Pussar opp internatbygg ved Noregs nest eldste jordbruksskule

Vestland fylkeskommune har starta ei storstilt oppussing av internatbygget ved Førde vidaregåande skule avdeling Mo. Skulen si historie går heilt tilbake til 1858.

foto av to menn foran eit bygg
SIGNERT: Kontrakt mellom Vestland fylkeskommune og entreprenør vart signert i mai. På biletet står frå venstre: Jan Tore Rosenlund, utbyggingssjef i Vestland fylkeskommune og Finn Ove Øen, prosjektleiar, Åsen & Øvrelid AS. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Førde vidaregåande skule avdeling Mo ligg ved E39 mellom Førde og Jølstravatnet. Garden Mo vart jordbruksskule i 1858, og er den nest eldste jordbruksskulen i landet som enno er i drift. Dette er også ein av få skular i Vestland med internat.  
– Fylkeskommunen gjer ein god jobb med å ta i vare bygningane sine. På Mo har det over fleire år blitt gjennomført rehabiliteringar, i tillegg til at det har blitt ført opp nybygg. Det betyr mykje for skulen og for elevane å få oppgradert internatet til dagens standard. Gode butilhøve er viktig for miljøet ved skulen, og vil gjere skulen meir attraktiv å søkje på, seier assisterande rektor Liv Horvei.

Solceller og universell utforming


Internatbygget som no vert pussa opp er frå 1969, og var i si tid teikna av den kjende Førde-arkitekten Connie Henden. I dag framstår bygget utdatert, med svært mangelfull ventilasjon og dårleg energieffektivitet. Det er i tillegg i liten grad tilrettelagt for universell utforming.  
– Rehabiliteringa skjer med omsyn til både miljø og universell utforming. Det kjem blant anna solceller på taket. Når prosjektet er ferdigstilt vil 64 nyoppussa hyblar stå klare til bruk. Sju av desse vil vere universelt utforma, fortel prosjektleiar Silje Skuset i Vestland fylkeskommune. 

teikning av bygg
VERT SOM NY: Bygget som no skal pussast opp vart oppført i 1969 og er teikna av arkitekt Connie Henden. Teikning viser fasade sørvest etter ferdig rehabilitering (Teikning: Åsen & Øvrelid AS)

Byggeperiode på litt over eit år 

Åsen & Øvrelid AS er totalentreprenør for arbeidet som starta opp 21. juni og vil vare i godt over eit år. Skulen og garden vil vere i drift under byggeperioden, og elevane blir innkvarterte i brakkerigg. Første del av rehabiliteringa, sjølve internatet, er planlagt ferdig 4. juli 2025, medan resten av rehabiliteringa vil halde fram til oktober 2025.

foto av teikning
INTERNAT: Når prosjektet er ferdigstilt vil 64 nyoppussa hyblar stå klare til bruk. Sju av desse vil vere universelt utforma. Teikningen viser fasade mot søraust (internat). (Teikning: Åsen & Øvrelid AS)

Skule med lang historie 

Førde vidaregåande skule avdeling Mo (gamle Mo Jordbruksskule) er ein av dei største i fylket, med kring 500 dekar innmark og 3000 dekar skog. 
Hovudbygningen kom på plass i 1920, i 1930-åra kom den første siloen, og i 1948 den første traktoren. Den staslege hagen med frukttre, bærbuskar, blomar og gangvegar låg der internatbygget vart sett opp. Det eldste huset i tunet no er frå 1860-åra, og var tidlegare m.a. brukt som meieri. Dei nye bygningane på vestsida av tunet med internat, matsal og kjøken kom opp i 1970, då den gamle hovudbygningen vart riven.
I 1992 vart Mo Jordbruksskule slegen saman med Heimeyrkeskulen på Vassenden og fekk namnet Mo og Jølster vidaregåande skule. I 2014 vart avdeling Vassenden lagt ned og avdeling Mo vart slegen saman med Øyrane vidaregåande skule for yrkesfag i Førde.

I dag tilbyr Førde vidaregåande skule avdeling Mo linjene naturbruk og bygg- og anleggsteknikk.

gamalt foto av folk foran stort bygg
ANNO 1920: Arbeidskarane framfor det nybygde hovudhuset på Mo Jordbruksskule i 1920. Bygget vart sett opp i samband med auka elevtal og omlegging av undervisninga. (Foto: SFFf-1989013.307495, fotograf Olai Fauske/Fylkesarkivet i Vestland)

Sjå gamle bilete frå skulen

Historia til jordbruksskulen er teken vare på av Fylkesarkivet i Vestland. Du kan lese meir om skulen si rikhaldige historie på fylkesarkivet sine sider  Du kan og sjå over hundre gamle bilete frå skulen i fotoarkivet til fylkesarkivet.

foto av mange folk foran store haugar med neper
NEPER: Elevar og lærarar på Mo Jordbruksskule samla på åkeren bak store haugar av neper. Huldefossen i bakgrunnen, Datering: ca 1915. (Foto: SFFf-1989013.180900, fotograf Olai Fauske/Fylkesarkivet i Vestland)