Rår fylkeskommunen til å heve ambisjonsnivået når det gjeld menneskerettar
Det kjem fram i ein rapport frå Menon Economics om papirlause menneske i fylket.
Menon har på bestilling frå Vestland fylkeskommune utarbeida ein rapport med kunnskapsgrunnlag omPapirlause menneske er folk som oppheld seg i Noreg utan gyldig opphaldsløyve. i Vestland. I rapporten konkluderer dei med stor vissheit at det er minst 200–300 papirlause menneske som oppheld seg i fylket i dag.
Rapporten med kunnskapsgrunnlaget legg fram at papirlause menneske er ei sårbar gruppe og fleire har ein krevjande livssituasjon og eit kvardagsliv prega av stor uvissheit.
Rår til å heve ambisjonsnivået
Menon kjem med fleire tilrådingar til korleis Vestland fylkeskommune bør jobbe for å betre situasjonen for papirlause menneske. Eitt av råda er at fylkeskommunen bør vurdere å heve ambisjonsnivået til å handle om menneskerettar generelt og jobbe for ein felles politisk strategi eller ei erklæring for betre menneskerettar i fylket.
Menon rår også fylkeskommunen til å ta ei tydeleg kunnskapsrolle ved å halde fram og utvide arbeidet som alt er gjort med konferansar og samarbeidsforum. Vestland fylkeskommune har så langt arrangert to konferansar om situasjonen for papirlause menneske.
Oppmodar til å tilby målretta tenester
Informantane Menon har vore i kontakt med, fortel at fleire papirlause menneske dei har møtt står i uhaldbare situasjonar. Tannhelse vert trekt fram som eit ei særleg utfordring. Vestland fylkeskommune har tidlegare gitt støtte til Kirkens Bymisjon for å hjelpe papirlause menneske til å få nødvendig tannhelse.
Menon oppmodar Vestland fylkeskommune til å tilby målretta tenester som treff behova til målgruppa. Dei peiker også på at det er viktig at fylkeskommunen går føre som eit godt døme i eiga tenesteportefølje. Såleis er naturleg å utforske i kva grad tilgangen papirlause menneske har til kollektivtransport, vidaregåande skule og tannhelsetenester betrar livssituasjonen deira.
Kven er dei papirlause menneska?
Papirlause menneske er folk som oppheld seg i Noreg utan gyldig opphaldsløyve. Det er ei svært samansett gruppe. Det kan blant anna vere
- personar som har søkt om vern i Noreg, men fått avslag
- personar som tidlegare har hatt opphaldsløyve, men blir verande etter at denne ikkje lenger er gyldig
- personar som har kome til landet ulovleg med falske dokument, menneskesmuglarar eller på andre måtar og personar som blir fødde inn i situasjonen
Det er ikkje alltid mogleg for papirlause menneske å returnere til heimlandet, verken frivillig eller med tvang. Det kan vere på grunn av helsesituasjonen, eller dersom heimlandet ikkje godtek tvangsreturar eller returar av personar utan identifikasjonspapir og verifisert identitet. Denne gruppa menneske har avgrensa tilgang og rett til offentlege tenester, og har avgrensa høve til å klare seg sjølve.
Vegen vidare
Fylkestinget får kunnskapsgrunnlaget til behandling i møtet i desember. Rapporten skal også vere tema på det neste møtet i samarbeidsforum for papirlause i Vestland, og fylkeskommunen tek det med seg vidare i arbeidet for papirlause menneske.
Les heile rapporten frå Menon Economics: Kunnskapsgrunnlag om papirlause menneske i Vestland (PDF).