Reinhaldarane i fylkeskommunen halverte sjukefråværet – no har dei fått pris

Vestland fylkeskommune har motteke Arbeidsmiljøprisen 2024 for arbeidet med å halvere sjukefråværet blant reinhaldarane.

foto av personer som har mottatt en pris
MOTTOK GJEV PRIS: Det er Fagforbundet Vestland, Utdanningsforbundet og KS som kvart år deler ut arbeidsmiljøprisen. Tildelinga fann stad under Arbeidsmiljøkonferansen i Vestland 24.-25. september. Frå venstre: Hovdustillitsvald Margunn Fosso Sande, regionsleiar Hanne Hougaard, regionsleiar Monica Tennebekk og hovdustillitsvald Dagmar Reutz Hillestad . (Foto: Vestland fylkeskommune)
 
 

Prisen vart delt ut under Arbeidsmiljøkonferansen i Vestland sist veke.  Vestland fylkeskommune mottok prisen for nærværsprosjektet «Tett på», der ein i to år har jobba med å redusere sjukefråværet hos dei nær 300 reinhaldarane i fylkeskommunen. Det var tilsette i seksjon for drift og vedlikehald som mottok prisen. Seksjonen er ein del av eigedomsavdelinga, og har ansvaret for reinhaldet i mange av bygga til fylkeskommunen, og då spesielt dei vidaregåande skulane. 

Slik gjekk dei fram

Det heile starta i 2022. Då var sjukefråværet blant reinhaldarane om lag 14 prosent, og noko burde gjerast. Områdeleiar for reinhald i region Nord og Sør, Hanne H. Bisgaard og Monica Tennebekk, gjekk difor i gang med å vurdere kva tiltak som kunne vera aktuelle, og kva som var oppnåeleg. 

I samarbeid med hovudverneombod og hovudtillitsvald såg dei på realistiske mål og moglegheiter. Målet vart sett til 8 prosent sjukefråvær, og middelet var dialog, kommunikasjon og opplæring av reinhaldsleiarane.

Tilrettelagd arbeid

Arbeidsgruppa ynskte å få fram at sjølv om ein vart sjukmeldt frå dei daglege oppgåvene, kunne ein framleis utføre andre oppgåver for arbeidsgjevar, då sjølvsagt med ei tilrettelegging. Denne tilrettelegginga kostar nødvendigvis ikkje mykje pengar, men ville krevje ei felles forståing av kva den enkelte fortsatt kunne bidra med, og kva arbeidsgjevar hadde behov for og moglegheit å legge til rette for. Nokre av utfordringane hos denne gruppa tilsette, var blant anna alle dei forskjellige språka og kulturforskjellane, og dermed korleis ein best kunne kommunisere med kvarandre. 

Reinhaldsleiarane sentrale

Arbeidsgruppa såg at opplæring av reinhaldsleiarane var noko av det viktigaste. Å trygge desse til å tørre å lede, med fokus på å fremje nærvær. Opplæringa skjedde med støtte frå NAV Arbeidslivssenter, i samarbeid med bedriftshelsetenesta, og forankra i toppen av ei styringsgruppe.

Prosjektet definerte fleire delmål, blant anna:

  • Medarbeider som står i fare for å bli sjukemeld får tett og god oppfølging
  • Medarbeider får naudsynte hjelpemiddel og rettleiing for å førebyggje yrkesrelaterte skader
  • Gjennomføre aktivitetar med sikte på å betre arbeidsmiljøet og styrkje «vi-følelsen» blant medarbeidarane
  • Kompetansepåfyll
  • Reinhaldarane har ei aktiv rolle i samarbeid med skuleleiinga
  •  

Varig halvering av sjukefråvær

Prosjektet har gitt resultat. Sjukefråværet er komen ned på om lag åtte prosent, og dette ser ut til å vere varig. Reinhaldsleiarane er blitt flinkare i kommunikasjonen om kva ein kan leggje til rette for, og dei tilsette er i dialog om kva behov ein har for å kunne vere på jobb, trass eventuell sjukdom.

– Arbeidsmiljøprisen er ein flott premie som viser at vi får til ting i lag, og er ein motivasjon til å fortsette det gode samarbeidet. Prosjektet vil bli følgt godt opp i åra som kjem, dette er noko vi må jobbe med kontinuerleg, seier Nils Endre Grønås, seksjonsleiar for avdeling drift og vedlikehald.

 – Det er eit fantastisk godt arbeid som er gjennomført med dei to områdeleiarane i spissen. Saman har vi greidd å redusere sjukefråværet, og det er eg veldig stolt av, seier Jostein Fjærestad, direktør eigedom og utbygging om den ferske tildelinga.

“Årets vinner har i et partssammensatt arbeid mellom hovedverneombud, hovedtillitsvalgt og arbeidsgiver hatt et nærværsprosjekt som har halvert sykefraværet på en stor seksjon. Prosjektet « tett på» favner et stor geografisk område, hele Vestland, samtidig som det er lokalt forankret med opplæring av lokale ledere, gjennom god dialog og tilrettelegging for de ansatte. Prosjektet har laget en felles forståelse av hva den enkelte kan bidra med, og hva arbeidsgiver har behov for og mulighet til. Komiteen ser at prosjektet både oppfyller alle kriterier for årets arbeidsmiljøpris og kan være et godt eksempel for andre partsammensatte arbeidsgrupper” .

Om arbeidsmiljøprisen

Fagforbundet Vestland, Utdanningsforbundet og KS deler kvart år i felleskap ut ein arbeidsmiljøpris i samband med den årlege Arbeidsmiljøkonferansen i Vestland. Alle kommunar, fylkeskommunen, kommunale og fylkeskommunale arbeidsplassar er moglege kandidatar til prisen, heilt ned på avdelingsnivå. Overordna for tildelinga av prisen er at det må vera eit samarbeidstiltak eller eit partssamansett arbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida og at tiltaket kan stå som eit godt eksempel for andre.