Prioriterer kvardagsvegane, kollektivtilbod og inkludering
Fylkestinget har vedteke neste års fylkesbudsjett og økonomiplanen for dei neste fire åra.
Dei 65 representantane i fylkestinget er samla til desembermøte på Vestlandshuset i Bergen 11. og 12. desember. Første sak på saklista var ei sak som skapte stort engasjement blant politikarane: budsjett 2025 og økonomiplan 2025–2028.
Det samla fylkeskommunale budsjettet for 2025 er på over 17 milliardar kr, der om lag 5 mrd. går til kollektivtrafikk og 5 mrd. til opplæring og kompetanse.
Justeringar frå innstilling
Samarbeidspartia Sp, Ap, KrF, MDG, SV og Venstre la saman med Pensjonistpartiet fram eit felles budsjettforslag, som fekk fleirtal i fylkestinget. Forslaget samsvarer i stor grad med budsjettforslaget fylkesutvalet innstilte til fylkestinget i møtet 26. november, men med enkelte justeringar.
Blant anna er det lagt inn 10 millionar kroner i planmidlar til flaumsikring av Storelva bru i Innvik i Stryn kommune. Det er også lagt inn 55 millionar meir i fondsmidlar for å halde takstane i kollektivtilboda i fylket på eit lågast mogleg nivå.
Trygt, grønt om omfordelande
– Vi har hatt tre overordna mål med dette budsjettet: Det skal vere trygt, grønt og omfordelande. Vi prioriterer liv og helse først, blant anna ved å setje i gang tre rassikringsprosjekt på fylkesvegane. Vi prioriterer kvardagsvegane ved å auke vedlikehaldspakken for fylkesvegane med nærare 300 millionar kroner. Det skal vere trygt å kome seg til jobb og skule. Og næringslivet skal få varene sine trygt fram, både her i fylket, til andre stadar i landet og ut av landet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
I det vedtekne budsjettet er det også sett av 145 mill. kr ekstra til tiltak som skal sikre inkludering og «innanforskap». Det er tiltak som skal gjennomførast blant anna innanfor opplærings-, nærings- og kultur- og folkehelsesektoren.
– Vi skal styrke laget rundt eleven, som eg også snakka om i talen min til fylkestinget i dag. God skuleleiing, god klasseleiing og samspel er avgjerande. Samstundes skal vi gjere det vi kan for enkeltindivid som treng hjelp for å kome seg inn i arbeidslivet. Det er viktig for individet, og det er viktig for næringslivet og industrien i fylket, slår Askeland fast.
Endeleg budsjett 2025
Det endeleg vedtekne budsjettet og økonomiplanen blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen når det er heilt klart, og alle endringar er innarbeidde.
Her kan du sjå heile budsjettframlegget til Sp, Ap, SV, KrF, MDG, SV og PP (pdf). Det vart vedteke med 38 mot 27 stemmer. Høgre, FrP, Raudt og INP i samarbeid med Bergenslisten la også fram sine alternative budsjett under behandlinga i fylkestinget.
Retting 12.12. kl 09: I første versjon av denne saka stod det "flaumsikring av Storelva bru i Utvik i Stryn kommune". Det er no retta til Innvik i Stryn kommune.