo fast at forskingssamarbeid løner seg for både enkeltaktørar og samfunnet som heilskap.
– Eit av mine mål er at NORCE kan bidra i møte med samfunnsutfordringar som de møter. Kanskje forskingsmiljøa bør inn i fleire fasar av dei ulike prosjekta enn dei typisk er involvert i. Teknologi- og energiforsking må kombinerast med samfunnsforsking. Eg trur dette er ein av dei viktige måtane me riggar oss på for det grøne skiftet. Me må jobbe tverrfagleg og sjå på både klimaproblem og klimaløysingar frå ulike vinklar. Når me skal byggja tillit i den grøne omstillinga, må ulike bransjar og næringar og sektorar samarbeida. Me treng tillit.
– Vil ha fleire praksisplassar
Kaja Ingdal Hovdenak, leiar for Studentparlamentet ved UiB og Inger Christin Hystad Barane, leiar Vestland ungdomsutval gjorde eit djupdykk i kvifor mange unge reiser frå Vestland etter ferdige studiar.
– Det vert utdanna folk med kompetanse me treng, men så forsvinn dei. Me må kanskje setje inn litt fleire tiltak. Me meiner at praksisplassar knytt til næring er ein stor del av løysinga. Det held ikkje at me jobbar på Olivia som servitørar medan vi studerer, sa Hovdenak.
Også fleire studentbustader vart trekt fram som eit tiltak for å få fleire til å bli verande, men og det å bli høyrd og teke på alvor.
– Gi oss plass, og bruk tida på å høyre på oss. Me skulle gjerne hatt eit støre rom, både i kvardagen og i forum som dette. Me er ikkje berre ein fin bolk de skal ha i eit program. Me er framtida og me er viktige. Ta oss unge på alvor og ta med dykk i dag at me unge trivst på Vestlandet, men skal me halde fram med å vere her føreset det satsingar på studenthus og praksisplassar, avslutta Hovdenak og Hystad Barane.
Vil ha kompetansesenter for yrkesfag til Vestlandet
Monica Mæland, administrerande direktør i Bergen Næringsråd, kom til Vestlandsmøtet med tydelege krav til styresmaktene.
– Vårt krav er føreseigelegheit, å få ein nasjonal transportplan med ramme til å løyse våre utfordringar, me treng kraft, både betre overføringskapasitet og ny kraft, og nye område for havvind. Me har òg viktige byggeprosjekt, som samlokaliseringa av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet, som kanskje er noko av det aller viktigaste som skal skje i vår tid i vår region. Det må realiserast, sa Mæland, og nemnte også realiseringa av Griegakademiet som viktig for kunnskapsbyen Bergen og kulturnasjonen Noreg.
Mæland var også oppteken av yrkesfaga, og oppmoda fylkeskommunen til å ta nasjonalt leiarskap på området.
– Regjeringa fekk for kort tid sidan ei utgreiing om nasjonalt kompetansesenter for yrkesopplæring. No har de moglegheit til å leggje dette senteret til Vestlandet. Me er størst og best på yrkesfag, og her kan me få en veldig vellykka etablering, oppmoda Mæland.
Trengst eit betydeleg taktskifte
Yrkesfag og tilgang på lærlingar var eit tema som gjekk att då Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny, fekk ordet. Ho fortalde at Eviny treng mange unge folk inn i fornybarnæringa, unge folk som ser at det vert investert i næringa og at det er ei framtid der.
– Me er utruleg stolte over ha over 70 unge lærlingar i vårt konsern. Me treng eit tett samarbeid med utdanningsinstitusjonar på heile Vestlandet for å få fleire til å velje det yrket som dette grøne skiftet er avhengig av.
Fresvik var også oppteken av at om Noreg og Vestlandet skal halde fram å vere ein stor energi- og industriregion og -nasjon, må vi erkjenne at det må eit betydeleg taktskifte til i ny produksjon av ny fornybar energi.
Tilgang på kompetanse er utfordrande
Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestlandet, runda av programmet på årets Vestlandsmøte. Etter 200 besøk hjå medlemsbedrifter i 2023 er konklusjonen hennar soleklar: Tilgangen på kompetanse er utfordrande.
– Det må bli lettare å hente personell utanfrå EU, det trengs 1700 nye it-studieplassar årleg, saman med LO og NHO-partnarskap me har lansert eit grønt kompetanseløft for litt over eit år sidan som viser kor utruleg viktig det er med yrkesfagleg teknisk fagkompetanse i det grøne skiftet. Det må me sikre at me får til. Eg ønskjer at me må få eit kompetansesenter for yrkesfag til Vestland, sa Frihammer.
Ho avslutta med eit bidrag til den nyttårstalen fylkesordføraren sa i velkomsthelsinga at han ville Vestlandsmøtet i fellesskap skulle lage:
– Me skal stå samla i 2024 i et felles partnarskap og i eit team Vestland. Me jobbar for at det skal vere verksemder som skapar liv og lys i både bygd og by, og det skal me gjere i fellesskap vidare, avslutta Frihammer og takka Vestland fylkeskommune for å vere ein brubyggar for samarbeid i fylket.
Lyst til å vite meir? Du kan sjå heile møtet i opptak på denne lenka.